Eg har ikkje vore på nokon fjelltur til fots sidan turen til foten av Ulvanåso. Den var ikkje særleg lang, men bratt nok til å ta knekken på eit kne. Sidan har eg berre gått korte trimturar i eit forsøk på å få orden på det. Men på tirsdag var det perfekt turver – og eg klarte ikkje halda meg lenger. «No får eg testa det på ein lengre tur – så får det berre gå som det går». Så då tok eg ut på…
…rundturen Kjærland-Mannsvatn-Haugland 🙂
Fyrst møtte eg på han her som gjorde seg så morsk han kunne, utan at det beit på A.Enæs 😉
Ho her var litt meir venleg 🙂
Uskedalen i tåkedotten. Ser surt og trist ut, men dette er altså perfekt turver.
Velkomstkomité ved Mannsvatn.
Har kome meg over fjellet og starta nedstiginga.
Kom meg ned, og så var det berre å spasera ned til Kjærland, setja seg i bilen og køyra heim. Dette er ein fin rundtur, men det er ganske vått over fjellet, så ha på godt skotøy om ikkje du vil bli kliss blaut.
Best av alt denne dagen var at kneet haldt heilt fint og plaga meg ikkje i det heile 🙂 På den andre sida – der forsvann den unnskyldninga for å sitja i sofaen med Netflix og Viaplay….