Eg plar sno meg unna det årlege Solfjelløpet, men i år vart eg utfordra av Maren, 8 år, til å gå – så då var det ingen veg utanom 😉 Dei to gangane eg har gått løpet tidlegare har det vore skikkeleg drittver og kald, men i går var det heldigvis skikkeleg sommarver 🙂
Litt over kl. 10 var vi klare for tur – 3 vaksne og 2 småjenter 🙂
Fyrste del av Solfjelløpet går opp Ståle sin skogsveg. Etter eit par svingar tar vi av for ein «snarveg» rett opp lia – at nokon friviljug vel å springa opp her, er meg ei gåte… Etter bakken kjem vi inn på skogsvegen igjen og føl den til endes.
Vi løyste sjølvsagt spørsmåla på veg oppover. Eg veit ikkje om det er noko godt tegn at det var eldstemann som kunne svara på spørsmål som dette…. Fotball hadde vi overhovudet ikkje peiling på – det er faktisk ODD som har vunnet cupen flest gonger! Vi har nok bomma på litt fleire spørsmål og – vi vann i allefall ikkje 😉
Gjengen har nesten nådd enden av skogsvegen og saftstasjonen før vi skal vidare over Steinheia.
Lang, lang rekke..
På veg over Steinheia danna Ann Irene og eg fortroppen, Magnhild, Edel, Maren og Anna Simone baktroppen. Eg hadde tenkt å venta på baktroppen ved foten av Solfjell, men rapportane eg fekk tyda på at det kunne ta ei stund iom at det vart ymta frampå av forbigåande at dei hadde tatt lunsjpause på heia ein eller anna plass. Så då fekk eg heller luska meg etter Ann Irene som no var godt i gang med oppstiginga til Solfjell.
Tilbakeblikk før siste etappe opp til Solfjell.
Eg fann Ann Irene igjen oppi fjellsida, så då gjekk i i fylgje igjen siste biten opp mot toppen. No byrja dei spreke som sprang løpet koma forbi oss ein etter ein og, så no måtte vi fylgja med på stien både foran og bak 🙂
Toppen i sikte!
Masse folk som kosa seg på toppen av Solfjell i strålande sommarver i går 🙂
Sist eg var på Solfjell var det slik skodde at ein ikkje såg nokon ting, men når veret er som i går har ein flott utsikt…
Utsikt heimover. Det er ikkje så godt å sjå, men Stian har, dei siste vekene, hatt arbeidsplassen sin ved elva som renn ut i enden av Mannsvatnet midt i biletet. Her byggjer dei demning i samband med det nye kraftverket på Haugland.
Rosendal og omegn.
Vi fekk medalja vi og, sjølv om vi ikkje sprang på tid 😉
Nøgd med å ha kome opp på toppen 🙂
Ahhh – så fint vi har det!
Etter ei stund kom baktroppen opp på toppen og så kosa vi oss vel og lenger her før vi byrja på turen ned att. Og både dei gamle og unge var einige om at vi hadde hatt ein fin tur 🙂