Då har eg faktisk starta årets sommareferie 🙂 Og for fyrste gong skal eg ha 4 veker på rappen – og det heilt utan planer….Men, skal resten av ferien fortsetja som denne helga, kan det jo bli travelt..
Berre timar etter feriestarten på fredag hadde eg nemleg allereie…
…hengt opp køya mi i hagen til Magnhild! Og det tok ikkje lang tid før eg…
….hadde inntatt ferieposituren 😉
Denne kvelden skulle vi ha «Damenes Drinkaften» 🙂 Det var nemleg på tide å prøva ut oppskriftene i boka mi «Sommerlige Drinker». Alle 3 (Magnhild, Jorunn og eg) hadde valgt oss ut kvar vår oppskrift som vi skulle laga.
Eg var «fyrstemann» ut med min «Champagne med granateple». På førhand hadde eg laga granateplesirup etter oppskrifta i boka. Ei spiseskei med denne sirupen i glaset og så…
…var det å fylla på med musserende vin 🙂
Mmmmmm..denne var god – sjølv om vi heiv oppi ei spiseskei til med granateplesirup 😉
«Champagne med granateple» nesten i solnedgang.
Det kunne vorte ein laaaang kveld om vi berre skulle ha site på den nye, flotte altanen til Magnhild og nippa til drinkar – litt andre aktivitetar høyrer og med..
Magnhild har nemleg fått tak i ein slik sak som detter her – ein lazybag! Og som så mange andre har erfart – å få luft i denne er ikkje berre, berre 😉
Neste drink ut var Jorunn sin «Mojito med ingefær og eple». Jorunn skulle og laga sirup på førehand. Og når Jorunn ser for seg sirup, ja då ser ho verkeleg for seg SIRUP!! Kva skal vi seia om den mon, tru…
….vi valgte å kalla det eh…litt brent karamell utan eit snev av smak av hverken eple eller ingefær… Men dåke kan jo skjøna at når alt anna enn det flytande hang fast på skeia, så var det jo berre rum’en igjen i glaset. Så at denne drinken gjekk…
…rett i fletta, seier seg vel sjølv 😉
Mojito med ingefær og eple – ser jo slett ikkje verst ut (så lenge ein lar skeia vera oppi glaset) og rett skal vera rett – vi slo ikkje ut ein dråpe…(og det var faktisk den einaste drinken vi laga to gonger…)
Det vart ein vakker kveld – sol og fint ver – og vi kosa oss med drinkane våres og etterkvart litt spekemat til solnedgangen.
Siste drink ut var Magnhild sin Bringebærmargarita..
….og dette var jo skikkeleg sommardrink! Den var så fin, fargerik og fristande at vi utropa den til kveldens vinnar allereie før vi hadde smakt!
No viste det seg at denne drinken såg litt betre ut enn den smaka – den var litt beisk. Vi prøvde med litt meir melis i, men det kom seg ikkje så mykje. Men så kom eit lyst hovud på (eg huskar ikkje kven) at vi skulle ha ein dæsj granateplesirup i – og dæven sylte det gjorde susen. Det fekk fram den perfekte bringbærsmaken! Dessverre hadde vi no fått blod på tann og måtte prøva å ha champis i og – det funka ikkje så bra. Heldigvis hadde eg fått i meg min før vi byrja eksperimentera, så det var Jorunn sin drink dette gjekk utover 😉
Vart mykje lått og løye utover natta 🙂
I to-tida var det på tide å ta natta og koma seg i hengekøya. I tretida vakna eg av at eg vart våt på nasen – det hadde byrja regna…og det byrja regna mykje… «Jorunn, Jorunn, det regnar!» Eg treiv tølene mine for å springa inn, men langt nede i hengekøya til Jorunn låg det eit samankrøka vesen «Eg skal berre liggja litt til…» Eg derimot fann meg godt til rette i stova til Magnhild – mellom sofaen og tørkestativet. Ei god stund etterpå vaknar eg av «Brrrr….eg er så våt og kald!» – og då var vi alle komen oss i hus 🙂
Neste morgon vakna eg til denne utsikta…
…Ikkje akkurat hengekøye utsikt, men slett ikkje verst 😉
Vi var godt nøgd med denne fyrste drinkkvelden vår – 3 av 53 oppskrifter er unnagjort ;-). Og eg var godt nøgd med feriestarten min 🙂 Kanskje var det etterdønningane av kvelden/natta før som gjorde oss så positive at vi lova Ingrid at neste natt skulle vi på telttur i Blådalen……
Den turen får bli neste Bobleinnlegg 🙂