Låtefoss!

Eg avslutta jo det forrige innlegget mitt med at det skulle koma eit innlegg med bileter i frå Låtefoss – kanskje allereie på fredag. Men eg har jo hatt det aldeles for travelt til å tenkja på slikt, då eg har vore både lågt og høgt dei siste dagane. No har eg landa heime i sofaen igjen, så no kan eg by på nokre bileter i frå fossen…

Låtefoss køyrer vi stort sett rett forbi når vi er på dei trakter, men på torsdag måtte vi ta den litt meir i augesyn sidan vi hadde så god tid etter turen til Buerbreen. Vi hadde høyrt at det skulle gå an å gå opp langs fossen, men ikkje kor og kva sida. Det var stort sett fritt for turistar der denne dagen – kunne ein turistbuss med det som måtte vera eit eller anna utanlandsk filmcrew. Dei styrte i allefall veldig på med ei drone og ein svær bjelke med div. kamera på. Vi brydde oss ikkje så mykje om dette, men bli no ikkje overraska om vi dukkar opp som bakgrunnsstøy i ein indisk Bollywoodfilm på ein kino i nærleiken av deg snart 😉

Vi kikka bakom kiosken ved fossen og såg at det gjekk ein sti der. Ein veldig bratt sti. Då er det vel den vi må gå opp, tenkte vi – og så gjorde vi det. Her var det ingen tau og dra seg opp etter….Vi hadde ikkje gått så langt før vi slo fast at dette var dagens brattaste bakke… Men vi kom ikkje så langt denne vegen, berre nett opp til ein kant. Der kunne vi kikka bort på andre sida av fossen og konstantera at det var nok på den sida den «riktige» stien gjekk. Så då var det å koma seg ned att, gå over brua og litt lenger bort, og så gå opp stien der 🙂 Den var heller ikkje så lang, men vi fekk no sett fossen på litt nært hald.

img_2306

Låtefoss sett i frå stien på venstre side.

img_2307

Låtefoss sett i frå høgre side av brua. Det var skikkeleg flott med div. regnbogar som dukka fram, alt etter kor ein stod.

img_2313

Låtefoss sett i frå eit av punkta på stien på høgre sida.

img_2321

Framleis på stien på høgre side – og ny regnboge 🙂

img_2323

Og så det obligatoriske biletet med brua 🙂

Etter å ha kome ned igjen til vegen og bilen var vi særs nøgd med dagens utflukt. No gjenstod berre ein ting – å kjøpa is på bensinstasjonen i Odda og køyra heimatt 🙂

Neste prosjekt no er å sortera i alle bileta mine i frå fredag og lørdag – då var eg på kjempefin padletur med overnatting i hengekøye på Sild 🙂 Innlegg om den turen dukkar nok opp på Bobla og… 😉

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.