Som eg nemnte i mitt forrige innlegg, var eg på padletur på Staffivatnet søndag kveld. Det vart ein flott tur..
Medan Jorunn køyrte mannen heilt til endes av Blådalen for at han skulle få gå på ski over Fonna, køyrte eg opp og parkerte ved vatnet.
Her går det an å køyra heilt ned i vannkanten – noko som er greit når ein skal ha ein kajakk av biltaket 🙂
Og medan eg venta her, tok litt bileter…
….og naut sola…
…sat Jorunn nett rundt svingen og venta på meg 😉 Så den bilen eg høyrte koma på hovudvegen då eg parkerte, og som eg trudde var Jorunn, men som aldri kom ned til vatnet – var Jorunn likevel. Ho tenkte ho skulle venta på meg i tilfelle eg ikkje visste kor eg skulle… Så sånn gjekk det til at vi sat nokre meter i frå kvarandre i 10-15 minutt og lurte på kor den andre vart av 😉 Omsider fann Jorunn ut at ho skulle sjå om eg faktisk hadde køyrt ned til vatnet – og det hadde eg jo 🙂 Så då vart vel klokka bortimot 19 før vi kom oss på vatnet.
Men det gjorde ingenting…
…..veret var stålande fint, det var varmt og vatnet låg heilt stille 🙂
Den lille grønne og den lille gule på tur – igjen 🙂
Jorunn, som vanleg litt foran.
Som dåke ser så kom det litt krusningar på vatnet medan vi var på tur. Det kom litt vind, men det gjorde ingenting. Bortsett frå at vi hadde med oss eingongsgrill og hadde planar om å grilla pølser til kveldsmat – og vi ville jo ikkje seta fyr på heile Blådalen 😉
Fin liten gøymeplass, men her var sola gått ned og det var heller ingen opplagt plass å gå i land.
Så padla vi langs land tilbake og prøvde å finna ein plass det var fint å gå i land og tenna på grillen. Her ved utløpet til fossen f.eks., men det bles for mykje rett på land her.
Men fint var det no likevel 🙂
Vi fylgde vannkanten enda lenger tilbake, og fann både ein fin «lagune», fin teltplass og…
….Jorunn forsvann ein augneblink i sivet for meg 😉
Vi fann og ein liten bekk, men her kom vi ikkje så langt.
Tilslutt enda vi opp med å padla heilt tilbake til det som vi no kallar den «faste matplassen» vår, iom at vi åt der då vi hadde kveldstur på Staffivatnet i fjor og. Ein fin liten plass nesten rett over vatnet i frå der som bilane står parkert.
Vi rakk akkurat hit medan det enda var litt sol, men då vi var komen utav kajakkane var ho forsunnet. Det gjorde ingenting – det var likevel varmt og godt. (Faktisk så stakk eg neven i vatnet, med den forventning at eg ville frysa til is innan nokre sekundar, men det var ikkje kaldt i det heile tatt!) Vinden hadde stilna, så då var det berre til å fyra i gang grillen. Så kosa vi oss der med pølser og salater i alle variantar 🙂
Når vi var mett og god, var det berre til å setja seg i kajakkane igjen og padla over til andre sida kor bilane stod.
Både Jorunn og eg var nøgd med denne kveldsturen, og planane er allereie lagt for mange andre flotte turar 🙂 Så får vi berre håpa sommarveret vert betre enn i fjor – ser bra ut så langt i allefall 🙂