Juletid!

Ja, det har vore stille her på Bobla ei stund no – eg har rett og slett ikkje hatt noko skrivelyst på ei stund. Kanskje kjem det seg i 2020, kanskje ikkje. Vi får venta å sjå 🙂 No er det i allefall brått blitt jul, og etter nokre travle dagar, har julefreden senka seg her i huset – kor mykje bråk kan det eigentleg bli når ein er aleina heima??;-)

Vi har kutta noko ned på gavestyret i år – kusine Anne Helen og eg fann ut vi heller ville finna på noko anna. Og, basarentusiast som eg er, enda vi på at vi ville invitera slekta på familiejulebasar 🙂

På laurdag var vi klare….

…..og huset var pynta frå topp til tå med fine og mindre fine gevinastar 🙂

Alle gjestene fekk utlevert 6 basarårar kvar 🙂

Det blir trangt i det velte huset mitt når så mange skal samlast, men det gjekk heilt fint og vi skulle klart å pressa inn enda eit par sjeler (greit å vita til neste år) 🙂

Som seg hør og bør var det enkelte som forlot basaren enda meir oppstasa enn då dei kom – både med hårpynt, slips og skolisser med lys. Nokon lukta betre når dei gjekk enn når dei kom og andre igjen sikra seg ekstra julegodteri 🙂 Og det beste av alt – ALLE kunne gå heim med ein eller fleire gevinstar 🙂

Det var mange som hadde lyst på juletrehatten, men det var Stian som stakk av med den 🙂

Eg hadde «bestilt» fotoramme hos broderen – og han leverte 🙂 Både store og små hadde det løye i «fotokroken» på kjøkenet 🙂

Den aller fyrste familiejulebasaren var ein suksess, så eg trur dette blir ein ny juletradisjon hos oss 🙂

Så snart gjestene var ute av huset, var det berre til å hiva seg rundt, rydda, og få inn….

….julatreet 🙂

I går hadde vi julemiddag og Stian fekk opna pakkane sine sidan har skulle reisa på jobb att i dag. Fyrste jula vekke, men det går nok heilt fint 🙂

Og når guten var reist, kunne eg ta meg ein liten tur til Ådnaklett…

….med julepynten i sekken…

Uskedalen vetlejulafta 2019.

Sikkert like greit eg ikkje traff på andre i skogen når eg låg på alle fire å fotograferte julekuler og sukkertøy eg hadde strødd rundt meg… 😉

Vel heima måtte eg svinga meg rundt og gjera meg klar for juleselskap igjen – heldigvis ikkje heima hose meg sjølv denne gangen.

No har eg flata ut på sofaen, har kokt grauten til morgondagens riskrem dessert, fått med meg Hovemesteren og grevinnen i augnekroken – beklagar, men det er mange år sidan eg gjekk lei den…

Eg skal ikkje gjera så mykje meir no enn å dukka opp på julemiddag hos mor og far i morgon kveld 🙂

Så då vil eg tilslutt ynskja alle saman….

….ei RIKTIG GOD JUL!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.