Haustkveld på Vetrhus!

I går ettermiddag pakka Ann Irene og eg med oss kveldsmat, dunjakker og kamera og sette kursen mot Vetrhus i Blådalen etter jobb. Det fine haustveret held fram, og vi berre MÅTTE ut på tur..

dsc_1481

Vi køyrte til endes av vegen.

Vi har vore inn her oppe og snudd med bil tidlegare, men vi har aldri vore på tur til fots her. Vi hadde planlagt telttur i området her tidlegare i sommar, men den planen regna sjølvsagt vekk. No ville vi ta ein liten tur i terrenget her for å sondera litt med tanke på seinare turar både med og utan telt 🙂

Vi kom inn på ein godt synleg sti med eingong, men det står ingen skilt i området om kvar stien går til – i allefall traff ikkje vi på nokon skilt. Stien er heller ikkje T-merka, men den er merka med raude prikkar. Eg tippar på at stien fører ned til Eikemo, men eg skal ikkje stå bombastisk på det. Er det nokon som kjenner til kvar stien går til må dei gjerne gje ein liten lyd 🙂

Okkesom, vi hadde ikkje gått så langt før vi kom inn til eit vatn med fleire små vatn/dammar hist og pist.

dsc_1491

Litt «melis» på toppen forut, gitt 😉

dsc_1488

Ser ganske grått ut her, men det var veldig fint her. Litt anna terreng enn vi er vane med å gå tur i på desse kantar, syntes vi.

dsc_1485

Av og til, eller ganske ofte her, kan ein undra seg på korleis ting har…

dsc_1493

….hamna der dei ….

dsc_1492

….ligg/står???

dsc_1498

Det er noko småkupert her, men det er ikkje noko krevjande terreng å gå i.

img_2639

Vi skulle ikkje på noko langtur, men vi måtte jo inn å sjå kva som skjulte seg her inne 🙂

dsc_1500

På vegen traff vi på årets fyrst is på vatn. Det var jo slett ikkje SÅ kaldt i fjellet at det skulle frysa på, så vi konkluderte med at dette måtte vera ein mørk plass på kartet kor det fraus på om natta og ikkje rakk å tina om dagen….

img_2642

Vi kom jo sjølvsagt ikkje inn i sola igjen, men vi kom i allefall inn til eit nytt vatn.

img_2643

img_2644

Lengre enn dette gjekk vi ikkje i går. Stien byrja no å gå nedover og vi måtte jo og tenkja på å koma oss tilbake til bilen før det vart heilt mørkt.

img_2659

Eg har ikkje talt kor mange bileter er tok av denne fjellformasjonen, men eg må ha vore veldig fasinert av den, i allefall 😉

img_2667

img_2677

Vi fekk med oss ein flott solnedgang på tilbakevegen. Det var ikkje mørkt som det ser ut på biletet – vi rota ikkje rundt i blinde her 🙂

Vel nøgd med denne vetle turen vår, køyrte vi litt tilbake langs vatnet til ei lita avkøyrsla kor det er laga til ein flott rasteplass av stein. Nu var det tid for litt kokkelering 🙂

«img_2679

Ann Irene rører i tomatsuppa på stormkjøkenet. Med ekstra makaroni, hardkokte egg og rundstykker vart det ein riktig så god kveldsmat. Og ikkje nok med det – til dessert hadde vi sjokolademousse med nykokt vaniljesaus. Mmmmmm….vi to er dei einaste som går til fjells for å gjøre oss fete 😉

img_2684

Såg det ikkje koseleg ut? 🙂

Litt kaldt var det vorte no, men vi hadde jo forberedt oss med å ta med varme kler så vi fraus ikkje. Innan vi var ferdige med måltidet vårt var det blitt ganske så mørkt – vi måtte bruka både billysa og lommelykta på mobilen for å sjekka om vi hadde fått alt med oss før vi køyrte heimatt 🙂

Dette var ein kjekk tur og kanskje vi nyttar på å kombinera tur og kveldsmat ein anna kveld og – i fylgje vermeldinga er det jo ingen ende på finveret for tida 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.