Endeleg vart det ein tur i dagslys igjen! Ja, for no er det den tida på året der eg køyrer på jobb i mørket, og når eg har fått middagen i meg på ettermiddagen, så er det igjen blitt mørkt ute.
Ikkje for det – eg synes det er kjekt å gå tur med hovudlykt og eg 🙂 Så eg har faktisk vore litt flink til å koma meg ut, sjølv om det er mørkt. Men, så mange bileter å visa fram blir det ikkje, og lite å skriva heim om.
Nok om det – i dag var Ann Irene og eg klar for tur i dagslys. Av naturlege orsaker har vi ikkje sett kvar andre på nokre veker, så no var det og godt å koma saman og få snakka om det eine og det andre.
Vi har parkert innerst i Tveitedalen og er på rett veg 🙂 Skulle berre mangla iom at vi har gått turen «ørten» ganger tidlegare 🙂
I dag var det faktisk mellom 7 og 9 plussgrader ute, reine sommartemperaturen i forhold til det vi har hatt dei siste vekene 🙂 Vindstille var det óg i skogen opp mot Dyrrindo. Ann Irene starta turen i kun ein ullgenser (og bukse, sjølvsagt), men måtte ta på seg ei jakke. Eg starta turen med jakke og måtte ta av meg og kun gå i ullgenser (og bukse, sjølvsagt). Sånn er det med damer i slutten av 40-åra, temperaturmålaren slår litt krøll på seg 😉
Så fint var det når vi kom opp siste bakken og snudde oss og kikka oss tilbake 🙂 Ser nesten ut som om det er blitt kveld alt, men klokka var berre rundt ca.1300.
Og så var vi framme 🙂
Men vi syntes det var så fint i dag, at vi bestemte oss for å gå opp på toppane ovanfor Dyrrindo før vi tok pause. Ann Irene syntes sikkert det gjekk leikande lett å overtala meg i dag, men i dag var det faktisk eg som hadde ein baktanke med dette. Eg har prøvd og overtala ho til å bli med på skitur til Ulvanåso i fleire år, men ho har stritta i mot. Eg har prøvd å forklara at Ulvanåso på Utåkersida er noko heilt anna enn på Uskedalsida, men eg trur ho har vore skeptisk. Så i dag tenkte eg at det kunne vera eit sjakktrekk å gå ovanfor Dyrrindo, slik at ho kunne få sjå litt av vegen vidare meg eigne auge. Og eg trur jammen det hjalp – innimellom vindkasta her oppe, syntes eg at eg høyrte noko om at ho gledde seg til å gå på ski her til våren 😉
Dyrrindo ligg fint i terrenget 🙂
Vakkert 🙂
Utsikt rett på Englafjell..
…..og ja, eh… Matre/Åkre/Blådalsfjella…moglegvis…??
Utsikt ned i Tveitedalen.
Vi tok og oss ikkje tid til å perfeksjonera dette «tarundtsola»biletet. Det blas så iskald vind her oppe at eg orka ikkje ha fingrane framme så lenge 😉
Det var rett og slett berre til å koma seg ned til vindstille Dyrrindo igjen….
Vi koka semulegrynsgraut på stormkjøkenet ute, men gjekk inn i hytta og inntok måltidet.
Mmmm…og nei, smørauga manglar ikkje, det ligg i botn 😉
Men i dag var det faktisk kaldare inne i hytta enn det var ute! Vi kunne sjølvsagt fyrt i omnen, men det hadde jo ikkje blitt varmt før vi skulle gå. Det får vi gjera ein anna gang, vi må og få til ei overnatting her oppe.
I dag pakka vi saman så snart vi hadde fått i oss maten og så tusla vi på heimatt. Tusla og tusla…Ann Irene sat opp eit forferdeleg tempo og eg kom heseblesande etter i lett jogg. Skal seia det gjekk raskt å få i seg varmen att…
….her har ho roa seg, og vi kunne gå ned til bilane att i lag 🙂
Ein fin, fin, tur var dette i dag. Neste gong vi er her, er det moglegvis i snø med ski på beina?? 😉