Litt vinter ved Myrdalsvatnet!

I går inviterte Jorunn meg med til Myrdalsvatnet. Dvs. ho sendte melding og sa i frå om kor ho hadde tenkt å gå tur, og det tok eg som eit hint om eg ville bli med. Og når Jorunn «inviterer» til tur, må eg berre hiva meg rundt og bli med. Snart er nemleg graset grønt att, og eg reknar med at eg atter kjem til å bli dumpa til fordel for ein sjølvgåande grasklyppar og to… 😉

Ei lita stund såg det ut som om vi til og med skulle få ei lita solgløtt i går, men den gang ei. Men vi var nøgd berre med at det var opplett….

…og faktisk litt antyding til vinter 🙂

Nokon hadde pynta litt til jul på Midtsetra.

Jorunn hadde eit poeng i at mange klagar på dei som kjøper hytte i hyttefelt og meinar det ikkje kan vera noko stas å ha folk rundt seg på alle kantar. Men hyttefelt er jo ikkje noko nytt – ein budde jo slik før i tida og 🙂

Myrdalsvatnet i sånn passeleg vinterstemning. Vi trudde det skulle vera litt meir snø enn det var.

Gygrastol.

Vi traff mange andre turgåarar på vår veg i går – både på veg inn til vatnet og på veg heimatt. Inne ved vatnet var det og eindel folk. Nokre steikte pannekaker på primus og det lukta så godt at ein vart jo akutt svolten 🙂 Men Jorunn og eg var ikkje så veldig godt forberedt på tur denne søndagen og måtte smøra oss med tolmod….

….for det vi hadde tatt med var ei glasskål med djupfrosen kylingsuppa…

…og det tok litt tid å få den tint 😉 

Vi rakk å få den både tint og kokt nett før vi gjekk tom for gass 🙂 Ikkje at det hadde vore noko krise, for pannekakesteikjarane tilbaud seg å setja igjen resten av sin gass då dei var ferdige med si matlaging 🙂

Då vi endeleg var klar for å eta, sat vi brått einsame igjen i gapahuken 🙂 Pannekakesteikjarane var gått, to damer som hadde skjeveniste med seg var gått, gjengen på 5-6 stk. som hadde ei gulrot med seg i kvar si lomme var gått etc. etc. Vi fekk med andre ord matro 🙂

Ja, altså,å det varte jo berre nokre minuttar, for det kom framleis folk inn til vatnet.

Så snart vi hadde fått i oss suppa, pakka vi saman å byrja gå på heim. No hadde vi site så lenge i ro at vi byrja frysa både på bein og fingrar så vi måtte få i oss varmen att. Og det får ein når ein skal gå heile vegen tilbake til bilen 🙂

Rosendal – og graset er faktisk grønt allereie 😉

Litt artig var det at eg fekk melding i frå mi svigerinne Monica som inviterte på kyllingsuppe til middag medan vi var på veg heimover. Det er ho eg har fått oppskrifta av. Då måtte eg beint senda bilete av Jorunn til ho og skryta om at Jorunn elskar suppa hennar 🙂 Og den er jo veldig god – mogleg eg må dela oppskrifta ein anna gong 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.