Måneskinstur :-)

Gjekk og la meg i flott måneskin og vakna til den, no vanlege, lyden av vind og regn. Prøvde å dra dyna over hovudet og ignorera det, men det er ikkje så lett når vinden riv i huset så heile senga ristar – ein kan bli sjøsjuk av mindre…

Så slik har det seg at eg var oppe kl.0700 og no sit og pludrar ned eit blogginnlegg til lyden av vind, regn og eit bosspannlokk som slamrar takten. Dame, snart 50, burde hatt betre ting å ta seg til, men det har eg ikkje. Eller, det har eg vel forsåvidt, men det er det eg prioriterte no 🙂

Det er fasinerande korleis veret kan skifta så raskt, for kvelden i går var jo heilt magisk 🙂

Vi hadde lese vermeldingane på førahand, så vi visste av kvelden i går var den siste på lang tid ein kunna kokkelera ute. På torsdag var eg på Fjellandsbø, i går forlanga eg at vi køyrte til fjell for å skikkeleg få med oss måneskinet og snødekte fjell.

Eg fekk det som eg ville, og i går fekk eg Jorunn med meg på tur 🙂 

Vi køyrte fyrst til rasteplassen i Matresvingane og tenkte at der må der vel stå ein benk og eit bord vi kan slå oss ned på. Det gjorde det ikkje, så då vart det kun fotografering her. Den kvitkledde Ulvanåso ser bra ut når eg ser bileta på mobilen, men er ikkje noko å skryta av når eg får dei over på større skjerm. Det må vera eit mål for 2020 å ta i bruk speilreflekskameraet igjen 🙂

Ferdig her, køyrte vi vidare opp igjen til motorsportbana. Her var det nydeleg med månen som skein på eine sida og….

…lyste opp Ulvanåso…

….og Fuglatjørn.

Ved motorsportbana var det benk og bord, men her blas det ein iskald vind, så det var ikkje aktuelt å slå seg ned her heller. Då bar det vidare ned til skytebana ved Midthølen. Så då enda vi eigentleg opp der vi hadde snakka om at vi skulle slå oss ned i utgangspunktet 🙂

(Som om regn, vind og bosspannlokk ikkje var nok, er no lysa/strømmen byrja slå seg kjapt av og på – for ein koseleg morgon 😉 )

Kor var eg? Jo, Midthølen! Her var det fint og ikkje noko særeleg vind å snakka om, så her vart vi verande.

Her skimta vi såvidt eit lite lys opp i lysløypa – som faktisk var open. 

Ein einsleg kokk gjer seg klar til å kokkelera på eit snødekka bord…

….og sjå kor glad ho var for endeleg å kunna visa meg det nye stormkjøkenet ho har fått seg 🙂

Eg kunne lena meg tilbake og nyta ein kopp solbærtoddy medan eg venta på maten.

Ei stund såg det ut som om maten skulle gå opp i røyk, og eg vart litt betenkt. Jorunn heiv oppi nokre oransje, firkanta greier ho påstod var ost ho hadde kjøpt av nokre nederlandske handelsmenn i Bergen. Er det rart eg ana ulger i mosen?

Litt justering på gassen og det såg ut som vanleg tagliatelle, men kven veit?

….det smaka i allefall godt 🙂 Den oransje, nederlandske osten (?) óg 😉

Eg sverger: Månen var på veg bakom haugen, men ombestemte seg og steig over! Eg er sikker på at det var av reint forvitenskap – han var nøydd til å få med seg seansen med heksebrygginga til Jorunn 🙂

Vi var forviten på månen sine emner og, så før vi køyrte heimatt svippa vi opp mot Fjellhaugvatnet for å sjekka måneskinet der.

Rett og slett vakkert – dei klarte seg bra både månen og Jorunn i går kveld 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.