Det er nesten som om eg er lei 2020 allereie – vermessig, altså. Det har jo nesten berre vore REGN og VIND! I dag vart det faktisk opplett, så når Ann Irene baud meg med på grilltur til Fjellandsbø, var eg ikkje sein om å takka ja :-).
Ann Irene var enda ivrigare enn meg, for ho var på plass 3 kvarter før vi hadde avtala å møtast. Tida det tok og venta på ho som trudde ho hadde så god tid at ho kunne gå å stulla og stella i stova og byta ut blomane i pottene sine, brukte ho til å gå ein tur til Leiteshaugane 🙂
Eg rakk å småjogga ho til møtes i enden av Fjellandsbøvatnet før ho var nede igjen, så då fekk eg trimma meg nokre hundre metrar, eg og 😉
Sånn meinte Huawai mobilen min at det såg ut når eg kom opp. I verkelegheita såg eg kun at det var kvitt på fjellet og lys på Fjellandsbøgarden. Vatnet såg eg ikkje, men eg visste jo sjølvsagt at det var der. Så her har altså mobilen gjort om ein bekmørk kveld til daglys.
Eg synes det er litt stilig – eg stod på brua og tok biletet, men eg såg ikkje elva med mindre eg lyste på den med hovudlykta.
Tilbake i gapahuken ved Fjellandsbø, sat eg Ann Irene i arbeid med å laga bålet. Ho påstod ho var rusten i faget, men dette fekk ho sjølvsagt til på null komma niks.
Ahh, dette har vi sakna 🙂 Sjeldan har grillpølsa smakt betre enn i kveld 🙂
Eh, ja…sånn går det når ein er meir opptatt av å fotografera maten enn å fylgja med på kortid den er ferdig. Men det skal ho ha – ho år opp rubbel og bit 😉 Dog med litt sutring over svidd mat…
«Trua» i meg ei marshmallowsbolle til dessert 🙂 Mmmmm…dette er knakande godt 🙂
Det var faktisk så stille og fint ved Fjellandsbøvatnet i dag at vi ikkje trong sitja inne i gapauken, men sat ute rundt bålet heile tida vi var der. Rett og slett en vakker kveld….
Frå min plass kunne eg fylgja med på når månen kom opp over Gråfjell…
….til og med då meinte mobilen min at det var midt på lyse dagen 😉
Men her har eg i allefall klart å fanga Ann Irene i myrkaste natta 😉
I måro er vi visst og lova ein dag utan regn, så den har vi og planlagt at må nytast ute etter jobb 🙂 Det føles veldig godt å vera igang med turåret 2020 🙂