Diverse

Pascals franske makroner!

Litt rufsete ver i dag med vind og litt regn – fristar ikkje med noko tur i dag.Så då måtte eg finna på noko anna. Brått fekk eg lyst på franske makroner! Og kven kan laga dei betre en Pascal? Google, Google og vips så hadde eg oppskrifta foran meg 🙂

No har eg høyrt at når det gjeld makroner så må ein vera veldig nøye med å fylgja oppskrifta. I denne skulle det vera 280g mandelmel – eg stod med ein pose 200g mandelmel frå Coop Prix (jippi- dei har mandelmel 🙂 ) i handa…. Hmm… skit au – eg får berre prøva å tilpassa resten så godt eg kan, tenkte eg. Skulle eg då styra med å rekna ut kor mykje mindre eg måtte ha av alt det andre, eller skulle eg ta det på feelingen? Ka» dåke trur? Eg treng vel ikkje skriva svaret…

1280g mandelmel (i dette tilfelle berre 200g) blandast med 370g melis (i dette tilfellet då litt mindre)

2

Dette siktast så saman i ein bolle.

Så piskar ein 230g eggehvite (romtemperert) på lav styrke. Her hadde eg då 6 egg til rådigheit – det blei 184g eggehvite. Passa sikkert greit, tenkte eg iom at eg jo likevel skulle avpassa litt. Når Pascal skriv at dei skal piskas på lav styrke så innbillar eg meg at min handmixar på full styrke antagelegvis tilsvarar hans konditorutstyr på lav styrke… 125g sukker blandast i litt etter litt til ein har ein fin marengs. Konditorfarge kan ein og ha i no.

4

Så vender ein eggehviteblandinga i lag med melblandinga.

Så skal makronrøra på brett. Her har eg jo litt utstyr å velgja i, men iom at makronane skal vera runde og fine, enda eg opp med å bruka denne…

5

…..sprøyta – eit av dei mest tullete kjøpa eg har gjort. Det er grisete og den funkar ikkje noko særleg godt. Men no var det no den som hadde rett tut i dag.

Og eigentleg så spela det ingen trille kva sprøyte eller tut eg brukte i dag, for eg skjøna jo med eingong at denne røra ikkje var heilt slik ei makronrøra skal vera. Eg kunne lika så godt ha klaska det på brettet med skei. Istadenfor fine, runde makronar, såg mine ut som slike «ormereir» ein ser på sandstrandbotn når ein badar…

6

See my point? Ikkje akkurat noko fransk svung over dette her…. No skulle dei stå slik i ein halvtime og blomstra før dei skulle 12-16 min i varmluftomn på 160-170grader.

Det var ein liten augneblink midt i steikinga er faktisk trudde dei hadde jemna seg utover og tenkte «Yes! Dette blir bra!». Uheldigvis kunne eg ikkje ta dei utav omnen då, så når dei var ferdige såg dei nett lika…

7

…mislykka ut som når eg sat dei inn…

Vel, vel, det er ikkje det at eg ikkje har laga makronar før, så eg veit jo at eg kan… Men neste gang får eg vel kanskje høyra på ekspertane: «Når det gjeld makronar så må ein fylgja oppskrifta til punkt å prikke»

I dag får eg trøysta meg med at eg bakar slik Pascal dansar – ikkje heilt toppscore, altså!

Men no gløymte eg nesten det viktigaste – om dei smaka godt?? (Ein skal jo eigentleg ikkje eta ferske makronar, men venta minst eit døger – are you kidding me???)

8

Eg vil i allefall ikkje nemna kor mange eg har ete….hittil…i dag… 😉

Advertisements

Kategoriar:Diverse

Tagged as:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s