Det var eit strålande haustver når eg stod opp i dag, så det måtte sjølvsagt nytast ute i det fri 🙂 No har eg brått huska på at eg har ein lydbokapp på telefonen min, så med ny bok på øyra starta eg turen opp Ståle sin veg.
Flotte fargar og skarp haustluft!
Vegen er rusta opp eindel sidan sist eg gjekk her og er no gruslagt nesten heilt til toppen. Eg vil anta at det er blitt gjort i samband med at dei bygger det nye kraftverket på Haugland – det er vel eindel køyring opp og ned her for tida.
Utsikt mot Solfjell og bortover mot Mannsvatn. Det er (nesten) umogleg å sjå, men i dette biletet befinn det seg minst 13 personar!!!
Kvitt på toppen av Melderskin i dag – då veit vi kva veg det går no…
Etter å ha skrive meg i boka på Storhaug bestemte eg meg for å gå ned til Ådnaklett og ned Tormod sin veg.
Kjekt å sjå ein er på rett veg 🙂
Utsikt mot Ulvanåso og Børsdalen.
Eg er ikkje så veldig glad i stien ned mot Ådnaklett, synes den er veldig langdryg. I dag var den og veldig våt og sleip, ikkje heilt unormalt det heller. Eg tok den bratte stien ned i frå toppen og antar den korta litt ned på distansen før eg kom inn på den T-merka stien att, for eg synes det gjekk litt kjappare å koma seg til Ådnaklett enn det plar gjera.
Flott utsikt over Uskedalen og Skorpo.
Her har eg kome ned til Ådnaklett. Nestemannn som går opp her må ta med ny bok. Eg opna boksen, tok eit blikk på den lefsa av ei bok som låg der, og lukka boksen att. Eg brydde meg ikkje med å prøva å finna ut kor eg kunne skriva namnet mitt..
Utsikt opp dalen på veg ned Tormod sin veg. Det er så igjen grodd her no at det er ikkje sikkert vi kan kalla det ein veg så mykje lenger.
Vel nede var det berre til å traska opp dalen igjen på bilhenting og så køyra heim i kakebsøk hos han far 🙂