…eg skulle jo leggja ut bileta eg tok på vår jakt etter nye telt-og hengekøyecampar. No fann vi nokre plassar både her og der, men dei tok eg ikkje bilete av – dei får vera hemmelege ;-).
Men det var jo andre ting eg kunne fotografera…
Midtbotnvatn f.eks. Eller det som er igjen av det… Så nedtappa har eg aldri sett det før, utan at eg skal skryta på meg at eg er her så ofte.
Berre ein liten «pytt». Det vi ikkje ser her er at det visstnok skal gå an å padla mot Svelgabreen herifrå. Ja,heilt inn kjem ein nok ikkje, må vel framleis gå eit godt stykke.
Som dåke ser er det eindel både is og snø heilt her inne enda. Dvs. det var det i helga. No kan det sjå heilt annaleis ut, for då Jorunn var her inne veka tidlegare var Midbotnvatnet framleis full i is…
…omtrent slik Møsevatn var på søndag. Veka før vart ein stoppa av ei snøfonn om ein prøvde å køyra opp til Møsevatn, no var vegen bar.
Det var jo utruleg flott lys og fargar å fotografera i på søndag.
Eg synes ofte Møsevassbreen ser så skiten ut, men denne dagen låg den der så kvit og fin 🙂
Men det var ikkje noko sommertemperatur her inne enda, og det blas kald vind. Så vi kom oss fort i bilen igjen og køyrte på heim. Vi var nett bortom Bjørnebølsfossen før vi køyrte heilt heim.
Her fekk vi tilbake sommerfølelsen 🙂 Veldig flotte bergformasjonar her – heilt avslepne og runde og med små jettegryter her og der.
Riktig så fin ein plass – eg har ikkje visst om denne før 🙂
Ja, vi har mange fine plassar rundt oss om vi berre ser etter 🙂
Sånn ellers så tenkjer eg dann og vann at eg må slutta med dette bloggreiene mine – eg er jo aaaaaaltfooooooor gamal til slikt. Heilt til eg las om denne dama i dag: http://www.aftenposten.no/norge/Ada-90-fikk-nettbrett-Blogger-i-nitti-446408b.html
Ho-Ho-Ho – eg skjønar eg kan halda det gåande leeeeeeeeeeenge enda 🙂 Slik trur eg eg og vil bli når eg blir 90 – Ipad, Netflix, litt bobler i glaset og eit blogginnlegg innimellom 🙂 Hengekøye har ho og 😉 Rett og slett ei tøff dame, det der 🙂