På dag to av familien Glums store utflukt i helga stod tur til Kjeåsen på programmet. Bratt og høgt over havet – heldigvis går det bilveg opp….Som skrive i mitt forrige innlegg så vakna vi til strålande ver denne dagen – fekk god utsikt til dagens turmål då vi køyrte innover fjorden..
Hvis dåke ser godt etter, så kan dåke skimta Kjeåsen til høgre bortanfor skaret midt i biletet her.
På førehand visste vi at vegen var einvegskøyrt og at ein måtte køyra opp og ned på gitte tider. Kan skjøna vi blei litt nervøse både Priusen og eg då vi måtte venta litt ved dette skiltet:
Men det gjekk fint. Det var ikkje sånn superbratt, berre sving etter sving og ein 2,5km tunnel heilt på slutten. Ikkje var det spesielt smalt heller, men eg skjønar jo at dei køyrer einvegskøyring med tanke på at både bussar, bubilar etc. skal opp og ned her. Det er jo helst om sommaren – i går var vi 3 bilar som køyrte opp kl. 11 🙂
Og for ein flott plass!! Eg trur eg lar bileta tala for seg sjølv (stort sett):
Eit slikt bilete hang faktisk på veggen i hytta vår.
Kjeåsen i sikte 🙂
For ei utsikt!!
Eg kikka over kanten for å sjå om eg kunne finna ut kor stien gjekk. Det fann eg ikkje heilt ut, men eg fann i allefall ut at det IKKJE nødvendigvis er ein sti eg MÅ gå nokon gong.
Liten fotograf i arbeid 🙂
Litt lei turistar han her, trur eg 😉
Kjøpa?? Berre 7mill. som må til 🙂
Ein liten fjellfie på Kjeåsen…
Men så måtte vi ta pikkpakket vårt med og rusla tilbake til bilane.
Dagens utflukt var over, alle var nøgd og vi kunne ta fatt på heimreisa 🙂 Anbefalar alle om å ta seg ein tur til Kjeåsen om sjansen skulle by seg 🙂