Eg har vore på Malmangernuten ein gong tidlegare, i september 2013. Og sjølv om det var heilt toppers å koma opp og sjå utsikta, var det rett og slett ein for bratt og lite variert tur for meg til at den la seg på noko favorittlista. Eg har difor halde fast på at det skulle bli med den eine gongen – inntil i går.
Av og til treff ein meg i ein augneblink der eg er litt for impulsiv for mitt eige beste – og sikkert altfor langt inne i ein Netflixserie til å heilt skjøna kva eg svarar på. Det var nok i ein slik augneblink Kari traff meg fredagkveld då ho foreslo laurdagstur til anten Nonshaug eller Malmangernuten – og eg fyrte av eit enkelt svar: «Malmangernuten».
Då eg vakna laurdag morgon byrja det siva inn kva eg hadde lova meg vekk på. Eg vurderte om eg rett og slett skulle ramla ned loftstrappa for å sleppa unna. Men eg har ramla ned den i lag med støvsugaren før, og veit at det då brått kan bli slutt på turar i lengre tid framover. Så då prøvde eg å syka meg opp til turen i stadenfor – det kunne jo henda eg hadde vore altfor negativ til turen og at eg denne gongen fekk eit anna inntrykk?
Så då Kari henta meg kl. 11.00, var eg igrunnen heilt klar for å ta turen til Malmangernuten att 🙂
Vi parkerte øverst i Skeishagen, fylgde ein liten sti opp frå boligfeltet, kom inn på skogvegen til Skeie og fylgde den nokre meter til vi traff skiltet til Malmangernuten.
Så byrja vi rett på stigninga – akkurat slik eg huksar det frå sist gang 😉 Fyrst igjennom eit granfelt der stien består mest av stein – og kuskit! Så eit lite ope stykke før en forsvinn inn i granskog igjen. I går var det tørt og fint, og då er underlaget i ein granskog veldig fint å gå på, det, men det var bratt.
Endeleg kom vi oss ut av granskogen og kunne ta ei lita pause og kikka på utsikta..
Seimsfoss, Dimmelsvik og til og med eit snev av Uskedalen 🙂
Ikkje full utsikt over Rosendal enda, men det skulle no ordna seg etterkvart 🙂
Vi skulle vidare, det var enda eit godt stykke igjen til nuten.
Stien vidare no var litt gjørmete – og fylt av enda meir kuskit. Kvifor i all verda kyra har streva seg opp her, anar ikkje eg, det må vera noko spesielt i graset her oppe 😉
Her var det om å gjera å halda tunga rett i munnen og treffa steinane. Eg fekk vel erfara at det er ikkje stein alt som ser grått ut…
No byrja vi gå i retning Rosendal, og då var det ikkje lenge før vi kunne kikka ned på bygda 🙂
Og så, det som eg eigentleg var litt spent på – Sherpatrappene.
Sherpatrappene frå Høyklepp til Hjort vart lagt i juni 2016, så desse var ikkje her då eg gjekk turen i 2013.
For ein fantastisk jobb sherpaene har gjort! 591 trinn har eg lese meg fram til. Og sjølv om det bare er litt over tre år sidan trappen vart laga, ser det så naturleg ut, og det ser ut som om dei «alltid» har lege der 🙂
Det var framleis bratt, så eg låg langflat, slepte meg opp etter armane frå trappetrinn til trappetrinn, spytta lauv og gras som hang seg fast i tunga som hang ute…
Neida, det gjekk forholdsvis fint. Men eg vart lei av trapper etterkvart og, så det var litt godt å koma over på sti igjen.
Her har vi kome over tregrensa og kan kikka opp på målet, men det er lenger vekke enn det ser ut som.
Tidlegare har stien gått slakt oppover bortover fjellsida herifrå. Eg huksar det var der eg likte meg minst sist eg tok turen. No var det faktisk laga ny sti pga. steinsprang. Vi diskuterte ikkje om vi skulle ta ny eller gamal sti, det vart ny sti.
