Ja, i dag har eg gjort mi plikt både her og der….
Fyrst starta eg dagen med å gå Søralløpet med mor – eg må innrømma at eg har hoppa over dette løpet nokre år no. Men i dag hadde eg ikkje noko spesielt på programmet, så då var det berre til å ta ut.
Vi var blant dei som starta løpet fyrst og var heldige og kom oss igjennom løypa utan altfor mykje regn. Eindel vind var det, spesielt då vi passerte golfbanen på tilbakevegen. Var kanskje vinden han skulda på den golfaren som gjekk i skogholtet og sparka i graset og… 😉
Kven som vann løpet i år veit eg ingenting om, vi var på heimvegen igjen før løparane hadde starta…
Og medan eg no eingong var påkledd og på vegen slo det meg at eg like godt kunne gjera nok ei plikt og ta turen innom Rosendal og avgi stemma mi i kommunevalget.
Kanskje eg skulle ha fylgt litt meir med på informasjonen om KVAR eg skulle stemma, for eg klødde meg litt i hovudet då eg parkerte. Det såg jo veldig mørkt ut på rådhuset? Men i samfunnshuset var det folk og eg gjekk etter vaffellukta… » Så koseleg», tenkte eg, «eg kan ikkje huska at dei har stilt opp med vafler og kaffi i valglokalet i Uskedalen nokon gong». Det hadde dei ikkje her heller. Før eg klarte å koma meg heilt inn til vaflene fekk eg nemleg eit lite hint om at «Du skal sikkert ned i gymsalen – her er det korpsøvelse… 🙂 » Då angra eg litt på at eg hadde valgkortet i handa og ikkje klarinetten… Og i gymsalen var det ingen vafler eller andre godsaker, så her fekk ein ikkje gjort noko meir enn akkurat det ein kom for – å avleggja stemma si 🙂
Neste gang stiller eg kanskje eige parti som har som parole «Ja, til vaffelkaker i valglokalet på valg dagen!» Og akkurat no slo det meg at den eigentlege valgdagen faktisk er i måro – kanskje dei faktisk har vafler der då???