Overnatting i Blådalen!

Det vil vel vera å dra det litt langt å seia at eg gleda med så veldig til å pakka sekken laurdagsettermiddag for å ta ut til Blådalen for å overnatta der. Ikkje berre var eg ein smule redusert etter fredagens drinkaften – ute bles det og såg surt ut. Men vi hadde jo lova Ingrid 4, snart 5, år telttur, og ein skal jo halda det ein lover 🙂

Humøret og motivasjonen steig så snart vi tok av frå hovudvegen å byrja køyra i retning Blådalen – sola skein nemleg så fint på fjelltoppane. Og i det vi parkerte for å traska ca. 100 meter for å slå leir, var all skepsis gløymt. Dette kom til å bli ein flott og vakker kveld ute i Guds frie natur.

IMG_0611

Teltet til Magnhild og Ingrid kom på plass fyrst, og då såg vi ikkje meir til minstemann før neste morgon.

IMG_0564

Her skulle eg sova – eg er vel kanskje blitt litt hekta på å henga opp hengekøya mi 🙂 Denne gangen hang eg tarpen over og – sånn i tilfelle regn igjen…

IMG_0625Jorunn hang opp si hengekøye og, men igjen så fann vi ho att i garderobeteltet om morgonen… 😉

Når vi hadde fått på plass alt pikkpakket vårt, fann vi oss ein fin plass…

IMG_0612

IMG_0624

…ved elvekanten. Det er ikkje rart damene kosar seg – har dåke sett kor flott ein kveld det vart?

A

Vi kunne jo ikkje fått det betre enn dette 🙂

IMG_0618

Litt mygg må ein rekna med på plasser som dette, og då tar ein i bruk det ein har for hånd i eit forsøk på å halda dei vekke. Magnhild fann f.eks. eit nytt bruksområde for den samanleggbare oppvaskkummen til Jorunn 🙂 Magnhild har forressten store problem med å skjøna kva vi skal med ein slik oppvaskkum og samenleggbar vannbøtte, medan Jorunn og eg er hellig overbevist om at dette er noko som er eit «must» å ha med seg på tur 🙂

IMG_0628

Eit lite bål måtte vi jo tenna. Det er jo ikkje heilt sommartemperatur ute, så det er godt å ha noko å varma seg på utover kveldane. Dessutan skulle vi jo grilla pølser…

B

….og i den anledning viste Magnhild fram (enda) ei ny side av seg – Spikkeguri tredde nemleg fram. Gje den dama ein kniv (noko vi var litt usikker på om var ein lur ide i utgangspunktet) og ho finn seg noko å spikke på resten av kvelden. Spikke, spikke, spikke…

Eg hadde jo forsåvidt pakka med meg min eigen grillpinne for anledningen, men hadde eg tatt fram den hadde eg vel blitt kjeppjaga derifrå – bokstaveleg tala 😉

IMG_0633

IMG_0642

IMG_0643

Etterkvart var det på tide å seia godnatt og koma seg til køys igjen. Magnhild kraup inni teltet til Ingrid, eg kraup opp i hengekøya mi, Jorunn prøvde å krypa opp i hengekøya si, men eit eller anna skar seg så eg høyrte berre nokon grynt og såg ho forsvann forbi meg i retning eit telt…

Det som er så fint med å slå leir så nære bilen, er jo at ein kan pakka med seg nesten det uendelega. Og ein frysepinne som meg, gjer jo akkurat det.

IMG_0650

Her i min ringe bolig har eg fått plass til liggeunderlag, sommersovepose, ein tjukkare sovepose, dyna og pute! Kan skjøna at når eg lukker igjen myggnettingen så er hengekøya så istappa at det ser ut som ein sprengt sommarfuglpuppe som heng der. Dessverre så minnar vel det som kryp ut om morgonen meir på ein møll enn ein sommarfugl….

Akkurat i det eg hadde fått tulla meg inn i alle tølene mine slo det meg at eg hadde gløymt å ta på sokker, men eg orka ikkje tulla meg ut att og tok sjansen på at det skulle gå bra. Ser det ut som om det er noko fare for at eg skal…

IMG_0660

….frysa kanskje???

Eg vakna utpå natta av at det byrja å regna (surprise!), men eg hadde hengt opp tarpen perfekt, så eg fekk ikkje ein regndråpe på hengekøya! Ganske stolt over nett det, faktisk..

IMG_0656

Utsikt mot teltleiren på morgonkvisten. Magnhild har fått fyr på eit eller anna i elvekanten – fyrstikker og kniv er altså noko ein må passa på når den dama er i nærleiken..

IMG_0677

Og der dukka Ingrid opp og – vi hadde nesten gløymt ho var med. Blid som ei sol etter ein kveld og ei natt i teltet 🙂

IMG_0678

Veret skiftar jammen fort. Regn vart bytta ut med sol igjen når leiren skulle pakkast saman.

IMG_0681

3 damer og ein 4-åring på tur….

IMG_0689

Før vi reiste heim att, tok vi oss ein liten tur – på leit etter nye framtidige overnattingsplassar i Blådalen 🙂

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.