1.juledagstur :-)

Det er deilig å labba rundt inne til langt på dag i julepysjamas og nye julesokkar som mor har strikka til meg 🙂 Men når veret er som det var i går, måtte eg jo berre nytta høve til å ta meg ein liten 1.juledagstur.

Eg hadde tenkt å vandra litt opp skogsvegen til Hauglandsfjellet og sjå kor langt eg kom før klokka meinte at eg måtte snu for å rekkja komlemiddag hos mor 🙂 Men når eg køyrte opp dalen, var det så lyst i enden, og ei indre stemme byrja å messa (vi blir litt salige i desse juletider): «Køyr mot lyset, Anita, køyr mot lyset». Så då gjorde eg det 🙂

Lyset fann eg i fjellsida ved Friheim…

….der eg gjekk opp skogsvegen før ein kjem inn til Fjellandsbøvatnet.

Eg trur ikkje dei som har sol heile året veit kor stor lukka eit solglimt som dette er 🙂 Reint gull 🙂

Det er brattare enn det ser ut, og med kroppen stinn av gårsdagens pinnakjøt pusta og pesa eg meg oppover…

Innimellom kjem det ei og anna pause frå oppoverbakkane.

Heile vegen kan ein nyta synet av Ulvanåso og Fjellandsbø.

Eg kom meg til endes av vegen 🙂 Litt snøklattar her, men ikkje heilt vinter.

Julepynten var med på denne turen og….

Så var det berre til å koma seg ned att, slik at ein fekk tatt seg ein kjapp dusj før middagen. Og etter middagen, måtte eg heim og laga klart til juleselskap…

….og kveld nr. 3 med pakkeopning! Damene var så nøgd med pakken (den store) dei hadde funnet til meg i år, at dei simpelthen var nøydde til å sjå på når eg opna han. Slik gjekk det til at vi bestemte at vi skulle opna alle pakkane frå kvarandre ein eigen kveld – som altså vart i går.

Men før eg fekk opna den store pakken, fekk eg ein litt mindre pakke med dette kunstverket som sonen til Ann Irene har laga – var det ikkje flott? Og eit ganske godt spørsmål….

….men eg trong ikkje venta lenge – hels på Willy! Han fann eg inni den store pakken – og det var kjærleik frå fyrste blikk…eller var det nikk..?? 😉

Juleselskapet vara både vel og lenge, med mykje lått og løye, men og litt alvor då vi fekk nyheita om at Ari Behn var gått bort. Ingen av oss hadde noko med han å gjera, men vi syntes sjølvsagt at dette var trist likevel.

Ein kan seie kva ein vil om Ari Behn, men eg trur eg skal bruka dette sitatet hans som mitt motto for 2020 – ein veit jo aldri kortid det er slutt, så vi får nyta livet mens vi kan:

Hver dag er en fest, og jeg er et smykke. Det samme er du. Og du. Og du.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.