….hadde ikkje hatt noko å stilla opp med mot Ann Irene og meg i går! Eg har fått tillatelse av Ann Irene til å seia at gårsdagens tur til Børsdalen kvalifiserte til årets fyrste bad!
Det hender at vi vert overraska av ei regnskur og to på turane våres, men vi legg vanlegvis ikkje ut på tur i regnver. I går gjorde vi eit unntak i eit forsøk på å ta til oss ordtaket «det finnes ikke dårleg ver, berre dårlege kler». I ettertid kan vi vel skriva det om til at «det finnes både dårleg ver og kler» 😉
Vi starta med å køyra så langt inn i Tveitedalen som vi kunne.
Regnkler måtte på allereie i det vi steig utav bilen.
Og hadde det enda ikkje gått opp for oss at dette kom til å bli ein våt tur, gjekk det i allefall opp for oss her – allereie etter 10 meter møtte vi fyrste «hinder» 😉
Børsdalen og Børsdalselet var altså målet i går.
Det er ikkje den mest spanande plassen å gå tur dette her. Det er vel heller ein både langdryg og kjedeleg tur i skogen langs elva…
…..og det er ikkje så mykje å sjå.
Men etter ei stund opnar dalen seg litt opp, og då er det ikkje så verst å gå her.
Litt innlagte hinder her og der. Dette er mitt «sjå litt skremt ut» uttrykk, men etter turen vår til Bjørndalsetra var jo denne klatringa berre «a walk in the park» 😉
Dette var ein ny variant for oss. Og nei, stegen var ikkje medbrakt – den stod der då vi kom 🙂
Litt utfordringar fekk vi jo på turen, sjølv om dette ikkje er noko krevjande tur. Det at stien enkelte stader går heilt i elvekanten var litt problematisk. Dvs. kan henda den ikkje går HEILT i elvekanten til vanleg, men med slike mengder vatn som kom både vannrett og loddrett i går, så måtte vi improvisera litt for å koma oss vidare. Det ligg og stort sett stein i stien i frå start til mål på denne turen, og i går ført det til ekstremt glatt føre. Ulike fallteknikar gjorde at eg kom heim med ei litt forslått skinke og arm, medan Ann Irene kom heim med øydelagt fot – i skrivande stund veit vi ikkje kor ille sistnemde er.
Okkesom, her er vi komen så langt at vi kunne sjå fjorden når vi såg oss tilbake.
Då var vi komen inn til denne vetle hytta, og då visste vi at vi ikkje hadde så altfor langt igjen til Børsdalselet…
….vi skulle berre rundt «svingen», over ei lita ur og så gå langs vatnet..
….og brått så låg selet der framfor oss 🙂
Børsdalselet – dette var og eit flott restaurert sel!
Dette var nesten det beste synet – at det var ved her så vi kunne fyra i ovnen og forhåpentlegvis få tørka litt av kleda våre før vi skulle gå heim att 🙂
Børsdalselet er open for alle, så: Velkomen inn 🙂
Utsikt ut i frå vindauga og døra.
Ja, her var det koseleg å vera. Vi rigga oss til så godt vi kunne. Ann Irene fekk raskt fyr i omnen og vi fekk vrengt av oss våte kler. Det var ei lukka at ullgensaren eg hadde pakka i sekken min viste seg å vera ei ullbukse, for regnbuksa mi hold ikkje mål i går i det heiletatt. Så fekk eg heller kle på dunjakke oventil. Vi skreiv oss inn i manntalet og vi kosa oss med nista vår. Det tok ei stund før vi fekk varme i frå omnen, men etter ei stund vart det god lunk i selet.
Kaldt steingolv er ikkje noko for våte, kalde føtter, så då er det ikkje så verst at ein kan trylla fram eit golvteppe i frå sekken 😉
Og medan Ann Irene hadde høgtlesing av dikt i frå Magne Heien si bok «Gjest»…
…designa eg…
….ankelhøge, lette, innesandaler til tursko. Eg var meget nøgd med designet faktisk- praktisk og røft!
Eg trur faktisk vi sat i selet i over to timar før vi gjorde oss klar til å returnera til Tveitedalen. Då kunne eg ta på meg nesten tørre regnkler og eg gleda meg nesten til å testa om det nye skotyet mitt haldt mål 🙂
Det regna om mogleg enda meir på tilbaketuren vår og vannstanden i vatnet og elva hadde i allefall ikkje minka. Enkelte stader stoppa vi opp og klødde oss litt i hovudet – gjekk vi her i stad? Så måtte vi improvisera oss litt høgare opp i terrenget her og der på tilbakevegen og. Og medan eg var veldig nøgd med mitt nye skoty, var ikkje Ann Irene så nøgd med sitt. Men så hadde no ho gått for den litt simplare varianten med materiale i frå fruktdisken i frå Spar på Valen, og det haldt ikkje mål i går…
….dermed var det heller ikkje snakk om å ta av seg skoa for å koma seg over elva denne gangen 😉
Medan Ann Irene etter alle solemerker ikkje kom seg tørrskodd heim, kunne eg nøgd konstantera at eg var både tørr og varm når eg tok av meg mine sko heima i gangen. Eg må kanskje ta patent på dei innesandalane 😉
Ein skrekkeleg våt tur vart dette, men det var likevel ein fin tur med mykje lått og løye. Denne turen vil vi og anbefala andre å ta, men vent til det blir tørt i veret igjen, hvis ikkje kan ein fort enda opp slik som…
….dette. No kan vi kanskje ikkje skulda hverken veret eller glatte steinar for dette, Ann Irene trakka rett og slett ned i ei hola som var dekka av mose og gras og dermed ikkje synleg.
Det er heldigvis ikkje så ofte vi har slike uhell, men no blir det vel nokon dagar før vi kan leggja ut på tur igjen.