Dette vart nesten det tøffaste stykket å gå, for her var det mjuk, mjuk mose vi seig ned i – og så gjekk det sjølvsagt rett opp 😉
Kari vart litt skuffa når ho kom opp på toppen her, for ho hadde trudd at vi då berre skulle gå rett bort til varden på Malmangernuten. Det skulle vi forsåvidt, vi måtte berre gå ned ein bakke, opp ein bakke og opp enda ein bakke, før vi endeleg…
….nådde varden på Malmangernuten 🙂
Ååå, det var godt endeleg å vera framme. No var vi både slitne og svoltne 🙂
Flott utsikt 🙂
Utsikt mot Ringeriksfossen. Det er jo og ein fin tur å gå opp til Bjørndalssetra.
Vi vart einige om å gå litt lenger fram på kanten å finna ein plass å ta nistepause.
Gulp! Ein får kjenna litt på høgdeskrekken her 😉
Kari nyt utsikta – og nei, eg prøver ikkje å tuppa ho utfor kanten 😉
Nesten litt ekstremsport for oss litt eldre som ikkje lenger ser så godt, eller er lika stødig på beina som i ungdomen, å tutla seg utpå kanten her….
….rett og slett tryggast å setja seg ned og halda seg fast 😉
Litt reklame på toppen av Malmangernuten, mon tru om eg får ekstra betalt? 😉
Då vi var klare for å byrja å gå ned att, hadde vi igjen valget mellom å fylgja den smale sti langs fjellsida, eller gå tilbake same veg vi kom i frå…
….vi valgte åtusla opp mot varden igjen for å returnera same veg vi kom opp 🙂
Ein har jo ellers eit par andre valg å velgja mellom óg.
Eg grua meg litt til nedturen. Eg trudde det kom til å gå fint, men var litt spent på om det eine kneet kom til å bli eit problem. For nokre år sidan trøbla det seg veldig til, blandt anna då eg skulle ned i frå Malmangernuten i 2013. Det einaste tiltaket eg gjorde var å slutta å gå på asfalt, og sidan har eg sjeldan hatt noko problem med kneet.
Det gjekk greit så langt….
….og ned trappene….So far so good 🙂
Rett før vi skal inn i granskauen igjen traff vi på dagens einaste hindring i stien. Ser ikkje dette idyllisk ut? Eg burde vel ikkje skriva dette, for det vil øydeleggja heile idyllen, men eg sit igjen med eit spørsmål: Har denne kua drete liggjande, eller har ho på mirakuløst vis klart å leggja seg ned med ein millimeters presisjon rett fram for kukaka si?
Uansett svar, trur eg ho var dritflau ( 🙂 ) for ho nekta å ensa oss. Viste ikkje tegn til å flytta seg og nekta å sjå på oss uansett kor langt opp i kutrynet vi stakk mobilkamera 🙂
Fleire bileter frå nedturen har eg ikkje, for så langt holdt kneet. No sa det takk og farvel og eg måtte konsentrera meg om kor eg gjekk og om å koma meg ned. Heldigvis hadde eg med ein stav, ellers er eg redd Kari måtte ha bore meg på ryggen ned. Det var ein skuffelse og eg håpar eg ikkje har rota det til slik at dette vil bli eit problem igjen.
Visst er det flott på Malmangernuten og utsikta ein får i frå toppen er fantastisk! Men sjølv om vi hadde ein fin tur i går, så sit eg vel igjen med same inntrykk som sist – dette er nok ikkje fjelltur slik eg likar å gå dei. Det blir for mykje oppoverbakke, og det visar seg jo at eg ikkje har kne til å koma meg ned att.
Om og hvis (det nyttar visst ikkje å seia aldri) eg skal opp att på Malmangernuten skal eg prøva stien i frå Guddal. Eg ville tippa den var enda brattare, men der er visst ikkje alle einige 🙂