Nok ein vakker haustdag!

I går fekk vi nok ein vakker haustdag med sol og strålande ver 🙂 Sidan eg frameleis går her heima utan mål og meining for tida, var det berre til å få på seg turkleda igjen….Denne dagen valgte eg å gå opp skogsvegen som startar rett etter ein har passert fyrste grinda inn til Fjellandsbøvatnet. Denne vegen er veldig steinete og litt irriterande å gå på i byrjinga, men ein kjem seg raskt oppover fjellsida og ein skal ikkje så langt før ein få flott utsikt både over Fjellandsbø og heimover dalen.

1

Steinete veg dette her.

2

Men flott utsikt over Fjellandsbø 🙂

3

Nærmar meg vel toppen no?

4

Og slik ser det ut ved enden av skogsvegen.

Sjølv om ein har fin utsikt oppover skogsvegen ser ein i grunnen kun skog og fjell når eg har nådd enden av vegen. For å nyta utsikta må ein gå enda litt høgare – og då er det i grunnen det same om ein vel å gå opp mot høgre eller venstre. Det er ganske myrete og vått her oppe, så litt meir vanntette sko enn eg hadde på meg i går hadde gjort susen….

5

Ein skal ikkje gå så mange høgdemeter til før dette openberrar seg 🙂 Litt irrriterande med den solstråla, faktisk, men den ville absolutt vera med på bileta..

Eg valgte fyrst å gå opp på toppen rett ovanfor enden av skogsvegen for å nyta litt niste der.

6

Fin plass å eta niste og nyta utsikta heimover på dette 🙂

8

Eller kikka ned på Fjellandsbø og heilt inn i Matre/Skåneviksfjorden.

Eg måtte etter ei stund krypa ned i frå den steinen eg hadde sett meg på. Eg er veldig flink til å tenka på meg høgdeskrekk, så og i går. Den steinen har sikkert lege fast i fjellsida i hundrevis av år, men eg klarte å overbevisa meg sjølv om at i går var heilt sikkert dagen den kom til å ramla utfor… Klarte å klamra meg fast ei stund medan eg sa til meg sjølv at dette var øvelse på å sitja ytters på kanten på Trolltunga – som om det nokon gong kjem til å skje!

Vel, vel, det er jo måte på kor lenge det er interessant å eta niste, sjå på utsikta og fylgja med på ei ørn som svevar rundt (eg klart sjølvsagt å innbilla meg at ho sirkla meg inn som eit måltid og), så etter ei stund var det på tide å bevega seg litt igjen. No valgte eg å gå andre vegen eit lite stykke – altså mot Uskedalen. Kava meg over myrområdet og ein bekk, men så kom eg over på tørr mark igjen.

9

Ulvanåso og fine haustfargar.

12

Herifra ser ein lengre enn lengst 🙂

Men no hadde eg brukt nok tid att og fram opp på fjellet her. Nista mi hadde eg ete opp og eg hadde byrja bli svolten igjen. Mon tru om det gjekk an å gjera noko med det??

13

Sjølvsagt! Sjå her, eg måtte berre venta ei lita stund så dukka Sæles Takeaway ekspress opp 🙂

14

Ikkje verst! Ikkje alle som har slik service på fjellturane sine 🙂

Ja, dette var flott! Det er ikkje alle forunt å nyta slik service til fjells 🙂 Ann Irene fekk ein litt kortare tur enn meg i går, men eg trur ho var nøgde meg å ha fått nyta nokre timar ute i det fri ho og 🙂 Mette og nøgde kunne vi rusla ned skogsvegen igjen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.