Tur til Gardshammar…

….stod på Ann Irene og min sin plan i går. Endeleg såg det ut til at vi skulle få ein flott sommardag, og vi gleda oss til å koma avgårde. Gardshammar har eg besøkt fleire ganger tidlegare, så denne turen såg eg ikkje på som noko heft – så feil kan ein ta….

Vi var langt i frå dei einaste..

IMG_0993

…som hadde valgt Bondhusdalen som turmål denne dagen – vi måtte leita etter parkeringsplass.

Sjølv om dei aller fleste tok turen inn til Bondhusvatnet, var det ein god del folk som skulle opp «Keisarstien» og – dei fleste enda lengre enn til Gardshammar såg det ut som.

IMG_0994

IMG_1001

IMG_1010

Vakkert ved Sandvollane 🙂

IMG_0999

He-he, var nok ein eller anna som gleda seg til å bli ferdig med fjellturen;-) Denne var planta midt i «stranda» og var framleis uopna då vi kom nedatt frå fjellet – dog hadde nokon flytta den litt lengre utav synet 😉

IMG_1014

Det var framleis litt overskya då vi starta turen ved parkeringsplassen, men no når vi tok til med oppstigninga vart det blå himmel og steikjande sol.

Og det vart VARMT! Gud bedre kor varmt det vart! Kan skjøna kroppen fekk aldeles sjokk – den er jo vane med å sitja inne under eit pledd…Medan Ann Irene, som vanleg, dansa seg oppetter lia, byrja eg å slita ganske tidleg. Det gjekk trått nesten i frå fyrste steg oppover.

IMG_1015

Og når ein slit allereie i Hidlarslia veit ein at det blir ein laaaaang tur mot toppen…

IMG_1019

IMG_1025

Utsikta var det ikkje noko å seia på 🙂

Eg svetta, eg klaga og møste…Eg åt ei banan, drops og drakk cola – eg svetta like mykje, klaga like mykje og møste lika mykje…

IMG_1024

…denne dama, derimot, storkosa seg. Ser ikkje svett ut ein plass, eingong! Her har eg forlangt pause og satt meg rett ned i ein kliss våt måsedott – ja, ja, då vart no ræva avkjølt i allefall…

IMG_1028

Ganske så frodig rundt stien oppover. Enkelte plasser kunne ein med fordel ha rydda litt – spesielt der kor det står tett i tett med brennesle heilt i kanten på stien.

Etter stoppen min, sendte eg Ann Irene i forvegen. Det er lika bale for dei som har fart i kroppen å senka farten og halda fylgje med dei som går seint, som det er for dei som går seint å auka farten og halda tritt med dei som er raske. Men eg hadde ho i augnekroken ei stund, og ho talte høgt og tydeleg kvar sving oppover 🙂

IMG_1031

Eg kom daffande etter og hadde plenty av tid til å fotografera…

IMG_1033

….utsikta.

Vanlegvis når eg går denne fjellturen plar det gå litt trått i byrjinga, men så byrjar det å gå lettare og lettare. Som dåke skjønar skjedde ikkje det i går – det var Ann Irene som fekk den opplevinga. Eg sakka lenger og lenger bak og etter ei stund stod Ann Irene på vegen ovanfor meg og ropa kva sving ho hadde passert. Då var både eg og ho sikker på at det var siste svingen før ein kunne runda og få auga på Gardshammar. Skuffelsen var stor då eg oppdaga at det var enda ein sving igjen… Kroppen var aldeles tom og eg var sanneleg ikkje sikker på om eg skulle koma meg opp i det heile tatt. Men etter utallege stopp….

IMG_1090

…kunne eg skua opp mot Gardshammar 🙂

IMG_1036

Og her satt ho og kosa seg med kaffien sin – lett bekymra for om eg kom til å dukka opp i det heile tatt.

IMG_1037

Siste bakken 🙂

IMG_1041

Eg synes eg ser uforskamma blid å nøgd ut til å vera meir daud enn levande på dette tidspunktet…

Det er vakkert på Gardshammar – og ei flott utsikt…

IMG_1039

….ned i dalen og…

IMG_1038

…bort mot Fonna.

Ann Irene hadde ikkje vore lenger enn hit tidlegare – det har eg! Og det var EG som hadde ymta frampå at vi burde gå opp til Botnavatnet og eta nista vår. Den angra eg litt på… For no lot ho seg ikkje stoppa- «Skulle vi ikkje opp til vatnet???» Og etter ein god kvil, hadde eg ikkje anna valg enn å ta på sekken og traska i veg igjen…

IMG_1057

….opp forbi Gardshammar.

IMG_1059

Velkomstkomiteen ved Botnavatnet 🙂

Eg får vel vedgå at eg er glad vi gjekk opp hit. Bortsett frå utsikta, så synes eg det er mykje finare ved Botnavatnet enn nede ved Gardshammar. Eg rulla ut pleddet mitt –  her skulle eg bli – lenge! Det var faktisk fristande..

IMG_1070

…å krypa inni eit av desse telta å leggja seg, men dei var diverre ikkje våres.

I går hadde eg pakka den lettaste sekken på lenge og den tyngste sekken eg nokon gong har att på ryggen har eg faktisk båre opp hit for nokre år sidan – med telt, sovepose, stormkjøken, klede til 4 årstider, mat til ein heil hær… Akkurat i går var det vanskeleg å skjøna korleis eg hadde fått det til…

IMG_1065

…for i går syntes visst både han her og eg at livet var eit lite ork 😉

Men, no skal eg slutta å syta! No var eg komen opp og alt var OK 🙂 Det var trass alt berre ein timestid på heile turen eg lengta heim til sofaen 🙂 No, derimot, var det berre deilig å liggja seg flat og nyta sola 🙂 I tillegg så fekk vi mange nye vener…

IMG_1061

….han staselege karen her f.eks. 🙂 Han var flott!

Det var visst ikkje snakk om å vera sliten når eg sprang rundt og fotograferte geiter i øst og vest. Så mange bileter har eg at eg trur eg må laga eit eige geitebobleinnlegg – i morgon kanskje…

IMG_1079

Etter å ha kost oss med ost og kjeks og div. anna god niste var eg klar for ein god kvil i sola 🙂 Ann Irene kikka lengselsfullt opp mot næraste topp – «Versågod», sa eg. Og brått såg eg ho midt oppi lia. Og vekke vart ho både vel og lenge før ho returnerte og fortalte ivrig om at deg gjekk brei sti opp og bak var det enda ein topp og det var ein dal der… Så då er spørsmålet – nokon som kan seia oss kor denne stien fører hen??

I fleire timar sat vi her ved Botnavatnet og syntes livet var topp – i sterk kontrast til tidlegare på dagen. Vi hadde beint fram ikkje lyst å gå heim, men det måtte vi jo til slutt.

IMG_1093

Nedturen gjekk atskilleg betre enn oppturen. Litt såre under beina, men ellers bra. Nede ved Sandvollen duppa vi hovuda i elvekanten, kikka på den uopna øla som framleis stod der, stod i mot fristelsen og tok fatt på siste etappe tilbake til bilen. Begge to syntes vi hadde hadde ein strålande fin tur!

Kan henda dette ikkje var eit innlegg som gjer at det freistar å ta turen til Gardshammar, men det vil eg likevel anbefala 🙂 Det var nok varmen som spela meg eit puss i går – vanlegvis synes eg denne turen er heilt grei å gå 🙂 Men, slik er det med turformen – nokon dagar er ein lett på tå – andre ikkje 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.