Sidan eg fekk trøbbel med kneet ned i frå Malmangernuten sist laurdag, prøver eg å ta det litt roleg no i håp om at det ikkje skal utvikla seg til eit større problem. Litt flate og lette turar får halda til eg kjenner at alt er som det skal 🙂
Difor passa det bra å ta turen til Myrdalsvatnet på søndag. Det er ei stund sidan eg har vore der, og eg hadde litt lyst å gå turen medan det framleis er haustfargar ute.
Framleis grønt og fint på Kletta. Eg fekk tid til å fotografera litt medan eg venta på turvenene mine denne dagen – Ann Irene og Per Ivar 🙂
Raudt og grått kan og vera fint 🙂
Sidan veret var så fint på søndag, var vi ikkje dei einaste som hadde lagt turen hit. Det var til tider litt travelt med folk både den eine og den andre vegen.
Nærmar oss Midtsetre.
Fin plass – og slett ikkje så lett å få tatt bileter av utan å få med folk som spaserte på vegen denne søndagen 🙂
Eit forsøk på å fanga «glitterstrå» i linsa 🙂
Ikkje så langt igjen no.
Det var fint å gå i sola, men jammen kjenner ein forskjel når ein kjem inn i skuggen no. Frå no av må hue, vottar og varme klede med i sekken.
I det vi kom inn til parkeringsplassen hadde 4 padlarar nett fått kajakkane på vatnet og var klar for padletur. Eg vart ein smule misunneleg…
…for sjå kor blankt og stille Myrdalsvatnet låg!
Gygrastol speglar seg i vatnet – vakkert!
Som forventa var det ganske folksamt inne ved vatnet både «inne» og ute. Ein heil gjeng store og små var allereie i gang med å grilla pølser på bål og nokon sat ute på benken og bordet og åt nista si der.
Vi hadde óg tenkt å brenna bål, men syntes det var litt for folksamt i gapahuken, så vi gjekk nokre meter tilbake…
….og kapra denne bålplassen. Flaks hadde vi óg, for akkurat i det vi sat oss ned, runda sola fjellsida 🙂
Per Ivar mekka fyr på bålet….
….og så var vi igang med grillinga. Og eh..ja…det var vel ikkje tvil om kven som hadde den største pølsa denne dagen..Kresen som eg er, var eg ikkje nøgd med pølseutvalget Ann Irene tilbaud meg før vi tok ut på turen, så då stoppa eg rett og slett på Best og handla meg to ugrilla pølser – he-he 🙂 Eg vart mett etter ei halv…
Etter ei god stund i sola med pølsegrilling, kaffi, solbærtoddy og sjokolade, var vi klar for å gå heim att.
Ann Irene som vanleg nokre meter framom oss andre 😉
Dette var ein fin tur i flott haustver. No håpar eg at det skal koma såpass mykje snø i vinter at det går an å gå på ski inn til Myrdalsvatnet óg – kveldstur med ski og hovudlykt inn her er berre heilt magisk 🙂