Det er ein fyrste gong for alt!

Eg har tilbrakt flesteparten av mine 46 år i Uskedalen, likevel har eg aldri vore ved foten av Ulvanåso tidlegare! (Kalkestasjonen tel liksom ikkje). Det vart det ei endring på i går…

Ann Irene og eg hadde planlagt ein liten tur til Leiteshaugane ved Fjellandsbø i går kveld. Vi hadde ikkje tenkt oss på noko lang utflukt då poenget med turen var at Ann Irene skulle prøva ut kameraet sitt etter at det hadde vore på reparasjon.

Men, allereie då vi steig ut av bilane, byrja vi å flakka med blikket – skulle vi ikkje prøva noko nytt? Sjekka ut kor den skogsvegen på andre sida av bakkane til Friheim fører hen, f.eks? Jo, det skulle vi sjølvsagt!

I USA hadde vi sikkert vorte skotne for «tresspassing» når vi sneik oss langs den nyslåtte bakken, over brua og inn på skogsvegen. Så måtte vi snika oss forbi eit straumgjerde. Dvs. i løpet av 1 minutt klarte Ann Irene å få ut av seg: «Her må vi passa oss for det er sikkert straum i gjerdet» og «Det er IKKJE straum i gjerdet!». Nesten før ho hadde fullført fyrste setning hadde ho nemleg gløymt seg ut og tatt eit godt tak i gjerdet for å halda seg fast… Så over eit stykke oppgrave jorde, før vi fann den gamle vegen att.

IMG_0417

Ganske gjengrodd, men fint 🙂

Vi fylgde vegen eit stykke, men la jo merke til at det gjekk både ein og to stiar oppetter lia – og det vart jo for fristande å la ein av dei vera uprøvd…

IMG_0418

….ville vi koma gjennom skogen og nærare foten av Ulvanåso på denne stien??

IMG_0422

Ja, det gjorde vi 🙂 Her har vi gått igjennom skogen og har gått over dette opne landskapet. Her har vi støtt på eit gjerde medan vi snur oss og ser tilbake til Fjellandsbø.

Stien fylgde gjerdet oppover eit stykke før vi kom til ei grind, noko vi tok som eit teikn på at her ferdes fleire enn oss. Vi rekna vel med at vi var inne på ein sti som div. fjellklatrarar brukar når dei skal opp til fjellet.

No var vi komen heilt bort til eit, ja, la oss kalla det lite fossefall. Og her var det kjempefint!

Untitled-1

Som dåke ser rant det ikkje så mykje vatn i går, men nok til at dette var ein fasinerande plass. Vi såg for oss at her måtte det vera kjempekoseleg å laga bål og grilla pølser ein kveld 🙂

IMG_0433

Her lika eg meg 🙂

Det gjekk ikkje an å koma så mykje lenger opp på denne sida av fossen, men på andre sida derimot… Vi måtte sjå om vi kunne koma oss over… Det var lettare sagt enn gjort. Sjølv om det rann lite vatn, var det alltid ein eller anna plass på veg over det ikkje gjekk an å passera utan å bli våt på beina.. Til slutt manna Ann Irene seg – og meg – opp og forlangte..IMG_0437

….sko og sokkar av – her skulle det vassast!

Brrrrr!!! Dei to-tre stega var ei kald affære og eg kunne slå fast at starten på min badesesong framleis ligg eit godt stykke fram i tid 😉

IMG_0440

«Kor kom dei to i frå??», lurte sikkert desse på 🙂

No var vi komen over på andre sida, og då gjekk det forholdsvis bratt oppover. Vi fann raskt ein sti her og, så eg antar vi hadde rett i at dette er ein klatresti.

IMG_0443

Utsikt mot Fjellandsbø…

IMG_0444

…og nedover dalen.

IMG_0441

Kor langt opp kjem vi, mon tru?

Ganske langt, viste det seg. Men dette var ei ur og vi måtte sjå etter kor vi gjekk så vi ikkje brått trødde ned i eit hol eller på lause steinar. Mykje brake og lyng var det her og.

IMG_0447

Ann Irene nærmar seg foten av fjellet…

IMG_0449

… og så langt, men ikkje lenger kom vi – då vart vi til slutt einige i at vi hadde kome langt nok.

Vi kunne sikkert klart å kome lenger opp – ja, kanskje mykje lenger opp og for alt eg veit. Men det var tross alt byrja bli både bratt og ulendt, og vi er tross alt ingen fjellklatrarar 🙂 Dessutan var det jo ingen som visste kor vi var – vi hadde jo begge gjeve beskjed heima at vi skulle til Leiteshaugane – og her var vi heilt ute av kurs…

Skreiv eg at vi ikkje er fjellklatrarar?? Det er vel litt feil. Eg vart i allefall veldig inspirert, så når Ann Irene kom tilbake etter å ha fotografert i det vide og det breie, hang eg høgt oppi fjellveggen…

IMG_0458

«Ta bilete då, ta bilete!»…og

IMG_0461

«Sjå – no hands! No hands!»

Riktig så tøff følte eg meg der eg hang og kikka utover dalen. Og eg må jo ha sett ut som eit klatrenaturtalent for Ann Irene, for ho sat seg ned og byrja fikla i sekken sin etter eit eller anna, medan eg hang og haldt meg fast etter fingerneglene. » Hallo i luken!!!», «Trur du eg klarer å henga her til evig tid?? Du skal no vel ikkje røyka no?? Ta bilete så eg kan klatra ned att!!»

Eg synes sjølv at når ho endeleg tok bileter, så gjorde ho ein god jobb – dei vart knallstilige, om eg får seia det sjølv 🙂 Og det sit laaaaaaaaaaangt inne å vedgå at då ho var ferdig var det berre for meg å skli ned sånn ca. 2 skolengder før eg hadde fast grunn under beina att. For det hadde jo vore SÅÅÅ mykje artigare om eg faktisk hang langt oppi veggen 🙂 Men eg har no iallefall hengt dei 2 skolengdene opp i Ulvanåso, det er vel meir enn mange andre har 🙂

No gjenstod det berre å koma seg ned igjen. Det gjekk lettare enn eg hadde trudd, men igjen så måtte vi passa på kvart steg vi tok. Det frista lite å vassa over på andre sida igjen, så vi prøvde å koma oss over på andre sida av fossen lenger nede denne gangen.

Det gjekk veldig fint, heilt til vi kom hit..

IMG_0468

Her kom eg meg tørr over på utsida av fossefallet, men så skulle eg jo igjen få Ann Irene til å ta det eg trudde kanskje kunne bli nokre artige bileter – men eg ser jo no at eg sat og vart klissblaut til ingen nytte 😉

Untitled-2

Fotografen Ann Irene i arbeid 🙂

Kliss blaute og vel nøgd med dagens fotografering, gjenstod det berre å koma seg igjennom skogen igjen og tilbake til bilane.

Eg veit ikkje om dette er ein plass det passar seg å gå ut å anbefala folk om å ta turen – for alt eg veit er dette ein plass det er fare for både steinsprang og anna. Og for alt eg veit vil kanskje kjentfolk anbefala at ein har med både hjelm og tau når ein skal opp her – vi er to grønskollingar på det viset. Det var vel det vi innsåg då vi endeleg stoppa – at no fekk nok vera nok.

Men vi var begge einige i at dette hadde vore ein av dei kjekkare turane vi har hatt – rett og slett ein kul tur! Ja, og så var vi begge einige om at vi har lyst å prøva fjellklatring – på ordentleg 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.