Av og til får eg det over meg – bør ikkje du, Anita, og vaska og rydda litt no? Alle rundt meg veit at eg er heilt blotta for husmorgen når det kjem til husarbeid – det fyrste eg skal skaffa meg når eg vinn i lotto er hushjelp..(må berre byrja tippa lotto fyrst)..
Det er mogleg eg må mala over «kreativitet» og erstatta det med «Netflix» hvis ikkje eg klarar å ta meg i saman snart…. (Jada, det mest kreative er vel å la «kreativ» og «husarbeid» byta plass…)
Vel, vel, eg HAR faktisk vaska pittelitt og sveipa over golva med støvsugaren så langt i dag. Men akkurat idet eg tenkte at golva måtte vaskast slo tanken ned i meg – finnes det ikkje noko kjekkare eg kan ta meg til i dag??? (Dei som har fulgt med på Bobla ei stund trur kanskje at no har eg satt meg ned og skrive nytt brev til Dimmelsvik Bil, men så gale fatt var det ikkje 😉 …) Derimot tok eg meg ein tur inn til…
…hobbykroken min! Som dåke ser – lika ryddig og velorganisert som resten av huset 😉 Det er vel ikkje naudsynt å seia at blomster og planter ikkje står høgt opp på hobbylista mi, men det er jo med då, på eit vis…
Eit kjapt stup inni alle desse posane og eg har funnet litt av kvart eg kan bruka som orsak for ikkje å fortsetja husvasken…
Her gjenstår det faktisk berre å festa dusken! Ei hua som forøvrig vart altfor stor for mitt lille hode etter damping. (Eg dampa hua altså – ikkje hovudet) Mogleg basargevinst, altså.. 😉
To nesten ferdige ugler! Det er jo gjort i ein fei å få ferdig disse, eigentleg.
Akk – her visste eg ikkje kva eg byrja på. Eg fekk jo litt hekledilla, sjølv om eg ikkje kan hekla, når eg gjekk permittert i fjor vinter. No har eg ørten av desse rutene som eg må finna ut korleis eg skal hekla i saman slik at dei kan bli eit teppe eg kan dekka anleggsmaskinførardelen av sofaen min med. Vel og merka når anleggmaskinføraren ikkje er tilstades..
Jorunn skal få seg laaaaaaange leggvarmarar som matchar hengekøya hennar 🙂 Her må eg berre gidda å svippa nedom Sæbøvik og kjøpa meir garn ein dag..
Jada, eg har visst meir enn nok eg kan henga fingrane i hvis eg vil. Akkurat no kjenner eg at eg eigentleg har skrekkeleg lyst på nybaka eplekake med krem… ein tur på butikken å kjøpa epler kanskje…. 😉
Haha, kjenner meg igjen! 🙂
LikarLikar