Dei som kjenner meg vil sikkert nekta å tru på dette, men i år har eg satt ein rekord ingen såg koma – ikkje eg sjølv eingong..
Skal ein fyrst ha julatre i hus, ja, då skal det vera ekta. I allefall i mitt hus 🙂 Mine juletrer er ofte blitt kjøpt ein sein ettermiddag/kveld og blitt inspisert opp og ned og i mente i lyset av eit par billykter. Som regel er det han far som må halda trea fram medan eg skal bestemma om det er for kort, for langt, for smalt, for vidt, for pjuskete – eller heilt perfekt 🙂 Det er lika spanande og få det inn i stova kvart år – har eg truffe blink? Nuvel, det har vel vore år eg har lurt på om billyktene var på i det heile tatt….
I år handla eg juletre heilt på eiga hand – i dagslys! Ikkje hadde eg med pengar og ikkje hadde eg bil, heller. Men eg svippa oppom Elins Matgleder ein dag eg gjekk tur, og der fann eg det perfekte treet 🙂 Så då krita eg rett og slett eit julatre…
….pakka det inn etter alle kunstens reglar…eller, eh, ja, det er vel ingen som kjem til å hyra meg som juletreinnpakkar med det fyrste…
Stian vart beordra til å henta det då han kom heim eit par dagar etterpå og så måtte det liggja i kjellaren ei lita veke før eg endeleg kunne ta det inn….
….og pynta det om kvelden 21.desember 🙂
Eg har hatt både finare og styggare tre, men stort sett var eg nøgd med årets tre 🙂
Og treet har no stått i kroken sin og glitra, men dei siste dagane har det spredd seg ei lukt i huset som bare er blitt verre og verre. Fyrst trudde eg kanskje eg hadde hatt nokon på besøk med ein dårleg parfyme, men det gjekk raskt opp for meg at det var julatreet! Og det lukta slett ikkje gran! Det har vore ei slags søt lukt av tørt høy. Passar i ei løa, men ikkje hos meg! Eg har rett og slett hatt problem med å pusta i mi eiga stove.
Eg kan berre skulda dette på meg sjølv – eg har jo ikkje verdiga julatreet mitt så mykje som ein dråpe vatn sidan det vart mitt… Men det har jo hatt det varmt å godt då – eg har jo fyrt i omnen stort sett kvar dag 😉
Okkesom, i dag kom eg ned i stova til denne lukta igjen – og då var det ikkje noko bøn: Julatreet måtte ut!
Eit siste blikk – og eg kunne jo konstantera at treet var knusktørt, allereie var byrja bli brunt…
…og røyta granbar!
Det var nesten som om eg tenkte at dette ikkje var eit sekund for tidleg, på same tid som eg håpa at det ikkje var altfor mange naboar som såg at eg kasta ut juletreet mitt allereie på årets siste dag 😉
Det er no litt kjekt med kva som er gjort og, og eg er litt nøgd med at denne kroken allereie er klar for eit nytt år 🙂
Ja, der har dåke rekorden: A. Enæs som nokre år har hatt julatreet ståande så lenge at julepynten har blitt erstatta av påskepynt, har i år kvitta seg med treet før vi har entra eit nytt år!
Nokon betre?