Å kjøpa seg hengekøye var (nok eit) impulsskjøp som sikkert dukka opp medan eg svinga vaskekosten for ei stund sidan. Impulskjøpa skjer, når eg tenkjer meg om, oftare enn eg svingar kosten – dessverre. Men, når ein av oss fyrst har skaffa seg noko, må jo dei andre ha det same – på det viset har vi ikkje endra oss sidan vi var 5-år 😉 Og Jorunn har jo vore veeeeeeeldig misunneleg på denne hengekøya mi. Så misunneleg at på onsdag klarte ho ikkje halda seg lenger – og vips så hadde ho bestilt seg ei ho og, med ekspresslevering 🙂 Slik gjekk det til at vi bestemte oss for å dra på hengekøyeekspedisjon fredag til lørdag 🙂Jorunn hadde sett seg ut ein fin plass vi skulle ha camp. Ikkje så langt i frå bilen, men likevel utanfor allfarveg. Vi skulle berre gå 200 meter, sånn ca. I realiteten kan vi sikkert ganga det med 3… Likevel, relativt kort å gå. Det fyrste vi ser når vi kjem gjennom ei grind er to fjordingar på eit beite. «Dei er så vane med folk at dei kjem ikkje til å ensa oss», sa Jorunn. Dei var definitivt ikkje vane med folk som oss… Vi brukte nok ein halvtimes tid på hysjing, forsøk på jaging, hoijing og ein helv…..mykje banning før vi kom oss unna dei. Då måtte vi setja igjen dei to vedsekkane våres, som hestane av ein eller anna grunn absolutt skulle oppi. Soveposen til Jorunn vart og liggjande igjen på ein bakke – den og var veldig interessant.
Skal vi vera vener? Veldig fin, men utruleg innpåsliten 🙂
Vi kom oss omsider inn til camp området, og eg var einig i at dette var ein bra plass for fyrste hengekøyeovernatting. Så måtte vi berre prøva å snika oss tilbake til bilen og henta resten av pikkpakket vårt (dåke trudde vel ikkje vi fekk med oss alt i ei vending??), plukka opp veden og soveposen som låg igjen, og få alt på plass i campen. Vi la oss på alle fira, ålte oss frametter bakken, måtte symja eit stykke under vatn over elva – ja,nei, dette er vel ikkje heilt sant… Men vi klarte å koma oss både att og fram utan å bli oppdaga av hestane igjen 🙂
Når vi hadde fått alt på plass kunne vi byrja ordna campen. Og sjekk her, folkens:
Luksussuiten….
…tjenarboligen!
Ja, det var sanneleg ikkje noko knussel Jorunn hadde skaffa seg 🙂 Kanskje eg må vurdera ei oppgradering av mi om eg skulle verta ein dreven hengekøyebrukar, men foreløpig er eg nøgd med den eg har 🙂
Camp Cosy 🙂
Når køyene var komen på plass kunne vi berre slappa av og kosa oss i elvekanten.
Jorunn kosa seg og såg på solnedgangen.
Vi laga oss bål (under kontrollerte forhold, sjølvsagt)
Det er lov å kosa seg litt slike fine kveldar.
Og ALT må sjølvsagt dokumenterast – slik at det kan bli Bobleinnlegg å dela etterpå 😉
3. premien eg var med og vann på Putballbana forrige helg 🙂
Omsider gjekk sola ned…(eller gjorde den det?)..
…og når eg etter eit dobesøk kom attende til elvekanten og såg at Hufsetufsa hadde slukt Jorunn..
…var det på tide å koma seg i hengekøyene – då var klokka faktisk nesten blitt 0100!
Eg slang meg så fint opp i mi hengekøye og kunne finna roen..
Titttei – vi er ikkje heilt einige i om eg liknar mest på Bestemor eller Rødhette…
…borti denne enden av campen vart derimot mykje musk..
