Dimmelsvik – Høylandsbygd – Uskedalen -Dimmelsvik….

…minutt for minutt i leigebil! Dei som har fylgt med på Bobla har nok fått med seg at eg hadde ein liten samanstøyt med ein traktortilhengar for ei tid sidan, og no har Priusen vore på verkstad for å bli god som ny igjen…

…og som erstatning desse dagane fekk eg utlevert leigebil – MED GIR!!!!! Det gjekk veldig fort å venna seg av med manuelt gir og over til automatgir når eg kjøpte Prius’en- eit par sekundar, vil eg tippa. Men andre vegen – frå automatgir til manuelt gir – eg blei både SVETT og HEIT i toppen!

Eg er sikker på at karane på Dimmelsvik Bil såg panikken i augo mine då dei informerte meg om at bilen eg skulle låna hadde manuelt gir – og at eg ein liten augneblink vurderte å slå meg ned på venterommet deira til Priusen var ferdig fiksa. Og eg var sanneleg ikkje sikker på om eg kom til å klara å forlata parkeringsplassen når eg sat meg inni bilen – eg har jo ikkje rørt ein girspake på fleire år! Men det var berre å hiva seg i det – eg måtte jo koma meg på jobb!

Det verste er jo å finna den rette balansen mellom clutch og gass – og det gjekk jo som forventa – mykje lyd og rusing av motor, men bilen rikka seg ikkje av flekken. «Ka» honen?? Ikkje eingong eit hopp frametter?? Eg kikka rundt meg – er det noko eg har gløymt??? Er handbrekket på?» Nei, ingen handbrekk på. Prøver igjen – og forlet Dimmelsvik Bil med eit hopp og ein motorlyd den bilen antagelegvis ikkje skal laga….

Ok, ok, no var eg komen ut på vegen i allefall – då skal det gå ganske greit eit godt stykke utover. Kikkar ned på dashbordet og der lyser ein liten grøn trekant med teksten «shift». «Ah, svarte – kva betyr dette – ka» ska» skiftas??» Hmmm…ser det er 6 gir på girspaken, det har eg ikkje vore borti før. «Kanskje eg skal liggja eit gir høgare enn eg eg vane med då??» Hiv giret opp eit hakk og lyset forsvinn – for ei stund. (Vi vart aldri heilt einige, eg og denne shift trekanten, i laupet av den tida vi tilbrakte saman. Lika sta begge to antar eg – begge ville bestemma kva gir vi skulle køyra i…)

Så går det som ein draum utover og eg har byrja tenkja at det skal gå greit å koma seg til Høylandsbygd likevel. Over Vågabrekko og rundar svingen før Slangeservice. Kvifor sakkar dei to bilane foran meg på farta?? «Søren klype – det ligg sjølvsagt ein syklist foran dei opp brekka. «Nei, nei, nei, eg kan ikkje bremsa her!!!» Dei to bilane foran meg klarer å koma seg forbi og eg ligg brått rett i ræva på syklisten med null sikt over kva som kan koma over brekketoppen i motsatt retning. Eg bremsar og girar ned, men kjenner panikken brer seg – om ikkje eg kjem forbi NO så kjem eg til å kvela heile dritten!! (motoren altså – ikkje syklisten) «Sykla, no då! SYKLA FOR FAEN!!» Vrenger bilen forbi så snart eg ser det ikkje kjem nokon bil i mot. «Phuuu…no hadde eg hatt bruk for ein drink og to…» Kikkar i spegelen og kan letta konstantera at syklisten framleis er på vegen…

Kjem meg forbi Herøysund, Raudstein og Långot utan fleire hindringar. Opp Stripo går det og greit, men så kjem eg på at eg skal over Hellandsbrua. Kjem ned forbi vassverket og ser at det er litt trafikk i krysset – skal eg tørra og gira ned og håpa på at eg klarer svingen utan å kvela motoren?? «Skal, skal ikkje, skal, skal ikkje, skal…» Og DER var eg i Teigen, ja. Vel, vel, det skal no gå lika raskt, om ikkje raskare. Eg treng jo tross alt ikkje køyra om Husnes kvar dag – det skjer jo ikkje akkurat så mykje der så tidleg på morgonen uansett. Svingar av mot Sunde på Reset og kjem meg igjennom alle kryss og rundkøyringa mot tunnelen utan heft.

Inn i tunnelen – «Søren – sjølvsagt ingen lys i dashbordet.» Orkar ikkje byrja tulla med å skru på brytarar for å finna lyset. Fortel meg sjølv at eg tross alt køyrer igjennom kvar dag, så eg må no for fanden klara å halda omtrent 80 på gefühl’en. Og for fyrste gang denne morgonen kjenner eg at eg det ikkje er så verst med gir – i nedoverbakken. Det er det eg savnar i Priusen – å kunna gira ned i nedoverbakkar i stadenfor å stå på bremsen heile tida.

Rasar utav tunnelen på Halsnøysida og ser at fartsnåla står som ein påle rett på 80-talet på fartsmålaren. «Hey, hey, eg er kanskje ikkje verdens beste bilførar, men nase for fart har eg i allefall ;-)».

No er det berre siste etappe til Høylandsbygd igjen og eg ber om at eg ikkje må møta bussen på vegen. Eg plar nemleg treffa bussen uansett kva tid på døgnet eg køyrer strekninga Tofte – Høylandsbygd…. «Herregud – tenk om eg må rygga???» Eg treff sjølvsagt bussen denne dagen og, men den står heldigvis parkert i utkøyrsla ned til Toftevågen 🙂

Då må eg berre koma meg igjennom nokre svingar til før eg er framme. Heldigvis møter eg ikkje på nokon køyrety eller andre hinder den siste biten. Bremsar ned når eg kjem til Hillestad og vrenger bilen av vegen og ned mot kontoret og får parkert. Så kan eg slappa av nokre timar før eg må køyra heimatt 🙂

Men så kjem ettermiddagen og eg skal på returen. Ryggar ut i frå parkeringa med same lyd som då eg starta i frå Dimmelsvik om morgonen – inne på kontoret sitt sit Ingrid og humrar og ler… Kveler sjølvsagt motoren i det eg skal køyra utpå hovudvegen og innser at dette kjem til å bli nok ein laaaang halvtime på vegen.

