I dag vart det innekokkelering istadenfor utekokkelering. No er det vel inne på kjøkenet 99% av kokkelering mi foregår, så sånn sett så er jo ikkje dette noko å skriva heim om. Men i dag fekk eg lyst til å visa dåke korleis eg lagar mine falaflar 🙂
Eg veit ikkje kva andre får i «byblom» når vener og bekjente kjem heim frå ein tur til Sverige, men eg får altså…
….ein pose med tørka kikerter når Jorunn har vore å tur! Rett skal vera rett – eg fekk faktisk 3 poser sist ho hadde vore på tur 🙂
Mogleg andre hadde blitt litt sur og fornærma over ein slik «byblom», men eg blir jo hoppande glad – då kan eg laga falafel 🙂
No treng ein sikkert ikkje reisa heilt til Sverige for å få tak i tørka kikerter, kanskje må ein ikkje utav kommunene eingong, men ein må i allefall ha tørka kikerter for å laga falafel. » Det er berre noko kokkefjas», tenkjer du kanskje. Av og til er nemleg slike ting berre kokkefjas, men i dette tilfellet stemmer det. Det blir ikkje bra falaflar av kokte kikerter som har lege i lake – eg har prøvd 😉
Dei tørka kikertene må liggja i vatn (helst) over natta før ein kan laga falafelfarse…
….ein må bruka rikeleg med vatn – kikertene eser godt ut i vatn (som oss andre). Så siler ein av vatnet og tørkar dei godt. Eg brukar salatslynga til det 🙂
Så blandar ein i resten av ingrediensane: Bladpersille, koriander, løk, vårløk, kvitløk, salt, pepper, spisskummen, cayennepulver, bakepulver, potetmel og saft av ein lime. (Vil du ha nøyaktig oppskrift må du googla – eg tek det som regel på ein hytt. Og ja, med så ymse resultat)
No er ein klar til å køyra alt i kjøkenmaskina…
….til det blir ein passeleg farse.
Lag små boller av farsen og la dei stå i kjøleskapet i minst ein time…
….før dei friterast i olje. Eg skulle vel brukt olivenolje, men før eg hadde fått tenkt meg om, hadde eg brukt solsikkeolje for det er det eg er vane med å bruka til fritering 🙂 Det funka det, altså, trur ikkje det hadde noko å seia for smaken.
Bollane friterast i nokre minutt til dei er blitt brune og har fått ei crispy skorpe. Ein må gjerne laga mange – falafel kan ein hiva i frysen 🙂
Falafel passar godt i…
…pitabrød med….
….salat og tzatsiki. (Og ja, pitabrøda mine er faktisk heimelaga dei og 🙂 )
Denne gongen traff eg bra med «hytt’n» min – desse vart skikkeleg digg 🙂