Etter å ha regna i heile år ( 😉 ) dukka det jammen opp ein vinterdag i dag! Den forlanga badevekta mi at eg måtte bruka til å gå den laaaange vegen ut til Eik for å seia Godt Nytt År til mor og far.
Vi har ikkje gått inn i det nye året som vener – badevekta mi og eg, altså.(Eg trur eg har eit OK forhold til mor og far). Og det er skikkeleg kjedeleg å vera den som må gje seg på tap – og det er sjølvsagt meg, i dette tilfellet. Så då var det berre til å leggja i veg…
I ettertid angra eg jo ikkje på det….
….for eg skjøna at det kom til å bli ein fin tur i skogen i dag 🙂
Fin utsikt over Uskedalen frå Olsen sin skogsveg.
Jepp, den lange vegen heim til Eik går ikkje langs hovudvegen, men via skogsvegen…
….mot Flåtene.
I dag var det berre eit anna vesen som hadde tatt turen før meg 🙂
Utsikt mot Skorpo – der ingen skulle tru at nokon kunne bu 🙂 Eg såg reprisen på den episoden i jula 🙂
No var eg komen så lagt opp i skogen at det byrja liggja snø på trea og vinterstemninga byrja synka inn.
Kven veit kva spor eg vi setja etter meg i 2020? I dag var eg i allefall den fyrste som gjekk her 🙂
Ein siste blikk tilbake mot fjorden…
….før eg entra Flåtene. Det vises ikkje på biletet her, men oppi Skaret lyste det gult, så no er det ikkje lenge før sola er tilbake her 🙂
Før….
….etter 😉
Fin turtemperatur.
Ei lita kakaopause. Eg må sjekka jobbkontrakten min om eg får betalt for desse reklamebileta 😉
No var eg sånn ca. halvvegs på turen min, vegen vidare gjekk på stien ned mot Eik.
Eg gjekk fyrst langs elva, før eg tok stien i «midten» gjennom skogen resten av vegen.
Nærmar meg målet no….
…og her er reisens slutt. Eller, det var den jo ikkje – eg måtte jo faktisk gå heim att og…
Eg vart litt bekymra då eg entra terrassen og såg det låg kvite ulldottar strødd utover og blodflekkar hist og her. «Kva i alle dagar??»» Har dei gamle røke fullstendig i tottane på kvarandre i det nye året?»»Tør eg gå inn??»
Men mor og far hadde det fint – det var nok nokon andre som hadde hatt ein «cat fight» 🙂 Og etter å ha sjekka det og fått sagt God Nytt År, gjenstod berre å gå siste etappe heim – den gjekk langs hovudvegen :-)(Sjølv om badevekta meinte eg burde heim same veg eg kom).