…kva har eg gjort no???», tenkte eg då eg la meg tirsdagkveld. Eg var stygt redd eg hadde lova meg vekk på ein fjelltur eg aldri i livet kom til å klara å gjennomføra! Og på toppen av alt så var det mitt forslag…
Dei siste dagane har eg vore både til Eikehytta og Låganåso, så då meldinga frå Ann Irene kom tirsdagkveld om tur på onsdag, frista det ikkje så mykje med ein laaaang, bratt fjelltur. Eg er, som dei fleste veit, ikkje så veldig glad i oppoverbakkar… Slik var kommunikasjonen (eg i grønt):
Bjørndalssetra?? BJØRNDALSSETRA??? Skreiv eg verkeleg BJØRNDALSSETRA??? Eg angra i same sekund meldinga vart sendt. Eg har nemleg vore på Bjørndalssetra eingong før – då eg gjekk siste året på allmenfag og måtte ha Friluftsliv i valfag då ingen andre valfag passa inn i timeplanen min. Den turen har eg heilt fortrengt – eg huskar kun at det var så bratt at vi måtte dra oss opp etter tau og at det var gysla bratt ned att. Og no, når eg eigentleg ikkje vil gå ein bratt fjelltur, presterer eg å foreslå denne turen til Ann Irene???
«La det regna, ver så snill og la det regna», tenkte eg på då eg vakna onsdag morgon. Det regna ikkje! Så då var det ingen veg utanom – det var berre å gjera seg klar til å plukka opp ho som venta og trippa etter å koma av gårde.
Lovlydige som vi er, parkerte vi på parkeringsplassen før skogsvegen inn i Muradalen. Vi har vel høyrt etterpå at det ikkje hadde vore noko krise om vi hadde køyrt inn…
Det var jo perfekt turver denne dagen. Passe varmt og litt yr innerst i Muradalen.
Turen til Bjørndal er ikkje merka og det er, her i byrjinga av turen, veldig viktig å gå i den retninga skiltet viser – sjølv om det ikkje ser heilt rett ut.
Ein skal opp stien som går langs denne fossen.
Og når eg skriv opp, så meiner eg OPP! Her går stien nemleg berre ein veg – opp, opp, opp! Med yr i lufta og vått, høgt gras rundt stien tok det ikkje lang tid før vi var våt frå tå til pupp… Men det gjorde ingenting – det funka som naturleg avkjølingog eg syntes det gjekk veldig greit å gå her.
Ann Irene i fint driv oppover.
Tilbakeblikk ned i dalen.
Eg veit ikkje kor lenge og langt vi hadde gått før vi kom til fyrste hengebru på denne turen – og fyrste glimt av Ringeriksfossen..
Vel over på andre sidan er det ikkje så lett å sjå kor stien går vidare. Det er eindel ur og stein her, men om ein ser godt etter ligg det små steinvardar og viser vegen.
Fantastisk flott!
Framleis ved godt mot, men no…
…skulle vi opp langs venstre side av fossen. Går det eigentleg an??
Det såg bratt ut. Det såg veldig bratt ut. Men stien gjekk jo oppover ura, så då måtte vi jo berre fylgja den. Eg, som hadde gått her før, var ikkje til noko som helst hjelp – eg huskar som sagt meir eller mindre ingenting av den turen. Eg kan ikkje huska å ha sett fossen før eingong..
Men her dukka det eine minnet eg har opp – tauet til å dra seg oppetter fjellsida med.
Det skjedde noko på denne turen som vanlegvis aldri skjer på turane vi går på – Ann Irene sendte meg fyrst i løypa! Sannsynlegvis for å forsikra seg om at om eg skulle trå feil, så skulle ikkje ho gjera same tabben. Sjølv syntes eg at eg bevega meg som ein smidig røysekatt oppover fjellsida – drog meg opp etter armane og løfta beina så høgt at knea snissa øyrene..Bak meg kom det stadig nye utbrudd – «flat fjelltur, liksom», «vil ikkje gå oppoverbakker», «dette er søren meg den brattaste fjellturen eg nokon gong har vore på!!» etc. etc. Eg prøvde å trøysta med at «Men, vi var jo einige i at vi kunne ha lyst til å prøva fjellklatring!» Men for vår del kunne det godt ha vore enda meir tau og kjetting opp her. Spesielt i går når det hadde regna var det ganske glatt – Ann Irene vurderte til og med å ta av skoa og gå på sokkane opp. Vi vart vel og einige om at det ikkje var aktuelt å returnera denne vegen – med mindre vi var nøydde.
