Hyttetur på Fjelly stod på programmet sist lørdag, så vel heima i frå turen til Sild var det berre å hiva seg rundt og pakka sekken for fjelltur. Fire damer var vi som skulle overnatta på ungdomslagshytta Fjelly ved Mannsvatn.
Kl. 1800 var stod vi klare oppi dalen. Dvs. 3 var klare, medan ei hadde forsove seg… Eg nemner som vanleg ingen namn, men det tok ikkje lang tid før alle var klare til å køyra til fjells – inkludert Jorunn 😉 Eg vedgår glatt at vi «juksa» og køyrte opp Pålavegen – vi hadde tross alt veeeeeeldig tunge sekker!
Det var litt spesielt å koma over fjellet og sjå Mannsvatn nedtappa. Det hadde dukka opp både steinar og skjer i vatnet som ellers ikkje er synlege. Langs elveutløpet nedanfor hytta var det nesten blitt grøne bakkar. Det er sikkert ulike meiningar om dette, men vi var i allefall einige om at vi syntes dette var eit fint syn 🙂
Det var ikkje same temperaturen her som kvelden/natta før på Sild, men ein flott kveld var det. Vi sat ute både vel og lenge her og 🙂
Det er ikkje berre Mannsvatn som har fått ein ny «look» sidan sist vi var her. Vi visste at det var blitt gjort ei oppgradering inne i hytta, men at det var så omfattande som det var, hadde vi ikkje venta. Vi vart skikkeleg positivt overraska når vi trødde over dørstokken – hytta var blitt både lysare og meir open. Ein har fått plass til eit koseleg, relativt stort, lyst kjøken ved å fjerna to senger langs den eine veggen i «stova» – eit fornuftig valg. Det er framleis to senger i «stova», i tillegg er det to soverrom og hems, så det er framleis nok av sengeplassar. 🙂 Eg skriv «stova» i hermeteikn for eigentleg er det berre eit stort rom med kjøken, spisekrok, sofagruppe og to senger i etasje. Deler av taket og etasjesenga er mala kvit og nye, lyse gardiner er komen i vindauga. Vi var veldig nøgd med oppgraderinga – dei som har stått for dette har gjort ein god jobb 🙂
Ingen av oss tenkte på å ta bileter inne for å dokumentera denne oppgraderinga, men ein får eit lite blikk av det her 🙂
Det einaste vi sakna var altanen som var fjerna utanfor hytta, men det kjem vel kanskje ein ny?
Utpå kvelden luska vi oss inn for å laga litt mat. Taco stod på menyen denne kvelden, og for eingongs skuld hadde vi fordelt kven som skulle ta med kva – og det fungerte! Vi hadde nesten ikkje dobbelt, tredobbelt eller firedobbelt av noko 😉 Eg med mine matvaner har vel ikkje lov å kikka på andre, men tre av oss syntes dette såg ganske så spesielt ut…
…MAJONES på taco??? Ann Irene, derimot, syntes dette var heilt normalt…
Det er løye med det når ein sit i ei god og varm hytte, har ete seg mett og kost seg med litt godt i glaset – då sig det fort på. Vi snakka om å spela kort, men vi fann vel ut at vi rett og slett ikkje var vakne nok til å konsentrera oss om det 🙂 Eg trur ikkje klokka var så altfor mykje før vi sa god natt og kraup til sengs.
Eg hadde sikra meg den eine senga i stovekroken, medan dei andre fordelte seg i sengene på soverromma. Sånn ca. kl. 0700 søndagsmorgon vaknar eg og ser ut vindauga rett på…
….ein stor fullmåne. (Som sjølvsagt ser ut som ein liten prikk når ein prøver å ta bilete av den).
No var det ikkje tid til slumring – eg spratt opp av senga, heiv på meg kler og sko og pilte ut for å prøva å fanga morgonstemninga ved Mannsvatn 🙂
Det var ein magisk morgon – fullmåne samtidleg som sola haldt på å stå opp 🙂
Eg var høgt og lågt, att og fram, hit og dit og knipsa bileter i hytt og dynever. Når Ann Irene omsider lista seg ut av hytta for å trekkja litt frisk luft, stod eg på ein haug nede ved elva og ulte mot månen 😉 Etter ei stund klarte eg ikkje halda meg lenger, eg måtte banka på vindauga til Jorunn og Magnhild for å informera dei om at dei gjekk glipp av ein magisk morgon om ikkje dei kom ut. Det kunne dei jo ikkje ha på seg, så når…
….sola byrja skina på toppane, framleis med fullmånene oppe, var alle 4 klare for ein ny, fin dag i fjellet 🙂
Snart låg heile Mannsvatn bada i sol 🙂
Vi hadde ikkje nokon store planar denne søndagen, ei heller hadde vi det travelt med å koma oss ned frå fjellet. Vi laga oss ein god frukost, og så fann vi ut vi skulle gå inn til Vatnastøl. Det er blitt ein liten tradisjon når vi er her 🙂
Det var ein fin og varm søndag i fjellet, men her oppe merkar ein no godt at høsten er komen, både med tanke på fargar og den skarpe lufta.
I stadenfor å gå same vegen tilbake, valgte vi denne gangen å gå rundt vatnet tilbake til Fjelly. Det går sti på andre sida og, så det gjekk greit å gå den turen. Tilbake på hytta gjenstod det å pakka sakene våres, rydda og vaska ut etter oss før vi køyrte heimatt.
Dette var ein koseleg og fin hyttetur, og vi kan absolutt anbefala andre om å leiga Fjelly for ei natt og to – eller fleire. Det er i allefall ikkje siste gang vi er her 🙂