Mot alle odds, såg det ut til at det gjekk an å ta seg ein liten tur ut i dag og då eg kikka ut vindauga. Tok ein liten telefonsamtale til Marit og vipps så hadde eg gjort meg klar til ein liten tur opp Onarheimslio.
Eg vart henta som avtala kl. 11 og så køyrte vi utover. Både Marit og eg stussa litt då sjåføren ikkje gjorde teikn til å bremsa ned då vi nærma oss rasteplassen på Stripo. Det viste seg at sjåføren meinte vi hadde vore einige om å gå til Kaldestadåsen. No vart det litt diskusjon om kor vi eigentleg hadde sagt vi skulle på tur, og før vi visste ordet av det, så hadde vi peisa rett igjennom rundkøyringa på Helland og. OK, tenkte eg – og kanskje nokon andre og, då går turen til Svartatjødno og Valedalen på Valen.
Den gang ei – sjåføren svinga av på Reset, køyrte mot Sunde, over Bjellandsbrua, opp Vardhaugvegen kor han køyrte denne til endes. Utav bilen med oss, og så stod vi å kikka på desse skilta…
….som viste namna på stadar vi kunne gå på Bjellandsneset 🙂
Her hadde ingen av oss vore tidlegare, så dette kunne jo vera ein fin, ny tur 🙂
Vi fylgde ein grusveg eit pittelite stykke inntil vi kom…
….hit. Her gjekk vegen vidare rett fram, stien til Holo/Hålo gjekk inn mellom tømmerhaugane på venstre side i biletet og kor skogsvegen midt i biletet gjekk stod det ingenting om.
Vi bestemte oss for å ta stien til Holo/Hålo.
Eg hadde skodd meg med joggesko – eg trudde jo eg skulle opp grusvegen til Onarheimslio. Allereie her i byrjinga av stien var det ganske vått, så eg var litt spent på om eg kom meg tørrskodd gjennom turen.
Etter eit stykke bortetter gjekk stien bratt nedover.
Vi kom ned til ein steingard, og her vart vi virrande litt rundtomkring. Kor gjekk stien vidare? Var dette Holo/Hålo? Nokre raudmerka pinnar ville ha oss vidare nedover til venstre, men der såg det likevel ikkje ut som om ein skulle gå? Tilslutt gjekk vi gjennom steingarden og rett fram. Berre etter nokre meter fann vi nokre nye raudmerka pinnar som låg nede…
….og så gjekk vi på desse murane.
Dette var altså Holo/Hålo, og her hadde det budd folk i hine hårde dagar…
….og fin utsikt over Bjellandshamn hadde dei hatt.
Stien vidare gjekk opp bak steinmurane. No svinga vi litt tilbake mot høgre, og etter ei lita stund…
….kom vi ned skogsvegen vi ikkje visste kor førte hen då vi starta turen 🙂
Men dette hadde jo berre vore ein liten pingletur – vi kunne jo ikkje gje oss med dette. Dermed fortsatte vi turen på skogsvegen som gjekk rett fram. Vi, som ikkje eg kjente her, syntes det var litt dårleg skilting i området. Det gjekk litt stiar både til høgre og venstre som ikkje hadde nokon skilt eller merking, og vi lurte jo litt på om vi skulle ta av på nokon av dei. Men tilslutt valgte vi å sjå vekk i frå alle slike stiar og fylgja raud merking til punkt og prikke og stola på av vi då gjekk rett.
Vi kom fram til dette krysset. Vi visste at hvis vi ville gå heile runden måtte vi velgja den eine vegen og så kom tilbake den andre vegen. Men kva veg skulle vi velgja? Ved hjelp at nokre kjentfolk fall valget på å fortsetja mot Krabbahopen – altså vegen som gjekk på ned. Vi hadde lyst å sjå sjøen no, og den skulle vera raskast i så måte.
Det tok ikkje lang tid før vi stod i fjøra, bokstaveleg tala. Og her i Grunnevika (ja, no føle eg kartnamna – eg har jo ingen aning om kor eg var og kva det heiter rundt omkring her), var det veldig fint. Eg tenkjer at dette kan vera eit nytt mål for kajakkpadling 🙂
Det er ikkje ofte eg går tur der underlaget er granbar og tare om einannan 🙂
Vi sudde ryggen til Grunnevika….
….og kom fram til ei lita strand. Men vi skulle ikkje bada idag, så vi gjekk vidare..
….lurer dåke forresten på kor det er gull å finna?
Vakkert 🙂 Hvis dåke ser etter så kan dåke skimta ei brennmanet i sjøen – er det normalt i januar??
Moglegvis Kretevika? Det var fint overalt her. Trur vi må ta med ei picknickkorg og ta turen ein sommardag óg 🙂
Så stod vi brått her og kikka rett på Stord. Og her var det litt andre forhold – kraftig vind og bylgjer.
Sola skin på Åsgardsholmen 🙂
Mann i blåsten 🙂
Industri på Stord.
Stien gjekk litt vidare langs sjøen, før vi sakte, men sikkert, svinga inn i skogen igjen. Snart kom vi fram til…
… Storarøyso. Det var mykje stein. Vi fann ut at det må ha vore ein upopulær Sundebu som var gravlagt her – dei hadde sørgja for at han ikkje skulle klara å grava seg utatt…
Stien gjekk no inn i skogen att, og vi skjøna at vi var på veg tilbake til utgangspunket.
Eg er totalt uvitande om kvar Sundebuen driv med i skogen her på Bjellandsneset, men i fylgje kartet er den ein plass som heiter Rugsekken her. Kan denne lavvoen ha noko med det å gjera? Eg treng ikke svar…
Litt opp og litt ned…
…og så kom vi ned i dette krysset igjen. Då var det berre å fylgja vegen tilbake til bilen att 🙂
To fine rundturar fekk vi med oss på Bjellandsneset i dag. Vi var veldig nøgd med desse, det er sjeldan vi går så varierte turar. Her skal vi heilt sikkert tilbake ein sommar dag – med niste 🙂
Tørr på beina var eg og då eg kom heim – joggeskoa mine er tross alt vanntette 🙂