For nokre flotte sommardagar!

Ja, vi kan ikkje klaga over veret den siste veka – vi har jo hatt meir sommar desse dagane enn i heile fjor til saman! For min del har veka bydd på alt frå tvangsklypping (takk til gode venninner, eller det var no eigentleg berre Jorunn, som tar affære når ikkje eg får gjort det sjølv 🙂 ), fin kveldstur inn i Fagerdalen med Ann Irene, kjekk firmafest med heile Norwatergjengen på fredag som innebar både putballspeling, god mat og drikke på Bøkkeren og revy på Husnes, heile laurdagen gjekk med til soling og i går fekk eg han far til å ta meg med på båttur til Ånuglo..

….kor eg sonderte padleterrenget 🙂

IMG_0057

Det er ikkje så lett å ta bilete av «hjem, kjære hjem» lenger – det er mykje skog på Eik for tida.

IMG_0068

Forbi Brødrene Hjønnevåg.

IMG_0082

Og så nådde vi Ånuglo 🙂 Ja, dette er ikkje sjølve Ånuglo då – som alle skjønar så er dette kun eit skjer sjøen ved Ånuglo 😉

IMG_0086

Hvis ein ser godt etter, ser ein at dette er eit skikkeleg måkeskjer.

IMG_0094

Utsikt mot Tysnessåto frå skutesida.

Det er jo fantastisk flott padlefarvatn her borte – her må vi få over kajakkane fortare enn svint. Eg prøvde og å sjå etter evt. plassar å campa. Eg klarte ikkje å sjå nokon teltplassar i frå skutesida, men det kan no henda ein finn det om ein går i land. Hengeøyeplassar derimot, hengekøyeplassar finnes det nok i tusenvis 🙂 Heile Ånuglo er jo dekka av trer – nesten heilt ned i vannkanten 🙂

IMG_0095

Det var høg flo i går – favorittstranda mi låg heilt under vatn.

IMG_0100

IMG_0105

IMG_0115

IMG_0117

IMG_0121

Mykje idyll 🙂

Sjølv om det var stor flo i går, var det enda plasser det ikkje gjekk an å koma til med båt fordi det er for grunt og for mange skjer i sjøen. Men med kajakk skal ein nok greit koma seg fram, så eg gledar meg til vi skal på oppdagelsesferd her 🙂

I går kveld var eg faktisk på padletur – på Staffivatnet med Jorunn. Det får bli eit anna innlegg, kanskje i morgon 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.