Ja, då har eg fått litt meir fritid enn eg hadde planlagt – i går fekk eg diverre beskjed om at eg blir permitert i frå jobben min. Som så mange andre har vi i det siste merka godt til den såkalla oljekrisa og det har blitt rolege dagar. Då var det ingen veg utanom. Slik er det i vår bransje – det går litt opp og ned. Heldigvis ser det bra ut for oss på lengre sikt, det tar berre litt lengre tid å landa ting fortida, men forhåpentlegvis ordnar ting seg snart 🙂 Hvis ikkje, ja, nei, då får ein vel berre prøva å finna på noko anna 🙂
Det går jo ikkje an å setja seg ned å mulka for mykje over dette, sjølv om timiningen er veldig dårleg. Men kortid passar det å bli permitert eigentleg? Eg får berre prøva å gjera det beste utav det. I går f.eks var jo ein strålande dag vermessig, så då arbeidsdagen brått vart veldig mykje kortare enn planlagt, kunne eg bruka dagen på ein fjelltur i stadenfor framfor kontorpulten.
Eg heiv meg rundt og tok ut opp Pålavegen.Det har ikkje vorte for mange fjellturar i det siste, så vegen var både lang og dryg, men opp kom eg no denne gongen og.
Eg hadde i grunnen tenkt å gå opp og ned same vegen, men då eg stod der på toppen og skua utover Mannsvatn bestemte eg meg for å ta «øvste vegen» langs vatnet mot Storhaug og gå ned Ståle sin veg i stadenfor. Ka» fanden – det var sol, flott og eg hadde jo all verdas tid å ta av….
Mannsvatn på sitt finaste!
Ja, det var ein fin impulstur eg fekk i går 🙂 Og så passa det så fint at guten kunne svippa ein tur opp i dalen og plukka opp mor si som kom ned frå fjellet når han var ferdig på jobb – så slapp eg gå oppatt dalen og henta bilen min 🙂
I dag har eg brukt dagen til å finna ut at det kanskje ikkje hadde vore så dumt å halda CV’n sin ved like no og då, huska kor ein har div. kontraktar, vitnemål, attestar etc.etc. Er noko styr dette NAVgreiene, men det må vel til…
Kva eg skal finna på i morgon? Kven veit – eg får vel aktivisera meg med eit eller anna då og – byrja på julepresangane kanskje?? 😉