Ny rundtur!

Det er ikkje så lett å finna nye stiar og ruter å gå på i Uskedalen lenger – eg har vel vore i dei fleste kringelkrokar etterkvart, men i dag fann eg meg ein ny liten rundtur 🙂

Fyrst gjekk eg opp Pålavegen…

1

Nydeleg ver – kosa seg han her og i dag.

2

Så fylgde eg denne pila eit stykke…

3

….måtte snu og sjå meg attende meir enn..

4

…ein gong 🙂

5

Tverrfjell langt der framme. Altfor langt når ein ikkje har skikkeleg nista med på tur. Eg legg heller ikkje ut på slike langturar aleine – det blir for kjedeleg.

Så istaden for å fylgja stien mot Tverrfjell enda lenger, valgte eg å hoppa av her. I stadenfor snudde eg snuten andre vegen igjen og gjekk opp på næraste topp.

6

Ingent dumt valg det, syntes eg 🙂

7

Ulvanåso, Englafjell, Skorpo, Tysnes, Mannsvatn, Solfjell…you name it 🙂

9

Mannsvatn!

Men i frå denne toppen kunne eg ikkje sjå Vatnastøl, og det hadde eg litt lyst til. Difor gjekk eg vidare ned mot toppen ved sida av.

10

Ein eller annan har hatt eit herremåltid mellom desse to toppane – her låg det mykje ull, for å seia det på den måten..

11

Vatnastøl!

12

Meir Mannsvatn og ungdomslagshytta Fjelly.

13

Meir av alt 🙂

No hadde sola gøymt seg bak ei sky, og då vart det faktisk litt kaldt. Eg valgte difor å fylgja ein sti eg fann vidare nedover. Eg trudde fyrst det var ein sauasti, men etterkvart dukka det opp merkepinnar – dog i diverse forfatningar. Eg trur ikkje denne stien er så velbrukt…. Tilslutt enda eg der kor stien kjem opp frå Mannsvatn, og då var det berre til å fylgja den tilbake til Pålavegen 🙂

15

Eg fulgte altså stien mot Tverrfjell rundt toppen til høgre, snudde og gjekk opp på den, gjekk ned på toppen til venstre og fylgte ryggen tilbake mot Mannsvatn.

Dette var ein kjekk liten rundtur eg heilt sikkert kjem til å gå fleire gonger 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.