Geitene ved Botnavatnet!

Ja, geitene ved Botnavatnet ovanfor Gardshammar var så flotte at dei rett og slett må få eit eiga Bobleinnlegg.

IMG_1059

Dei låg her, lett hengslengte, og kosa seg i sola då vi kom opp.

IMG_1064

Dvs. nokon av dei såg ut til å kosa seg, medan andre…

IMG_1065

…syntes nok som meg at «det vart veldig varmt i dag» 🙂

IMG_1061

Far sjølv i flokken – sjå kor flott han er!

Dei er nok vane med folk, denne flokken – dei brydde seg ikkje så mykje om at vi kom og blanda oss inn 🙂 Og vi hadde ikkje vore der lenge før vi oppdaga at her var det forskjellige personlegheiter.

IMG_1071

Dei unge var litt nyfikne på oss, men litt reserverte og sprang vekk når vi nærma oss.

IMG_1075

Denne derimot, såg ikkje på oss som nokon fare..

IMG_1076

…i det heile tatt! Tvert imot – ho tok i mot..

IMG_1114

…det vi hadde å by på. Og det vi ikkje hadde å by på – i ein ubevokta augneblink såg eg at ho var å forsynte seg av kjeksa i matboksen min 🙂 Og ikkje nok med det, då Ann Irene var på sin ekstra fjelltur, stakk denne geita heile hovudet oppi sekken hennar, sjølv om eg låg rett ved sida av. (Eg har ikkje sagt noko om det til Ann Irene 😉 )

IMG_1112

Gamlefar, derimot, er nok vane med å få noko betre en upåsmurte rundstykker – dette var han ikkje interessert i å eta i det heile tatt!

IMG_1080

Men posera kunne han, skulle nesten tru han hadde trena..

IMG_1087 (1)

IMG_1088

IMG_1083

Ja, du er så flott, atte 🙂

Ja, det var dei tre bukkene Bruse og vel så det – dagens lille dyreforteljing på Bobla 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.