Men opp kom vi, og eg var…
…strålande nøgd meg å ha nådd toppen! Og best av alt, og heilt imot normalen – eg fantes ikkje sliten 🙂
Herifrå går stien vidare til venstre langs vatnet. Kor langt vi skulle nå før vi nådde Bjørndalssetra ana vi ikkje, og eg kjente meg ikkje igjen her oppe heller..
Ei hengebru til – ein skal vel hverken ha høgdeskrekk eller angst for hengebruer om ein vil gå denne turen.
Det var jo fint her.
No gjekk stien vidare langs eit nytt vatn. Og vi gjekk og vi gjekk, innimellom klatra vi litt igjen, og så gjekk vi og gjekk vi…
Idyllisk.
Det var jo fint og flott her, men var vi på rett veg?? Skulle vi verkeleg gå så langt før vi kom til Bjørndalssetra? No hadde vi gått så langt å lenge av vi byrja bli litt i tvil. Dvs. det var eg som var i tvil..
Har dåke sett – ei hengebru til 😉
Utruleg flott!
Og så – augneblinken som burde vore på video. Her byrja stien gå litt oppover att og framleis såg vi ikkje snurten av Bjørndalssetra. «Nei, dette må vera feil», slår eg fast. «No går vi jo oppover igjen – vi må jo vera på veg til Bjørndalstraversen no! Eg trur vi må snu». Ann Irene går to (2!) skritt til – «Kva er det då?»..
BJØRNDALSSETRA
Er det mogleg?? Hadde graset vore slått hadde eg sett setra når eg ytra mine tvil og var klar til å snu og gå tilbake for å sjå om vi hadde bomma på ein sti.
Og for ei flott seter..
Dette er jo sånn ein eigentleg berre trur det ser ut i eventyr 🙂
No var det to blide tøtter som fann seg kvar si helle å sitja ned på å innta ei velfortjent niste. Ei lita regnbyge kom forbi, men det letta heldigvis igjen.
Heldige for oss var det og at det kom eit par som budde på setra heim frå molteplukking medan vi sat der, for då fekk vi peika ut alternativ rute heimatt…
…opp langs steinura til høgre over vatnet her!
Sidan vi absolutt ikkje ville klatra ned langs fossen igjen, la vi no ut på denne alternative ruta heimover. Det vart jo i bunn og grunn ein fjelltur nr. 2.
Mektig tilbakeblikk i det vi kom lengre og lengre opp i høgda.
Der nede kom vi opp for nokre timar sidan!
Vi slapp å gå i tau her, men vi kan vel seia at vi syntes det var ein luftig tur vi hadde lagt ut på no og. Det var enkelte stader langs fjellsida vi rett og slett snudde ræva til heile utsikta og konsentrerte oss om å setja den eine foten framfor den andre. Omsider runda vi fjellet og då vart det heldigvis slutt på å smyga seg langs ei fjellside.
Ringeriksfossen sett frå oven. Denne utsikta fekk vi når vi runda fjellet og kraup litt utanfor stien 🙂 Og tenk – stien opp gjekk langs venstre side av fossen!
Utsikta når vi endeleg hadde runda fjellet og skulle gå ned mot Muradalen igjen. No vart det meir fjelltur slik vi er vane med.
Rosendal
Det vart ein bratt og lang tur ned og, men likevel var vi einige om at dette var å foretrekka framfor å klatra ned langs fossen at. Men vi var og einige om at vi aldri kom til å gå opp denne vegen – den var altfor lang og bratt – så vi hadde nok mista motet lenge før vi hadde nådd toppen. Så vi anbefaler å ta turen om fossen på veg opp.
Endeleg var vi nede att – vi enda no opp omtrent halvvegs inn i Muradalen.
Dette må ha vore ein av dei flottaste turane vi har vore på! Den hadde alt – oppover, bortover, klatring, fossar, bruer, eventyrutsikt, luftig utsikt etc. etc. Denne turen kan vi sterkt anbefala – kanskje bortsett frå til dei som har høgdeskrekk 😉
No må eg berre stålsetja meg for alle ironien og sarkasmen eg kjem til å få høyra i frå Ann Irene i laaaaaang tid frametter om den dagen Anita ikkje ville gå fjelltur med oppoverbakkar….