Stolar dåke på YR.no? Eg kjenner ingen som stolar meir på YR.no enn Ann Irene 🙂 Ho les det nesten som Bibelen – og det er ikkje rom for tolkning. Vi kan sitja i skauen i øspøs regnver medan ho kvitrar: «YR seier det er sol her no!», så overtydande at vi nesten trur på det.
I går hadde vi avtalt at vi skulle gå tur, det var lenge sidan sist, og YR sa det skulle bli opphaldsver og sol.
Då eg kikka ut vindauga på morgonkvisten, såg eg at det hadde snøa langt nedover fjellsidene. Vi hadde snakka om Sandvollvarden, men eg har ikkje somla meg til å kjøpa nye vintarsko enda, så eg skjøna at det kunne bli både vått og kaldt. Men ikkje i fylgje Ann Irene. I fylgje ho var det hverken snø på Sandvollvarden, Dyrrindo eller i Husnesfjella – i allefall ikkje på laurdag. Jammen, jammen, tenkte eg, medan eg kikka på dei kvite fjella og skogen, samstundes som det kom ei sluddbyge. Langt om lenge kom det fram at Ann Irene hadde ikkje eingong stått opp enda – ho låg i senga og kikka på YR.no 🙂
På eit eller anna tidspunkt klarte vi å einast om å ta turen til Valedalen 🙂 Og når vi fyrst vart, einige, då fekk vi farten opp, svinga oss rundt og møttes på parkeringsplassen opp til Svartatjødno. Og vi var slett ikkje åleina om dette turmålet i går – det var smekkfullt med bilar der då vi kom.
Omtrent det fyrste Ann Irene sa då eg traff ho var: «Det var ikkje så mykje snø i fjella i går!?» «Nei, nettopp – det var det eg hadde prøvd å få fram i meldingane mine.»
Det er mykje finar veg etter bommen opp til Svartatjødno enn i frå hovudvegen og opp til bommen.
Eg velgjer alltid minste motstandsveg, og ville sjølvsagt valgt å gå den lengste, men slakaste vegen. Men det vart til at vi gjekk Spirdalen. Eg protesterte ikkje så veldig – det var tross alt eg som hadde dårlegast tid til å gå tur i går, iom at eg hadde bedt gjester på besøk om ettermiddagen.
Eg trur ikkje vi ensa så mykje av vegen, eller omgjevnadane medan vi gjekk i går. Vi var mest opptatt med å oppdatera kvarandre på kva vi hadde gjort så langt i 2020. Men eg huskar eg kikka opp og fekk auge på….
….denne bakken og vart litt forvirra. For det fyrste kunne eg ikkje huska ein så bratt bakke, og for det andre så var vegen veldig dårleg. Men så slo det meg «Eg går jo i Spirdalen!». Eg hadde rett og slett gløymt ut av vi gjekk Spirdalen og ikkje andre vegen – er det eit dårleg teikn??
Nesten oppe – Ann Irene ligg som vanleg litt foran.
Om det var eit dårleg teikn at eg ikkje huska kor i lendet eg befann meg, så tok eg det i allefall som eit godt teikn at eg i går syntes at Spirdalen har fått eit ufortjent dårleg rykte. Det er slett ikkje så gale å gå opp denne vegen. Det er den siste, bratte bakken som er litt tøff, men ellers så er det ikkje ille å gå denne vegen i det heile tatt.
Då hadde eg og kava meg opp 🙂 Og sjå flotte, kvitkledde Mjelkhaug i sol!
Vegen vidare no er lettgått, og ganske raskt kjem ein inn til…
….Svartatjødno. Sjå kor vakkert – no byrja YR.no meldingane å stemma 😉
Eg trur vi var så fjetra av snø, sol og vakker natur, at vi ikkje tenkte på å diskutera om vi skulle gje hos her eller gå vidare. Vi berre gjekk 🙂
Det er ein skikkeleg flott veg dei har laga inn her no. Og skulle det koma såpass mykje snø at ein kan gå på ski her, så er jo dette ein super løype. Det einaste eg saknar er litt benker og bord, men det kjem kanskje etterkvart?
Siste del av vegen stig ein sakte oppover og får etterkvart flott utsikt 🙂
Industrien på Stord – sist eg såg dei stod eg nede i sjøkanten på Bjellandsneset 🙂
Berre den siste bakken igjen før vi er oppe 🙂
Og så…
….som ved eit trylleslag fekk eg auge på min eigen skugge for fyrste gang i år 😉
Nesten så ein kjente D-vitaminlageret fylte seg opp 🙂
Då var vi endeleg oppe på demninga.
Og finare enn dette kan det knappast bli, eller kva synes dåke:
Valedalshytta.
Utsikt andre vegen.
Særs nøgd med turen så langt 🙂
Vi gjekk ikkje inn til hytta i går. Sidan det ikkje var nokon plass å sitja ned her oppe, valgte vi å gå på heimatt etter å ha fotograftert i det vide og det breie. Vi ville heller ta ei kaffi-/solbærtoddypause i gaphuken på toppen av Spirdalen.
Nydeleg – og jammen hadde vi fortjent ein slik dag no 🙂
Vi tok ei lita pause i gapahuken, som planlagt, før eg tok beina fatt ned Spirdalen igjen for å rekkja heim til gjestene kom.
Valedalen er ei perle og kan sterkt anbefalast som turmål 🙂