Familien Glum har vore på utflukt!

I helga har familien Glum vore på ein av sine sjeldne utflukter igjen. Anledningen denne gang var mors 70-års dag på laurdag. Vi har vel i grunnen ikkje tatt ut på tur sidan vi feira fars 70-årsdag med  Familien Glums store Hardangerutflukt, og vi trua eigentleg med å ta denne turen oppatt når vi no skulle feira mors store dag. Det vart ikkje heilt slik, men vi tok faktisk ut på nok ein Hardangertur – denne gang til Eidfjord. På vegen dit måtte vi sjølvsagt passera:

DSC_0042~2

Furubergsfossen

Vi tok ein kjapp stopp i Kinsarvik for å få i oss litt boller og brus. Denne gangen sat vi utanfor Spar butikken og ikkje inne på bensinstasjonen der far måtte feira sin 70-års dag… Så bar det strake vegen til Eidfjord kor vi hadde tinga oss hytter her:

DSC_0059

Veldig nøgd med dei hyttene som låg plassert nedanom pensjonatet heilt i elvekanten. Fine, koselege og med god plass. Men kva skal ein finna på i Eidfjord – det er jo faktisk ikkje verdens navle… Vi bestemte oss for å ta ein tur på Hardangersenteret..

DSC_0049

Felix Emil la med eingong merke til at her hadde dei geiter på taket!! Medan storparten av familien såg film, tusla jubilanten og Ariana rundt og såg på dyra i senteret..

DSC_0043

DSC_0045

Flott kar – eller dame – kva veit eg….

Middagen inntok vi på pensjonatet, før vi tok ein svipptur å kikka på Vøringsfossen og. Litt uheldige med veret, det byrja regna eindel då vi kom dit….

DSC_0065

DSC_0063

DSC_0070

Familien Glum minus jubilanten som var på veg i bilen igjen… Ja, og så fotografen, då.

Ellers så fann vi desse attraksjonane nede i Eidfjord:

DSC_0055Artig bruk av ein gamal telefonkiosk.

DSC_0057

Han her klødde visst litt i nasen.. 🙂

Men vi hadde jo ikkje gløymt kvifor vi var på tur – vi måtte jo ha litt bursdagsfeiring og 🙂 Den tok i eine hytta om kvelden.

DSC_0076

Medbrakt kake frå Yngves konditori – vi var litt spent på kor sveitt marsipanen kom til å vera etter ei så lang reis – det gjekk fint 🙂

DSC_0078

Jubilanten fekk sjølvsagt både hatt, kake med 1 lys (70 blei så himla mykje) og eit lite glas med bobler 🙂

Store og små var nøgd med fyrste dag av utflukten vår 🙂 Då vi vakna i dag hadde dette fine paret…

DSC_0083~2

Blondebryllaupsdag, og veret såg ut til å bli…

DSC_0084

Strålande!!!

Det passa oss veldig bra, for i dag skulle vi på skikkeleg utflukt!!

To be continued…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.