Kroppen er ein foruderleg sak!

På onsdag var det såvidt eg klarte å karra meg opp til Gardshammar og Botnavatnet – i går spratt eg opp til Eikehytta som ei Duracellkanin!

Eg vart litt skremt over turen på onsdag – var formen verkeleg så dårleg?? I går fann eg ut at formen kom i allefall ikkje til å bli betre av å liggja ute i solstolen, så eg fekk ta ein liten trimtur i skogen. I utgangspunktet tenkte eg at eg nesten fekk vera nøgd om eg kom meg til Flåtene og litt til – det var tross alt ein varm dag i går og.

Det var ein heilt anna kropp som tok ut på tur i går – det gjekk som ein leik opp langs elva. Eg forsvann forbi Flåtene, opp Skarvene og tok ikkje pause før eg kom hit…

IMG_1121

….kor eg skal byrja klatra inn til Fagerdalen (biletet er tilbakeblikk andre vegen)

Her måtte eg vera streng med meg sjølv og ta ei drikkepause. Eg må seia eg vart ganske så overraska over meg sjølv – «kva skjedde no??». Eg veit ikkje om eg nokon gong har gått så langt utan pause før – og denne turen har eg tatt mange ganger… Rett nok har eg, etter onsdagsturen, plukka fram B12 vitaminane mine og kjørt dobbel dose dei siste dagane + tatt magnesiumtabelettar, men det får no vera måte på effekt på to dager!

Neste, og påtvungne, pause tok eg her…

IMG_1123

…før eg skulle klyva opp Skaret.

IMG_1122

Då eg var litt mindre enn no, og Bess og Mormor drog oss med opp her, var det nok ikkje noko raud T-merking. Vi fekk beskjed om å finna den kvite steinen – der skulle vi gå opp. Den kvite steinen ligg der enda 🙂

IMG_1125

Nesten opp på toppen av Skaret…

IMG_1127

…Oppe! Og det utan at det kjentes ut som om eg hadde brukt ein einaste kalori på heile turen!

IMG_1128

Her kan ein velgja å gå til venstre til Englafjell, til høgre til Manen og rett fram ligg…

IMG_1144

…Jordsvatn og Eikehytta – sjølv om den ikkje er så god å få auga på 🙂

IMG_1131

Eg fylgde stien mot Englafjell litt bortover…

IMG_1134

…før eg snudde og…

IMG_1137

….gjekk bort til hytta langs vatnet.

IMG_1143

IMG_1141

Eg opna og lufta litt medan eg no var der 🙂 For sjå om det ikkje kan bli ei overnatting her seinare…

IMG_1138

Utsikt frå hytta mot Englafjell. Eg kunne sikkert ha godt opp der og i går, men fann ut eg fekk spara litt på kruttet 🙂

I stadenfor sat eg litt her i sola og kosa meg før eg la ut på heimvegen att.

IMG_1148

Ned Skaret. Her skal ein kun fylgja med på ein ting – kor ein set foten 🙂

IMG_1124

Fagerdalen.

Ja, det må eg seia var ei anna turoppleveing enn på onsdag 🙂 Så får vi sjå korleis det går på neste tur – om batteriet framleis held eller igjen er utlada 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.