Vinter på Leiteshaugane!

Då eg kledde på meg og trua meg sjølv ut døra for å ta ein liten spasertur langs Fjellandsbøvatnet på laurdag, hadde eg ikkje planar om at den turen skulle enda opp som eit Bobleinnlegg. Eg skulle berre nett att og fram langs vatnet – forhåpentlegvis utan at det kom ei regnbyga.

Eg såg at snøen var komen langt ned over Englafjell og Ulvanåso, men eg var ikkje heilt forberedt på at….

….den var komen så langt ned som dette!

Traff kyr på denne turen óg 😉 «Ho er tøff så lenge ho står på den sida av gjerde», tenkjer dåke sikkert….

….men som dåke ser så skulle eg over på same side eg óg 🙂

Heime blas det, men her oppe var det faktisk ganske stille – heilt mot normalt. 

Her er eg komen til enden av vatnet, og her hadde eg i utgangspunktet tenkt å snu, men eg såg jo at om eg gjekk opp til Leiteshaugane, så ville eg kunna trakka i snø for fyrste gong denne sesongen…

….så då hadde eg brått lagt i veg oppover. Sjå kor flott det er når haust møter vinter 🙂

Møtte faktisk snø før eg nådde toppen og byrja å få skikkeleg julestemning 🙂

Stien opp til boka.

Når eg kom opp på toppen fekk eg i allefall julestemning. Kvit snø på bakken og trea og så kom det faktisk ein solgløtt fram óg.

Måtte nett gå å kikka ned i Matrefjorden 🙂

Utsikt ned på Fjellandsbøvatnet.

Ja, dette vart både ein lenger og finare tur enn eg hadde tenkt på førehand. Kva seier dåke – er det fleire enn eg som fekk julestemning?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.