…spelte eit TVspel, eg trur ikkje eg har spelt noko PCspel sidan Tomb Raider var på topp, eg har vel ikkje spelt noko spel på mobilen sidan eg oppdaga «Snake» på min gamle Nokiamobil på byrjinga av 2000-talet – eg anar ikkje korleis ein spelar Candy Crush….
…men POKEMON GO fekk eg for meg at eg måtte lasta ned!!?? Jepp, i går måtte eg og lasta ned dette nye spelet alle snakkar om. Etter å ha fått beskjed om serverproblem kom eg meg endeleg inn. Eg skjøna snart at eg måtte ut for å fanga min fyrste pokemon, kom til hushjørna før eg tenkte «eh..dette vil sjå litt dumt ut – at eg virrar rundt her i hagane til naboane..» Det problemet løyste eg med å dra med meg Marita – då var vi i allefall to som virra rundt 😉
Framleis var det store problem og spelet hang seg opp heile tida, men vi fekk oss no ein liten tur på haugen. Vel inne i stova igjen kunne brått plukka 3 pokemonar rundt meg, og snart kom det meldingar i frå naboen at ho og hadde fått dei i hus. Før eg reiste opp i dag fanga eg 2 i senga mi – pokemonar altså…;-)
Men eg måtte jo fanga fleire!! Dermed gjekk turen i dag til Baroniet i Rosendal i lag med Magnhild, Maren og Ingrid på pokemon jakt. Diverre hang spelet seg stort sett opp i dag og, men vi fekk i allefall fanga nokon + vi fekk oss ein fin tur 🙂
Det var kjekt både for store og små dette spelet 🙂 No må dei berre få orden på det slik at det går an å spela utan at det skal henga seg opp heile tida. Akkturat no kjem eg ikkje innpå i det heile tatt, då det berre kjem opp melding om serverproblem igjen…
Ja, ja, slik går no denne sommarferien 😉