Køyrer igjennom tunnelen igjen – nok eingong må eg ta farten på gefühlen, og fartsnåla står som ein påle på 60-talet på fartsmålaren i det eg kjem ut på fastlandssida. «Fy søren så god eg er» 🙂

No må eg sjølvsagt satsa på Hellandsbrua – tar ikkje sjansen på at eg må bremsa ned i oppoverbakken på Reset og kvela motoren der. Prøva meg på bakkestart?? Nei, takk!

Eg har eit par bilar bak meg bortover Opsangervegen. «Forsvinn, ver så snill å forsvinn før vi kjem til brua…» Mine bønner vert høyrt og eg har ingen bilar bak meg når eg kjem fram mot brua og heldigvis berre ein framfor meg. Den køyrer raskt ut og eg kan stoppa ved stoppskiltet og konsentrera meg om å koma igang igjen utan kø bak meg. Eg forlet sjølvsagt ikkje Hellandsbrua utan å gje lyd i frå meg….Inne på Bil og Teknikk står dei sikkert og nikkar til kunden sin «Såg du det? Dimmelsvik Bil, veit du. Toyota…» Eg tør ikkje sjå i spegelen før eg har passert Långot og er sikker på at røykskya har lagt seg bak meg…

Men no kan eg slappa av litt – no er det berre strake vegen til Uskedalen. Eller vent, var det ikkje nokon som det var blitt 50 grense gjennom Herøysund?? Ja, så sanneleg, det har det. Kortid skjedde det??? Og heilt utan annonsering??? Ja, ja, eg får prøva å huska på det frametter – visste dåke det??

Hjem, kjære hjem, pustar ut i det eg kjem til Eik. No er det berre om å gjera å klara å svinga inn på Eikevegen før eg kveler motoren igjen…Men, tjohoo – det gjekk jo fint jo og eg trillar fint opp vegen og parkere på snuplassen 🙂 Eg tenkjer det er tryggast å parkera der – treng ikkje frista skjebnen med å rygga bort til huset… 😉

Bil

Fint parkert på snuplassen. Det er ikkje vanskeleg å sjå kor den høyrer heime, men har dei verkeleg tenkt over om all reklame er god reklame når dei overlet denne bilen til meg???

Turen att og fram på jobb på torsdag gjekk omtrent for seg på akkurat same måte – lika mykje lyd når eg starta og skulle avgårde, køyrte om Teigen på ut og over Hellandsbrua heim, held farten gjennom tunnelen, kvelte motoren i det eg skulle utpå motorvegen i frå jobb og klarte å svinga inn på Eikevegen å parkera på snuplassen utan å kvela motoren. Men denne dagen måtte eg på butikken, så eg gjekk inn og forlangte at Stian køyrte meg bort i sin bil 😉 (Det er heilt sant, faktisk).

I dag vurderte eg å leggja meg sjuk heime – bilsjuk 😉 Men eg hadde vel vorte avslørt ganske raskt, så eg fekk luska meg avgårde i dag og. Og har du sett, i dag var vi eigentleg litt vener eg og denne leigebilen (eg må innrømma at eg ikkje anar kva type det var anna enn at det var ein Toyota). Ikkje så mykje bråk med oss, shiftlyset lyste ikkje lika ofte og eg kom meg ut på hovudevegen på jobb utan å kvela motoren. Rigtig så hyggelege var vi med kvarandre – ja, utan om då vi stort sett prøvde å bruka alle gir når vi skulle forbi ein syklist på veg heim.

Men sjølv om vi likte kvarandre litt betre i dag, så var det ein lettelse å få meldinga utpå dagen om at Priusen var ferdig og stod å venta på meg. «Kan hentast ved andledning», stod det. Tuller du – det bar strake vegen til Dimmelsvik i frå jobben!

Eg måtte le litt når Wenche, på telefon, bad meg vera snill å fylla opp tanken før eg sat bilen i frå meg – bensin- (eller diesel i dette tilfellet)nåla hadde jo knapt rikka på seg desse dagane. Men sjølvsagt skulle eg fylla på. Det var berre det at når eg svinga inn på Besten i Dimmelsvik så var det kø ved pumpene, og då var det ikkje snakk om å stå der og rusa og kvela motoren, gjera nokre byks frametter no og då til det vart min tur å fylla. Nei, her skulle det kun PARKERAST!!! Men eg stikk ikkje i frå rekninga altså – eg la ein 200-lapp med nøkkelen, då tenkjer eg Wenche og Magnhild har nok til kvar sin is på mandag og 😉

Ååååå, så godt det var å sjå Priusen igjen 🙂 Og no så fin (og skiten) så han aldri har vore før. Altså den skiten skyldar eg ikkje Dimmelsvik Bil for – det får eg vel ta på meg sjølv.

For ei lykka å endeleg vera ferdig med manuelt gir – eg skal ALDRI kjøpa bil med manuelt gir igjen!!!! Så sit eg meg inn i Priusen og håpar ingen såg at det fyrste eg gjorde når eg skulle starta var å ta tak i girstaken for å setja den i 1-gir….

Prius.JPG

Endeleg heima 🙂

(PS! Alle som har hatt god underhaldning på vegane desse tre dagane- you’re welcome 🙂

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.