Heilt sidan vi padla til Sild i fjor, har Jorunn og eg vore bestemt på at den turen skal vi gjenta – med overnatting. Veret i sommar har satt ein stopper for mykje, så og denne turen. Men no har vi jo hatt nokre fantastiske dagar, så på fredag hoppa vi i det og bestemte oss for å gjennomføra turen 🙂 Svein Vidar vart og med…
Sago på Ænes 16.september 2016 ca. kl. 1900 – 22 grader celsius!!!
Dette var fyrste gang vi skulle pakka med oss så mykje i kajakkane våres, så eg var i allefall litt spent på om dette kom til å gå bra? Sovepose, stormkjøken, mat, hengekøye, ekstrakler, pute, pledd, handkle, drikke, det var ikkje måte på kva eg fekk stua i fartyet…
Det var bra sjøen låg speilblank 🙂 Og for ein flott kveld – å sjå utover sjøen var nesten som å sjå på eit maleri 🙂
Det gjekk bra å padla. Så stille som det var på sjøen denne kvelden merka eg nesten ikkje noko forskjel på tom og full kajakk. Men sjølv om sjøen ligg speilblank er det mange ulike straumingar på denne strekka. Nokre plassar må ein ta skikkeleg i for å koma seg på fram, andre plassar treng ein nesten ikkje vera nedi med åra.
Vi hadde ein fin, fin tur over og eg synes vi nådde Sild forholdsvis raskt. 30-40 min., trur eg vi brukte. Vi hadde bestemt oss for å slå leir inni same vika som vi padla til i fjor. Vel på plass, meinte Svein Vidar og eg at det hadde vore fint å tenna bålet oppå berget med utsikt heimover. Jorunn ville ha det nede i stranda – ho meinte at det kom til å bli så mørkt at vi kom jo ikkje til å sjå noko likevel og at vi kom til å få problem med å koma oss ned på strand i igjen i mørket. Etterkvart måtte vi gje ho rett i dette – så då blei det bål i stranda 🙂
Eg hadde planlagt å sova i hengekøya mi, medan Jorunn og Svein Vidar skulle sova i telt. Og det vart mykje løye utav teltet og egna/uegna teltplass. Vi trudde jo at det var nesten full flo allereie då vi kom bort, men vi (les Svein Vidar) måtte stadig dra kajakkane lengre og lengre opp på land – og nærma ikkje sjøen seg…
….teltet og??
«Neida», påstod Jorunn hardnakka – «kan skjøna ikkje vatnet kjem så høgt!» Men det ville liksom ikkje stoppa å flø..»Trur du ikkje vi skal flytta teltet??» «Neida, det går så bra!»» JORUNN! No står teltet i sjøen!» «Nei, det gjer jo ikkje det!» Eit raskt sveip med hovudlykta bort på teltet som byrja flyta i vatnet, og Jorunn kunne ikkje lenger påstå at teltet stod tørt…
Ein rask redningsaksjon og teltet var brått flytta opp i «fjellsida» 😉
Teltplassen var heilt oveflaumd…
Medan vi fylgde med på flo og fjøre – mest flo då, sjølvsagt – kosa vi oss med bål, pølsegrilling og god drikke.
Om bålet gjekk fri for floa? Åneida, det skvulpa og fresa godt nederst i glohaugen ei stund 🙂
Bålet denne kvelden var jo mest for kosen sin del – vi hadde ikkje trengt noko bål for å halda varmen. Dette vart jo ein utruleg varm kveld – og det midt i september! Det må jo ha vore tropenatt??
Fullmåne var det og, men pga. skyene fekk vi ikkje sett så mykje av den. Men utpå natta fekk vi no små glimt av han.
Vi kosa oss både vel og lenge og hadde mange gode samtalar og diskusjonar utover natta…
…blandt anna om dette var ein frosk eller ei padda? Svein Vidar og eg meinte det var ei padda, Jorunn var skråsikker på at det var ein frosk! Padda hadde nemleg vorter. «Jammen, denne har jo vorter!» Men det var ikkje rett vorter, meinte ho. «Jammen, denne går – den hoppar ikkje, så då må det vera ei padda!» Nei, då det var framleis ein frosk…»Eg trur frosken har lengre bakbein..» Etterkvart fekk vi overtydd ho om at det var vi som hadde rett – det var nok ei padda. Så då gjekk eg ukyssa til køys denne natta og…
Og det gjekk lang tid før vi kom oss i hengekøye og teltet denne natta. Heilt til kl. 02.30 sat vi ute rundt bålet. Då hadde sjøen trekt seg så langt tilbake at teltet kunne flyttast ned att på teltplassen 😉
Eit magisk bilete Jorunn tok før teltet måtte flyttast 🙂
Flo og fjøra hadde forøvrig sjølvsagt ikkje vore noko problem for meg som skulle i hengekøya 🙂 Og tenk, eg som plar liggja med sommarsovepose inni den tjukke soveposen, tjukke klær og gjerne dyne om eg får den med meg, kunne no kun sova berre i den tjukke soveposen og eg drong ikkje eingong dra den heilt igjen! Ja, så varmt var det faktisk! Så varmt at det ikkje slo seg på bakken eingong – det var heilt tørt!
Eg søv fantastisk godt i hengekøya mi, nesten som om eg må vurdera å henga ho opp på soverommet mitt 😉 Og då eg vakna laurdag morgon, såg eg rett ut på dette 🙂
Dette var ein flott plass å sova og vakna 🙂
I denne enden av campen var dei og vakne. Klokka var faktisk blitt 09.30 allereie…
Camp Cosy 🙂
Vi tok oss tid til at Jorunn og Svein Vidar fekk koka seg ein kopp morgonkaffi før vi rydda campen. Vi hadde nemleg bestemt oss for å padla rundt Sild før vi padla tilbake til Ænes. Frukosten hadde vi tenkt å ta når vi kom rundt på andre sida og kunne kikka mot Ænes igjen.
Klar for ny padletur 🙂
I «sundet» mellom Sild og Varaldsøy var det ganske uroleg sjø, men det gjekk likevel greit å padle. Dog var det greit og koma rundt på andre sida igjen og til rolegare sjø. Vi gjekk i land på eit skjer framom den lange trekaien på sida mot Ænes.
Strandhogg for å innta frukost. Furubergsfossen i det fjerne.
Obligatorisk rett på Sild: Pannekaker med krem og blåbærsyltety 🙂
Det var kjempefint på denne sida av øya og. Reint sånt campingmessig enda finare og betre enn der vi hadde slått leir. Her var det flatt, mjuk skogbotn og plass både til telt og hengekøyer. Neste tur til Sild, for det blir nok ein neste gang, skal vi slå leir her 🙂
Mette og gode kunne vi gjera oss klar til siste etappe mot Ænes igjen.
Lika heldige med «føret» på laurdag som på fredag 🙂
Nærmar meg enden på turen for denne gang.
Ja, det var turen sin det! Vi kunne vel ikkje hatt det finare enn dette – full sommar både dag og natt midt i september 🙂 Det skal litt til for å toppa dette!
Jorunn og eg hadde forøvrig ikkje så god tid på å dvela ved denne turen – vi skulle rett heim, dusja, få i oss litt mat, pakka om sekken og ta ut på neste tur: Jentetur med overnatting på ungomslagshytta Fjelly ved Mannsvatn! Det kjem nok eit bobleinnlegg frå den turen og…
PS! Bileta i dette innlegget er ei salig blanding av mine, dine og våres 😉