Det var jo så mykje som måtte stillast inn både her og der – reimer som måtte stramast, reimer som måtte slakkast, reimer som ikkje kunne rikkast etc. etc. «Eg må visst sova ståande», slo Jorunn fast. Men det skal ho ha – ho gjer seg jo ikkje på fyrste forsøk, så omsider hadde ho funnet utav det og kunne endeleg leggja seg til ro 🙂
Med oppblåstbart liggjeunderlag i botn, varme kler, tjukk sovepose og myggnettingen godt snøra igjen, låg eg fantastisk godt i hengekøya mi 🙂 Men, eg hadde jo ikkje lege så altfor lenge før eg, sjølvsagt, måtte utav og tissa… Og idet eg skal oppi køya igjen deiser eg i bakken. Vel, vel, deiser og deiser, eg hang jo ikkje så høgt i utgangspunktet.. Og som eg hadde hatt ein liten følelse av frå før – karabinkrokane som fylgje med køya var ikkje av den beste sorten. No hadde den eine røke og eg måtte til å knyta knuter og greier midt på natta. Det gjekk, merkeleg nok, som ein leik og eg kunne entra soveplassen min igjen. Drog sjølvsagt så hardt i glideåsen i sovepposen at eg drog den tvert av posen. Takka vera den lyse sommarnatta klarte eg med mitt nattsyn å få den på att. Når eg omsider hadde fått meg på plass at i køya var eg tissetrengt igjen…
Ei anna som hadde slete av glidelåsen i soveposen sin var Jorunn. Men i motsetnad til meg trudde ho at ho hadde øydelagt heile soveposen sin. Eg vakna av at eg høyrte av lyden av at glidelåsene til garderoben vår (oppbevaringsteltet) gjekk saaakte opp. Snur meg og ser bakenden på Jorunn forsvinna inn. «Jorunn???!!!» (det er nemleg ikkje heilt ok å juksa på våre turar – sjølv om det skjer heile tida) «Jammen, eg fryser slik – brrrrrr….» «Eg får ikkje soveposen igjen over meg.» Då er det sjølvsagt lov å juksa – og så er det ingen som lenger ler av at Anita har ekstra sovepose med i sekken som kan lånast….
Resten av natta sov eg faktisk! Det er meir enn eg plar gjera på telttur – då får eg som regel berre duppa av innimellom. Eg hadde sove enda lenger enn til kl. 0730 om ikkje Jorunn hadde hatt vekkerklokka si på på telefonen! Og medan den febrilsk spela borti hengekøya til Jorunn for å få ho til å stå opp, låg ho i teltet og høyrte ingenting… Tilslutt måtte eg ropa til ho at det var på tide å vakna 😉
Og for ein vakker måte å vakna på…
Utsikt gjennom myggnettingen til venstre..
…til høgre mot garderoben – for tida Jorunn sin soveplass..
Og utsikt fram og opp 🙂
Og slik såg de ut over meg når eg fjerna myggnettingen 🙂
Aij, aij, aij – tumbs opp for hengekøye – dette var mykje kjekkare enn telt. Her innser eg jo at veret vil spela ei rolle – eg hadde kanskje ikkje sagt det same om det regna og bles. Men det må jo og prøvast, for eg må jo prøva om det funkar med tarpen over og 🙂
Og sjølv om ho enda med å liggja i teltet til slutt, var Jorunn og kjempenøgd med si hengekøye – det viser vel desse bileta tydeleg??
Jorunn hadde sett video på Youtube om at myggnettingen kunne henga slik som dette, for då kunne ein let røykja i køyen + knipsa aska utforbi????!!! Kven pokker er det som lagar Youtube instruksjon om korleis ein skal røykja i ei hengekøye???????!!!
Men, no var det frukost tid. Det er vel eigentleg feil og seia at det var eg som budde i tjenesteboligen, for det er jo Jorunn som diskar opp med det meste..
Mmmmmm….omelett m/bacon til frukost i elvekanten 🙂
Flott utsikt nedover elva i dagslys og 🙂
Då gjenstod det berre å pakka ned campen vår og prøva å få med oss alt i ei vending denne gongen..
Planen med å ha med telt var eigentleg at vi skulle ha tinga våre ein plass slik at vi ikkje skulle ha det så rotete…Litt usikker på om planen funka eller ikkje. Av ein eller anna grunn kalla vi dette Magnhild sin plass… 😉 (3.mann som ikkje kunne vera med denne gongen)
Utruleg nok klarte vi å trø alt ned i og utanpå sekkane våres..
Skal vera så enkelt med hengekøye, seier dei. Tar så liten plass, treng ikkje noko utstyr – kan berre ta den under armen og gå ut i skogen… Jommen sa eg smør – eg kom like oppakka bak Jorunn 😉
Vi kom oss forbi hestane denne gongen og – vi var faktisk heilt uinteressante i dag 🙂
Det var to veldig nøgde damer som køyrte heim til Jorunn for å fortelja Svein Vidar kor kjekt vi hadde hatt det 🙂
Hengekøye er tingen! Så nøgd var vi at vi etterpå tok bilturen heilt inn til Møsevatn for å kikka etter nye hengekøye- og teltplassar til framtidige turar 🙂
Kanskje eg legg litt bileter derifrå ein anna dag…