What’s up?

Hva skjer a Baghera?? Ingenting, Tingeling….Ja, nei, kva skjer eigentleg? Det er no helst rolege dagar, men tida flyr no uansett..

Står opp sånn ca. nokre timar etter det eg er vane med normalt, lagar meg ein kopp te og litt frukost, tar på treningskler og joggesko… Eg hatar å jogga, men det skal jo ikkje vera kjekt å vera permittert, så eg slit meg igjennom ein meter og to. Eller eg tar ut på fjelltur – veret har jo ikkje vore så verst den siste halvanna veka.

1

Eikedalen

2

Låganåso (ikkje så velig fint ver den dagen)

5

Fjellandsbø

8

Pålavegen…

Ja, eg er visst både høgt og lågt for tida 🙂

Så prøver eg meg på nokre huslege syslar innimellom. Eg hatar husarbeid, men det skal jo ikkje vera kjekt å vera permittert, så eg prøver meg på ein ting og to…

3

Flaskepanting f.eks – alltid spanande å opna det skapet…

6

Baking er ikkje så verst 🙂 Desse knekkebrøda f.eks er kjempegode. Oppskrifta er enkel: Mølleren’s ferdigpakke, spe på med vatn og olje og så: Voila! Lika god og vel så det som dei ein lagar frå botn, så ingen vits i å finna opp kruttet på nytt…

7

Avokadoen er i ferd med å døy ut pga av heten i California, så her er det berre til å planta i veg….

9

Så strikkar eg litt. Eg strikkar eigentleg meir enn litt. Eg strikkar faktisk skrekkeleg mykje for tida, men det må det vera lov til no når kveldane har byrja bli så mørke. No høyrte eg at det gjekk eit sukk igjennom dei som forventar å få julepresang av meg i år – eg kan diverre ikkje trøysta dåke noko særleg….

Ja, det er stort sett dette dagane går i for tida 🙂 Ein kan fort bli vane med slike dagar, men det er vel ikkje så lenge til det blir litt for kjedeleg. Då får eg prøva å finna på noko anna, men ikkje i dag, og ikkje no, for eg har visst lovt på meg å baka noko godt til kvelden – så då får eg berre hiva meg rundt 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.