Svelgabreen – igjen :-)

Dette hadde eg ikkje trudd – at eg skulle ta turen til Svelgabreen igjen allereie no! Det er jo ikkje meir enn ca.14 dagar sida sist!! Men, smiger bit på meg (det skal faktisk ikkje så mykje til heller), så då kusine Lene sendte melding tidlegare i veka og sa ho hadde veldig lyst å gå til Svelagbreen og samtidig påpeika: «Det er vel du som tar på deg oppdrag om å guida familemedlemmar dit?!» Ja, då hadde eg vel ikkje anna val enn å ta på meg dette oppdraget….

Kari ville og vera med på denne turen, så då var vi tre damer som såg fram til ein lang, men fin tur til Svelgabreen i går. Vi køyrte heimante kl 0830, slik at vi hadde dagen for oss. Heima låg skodda tjukk nedover fjella, men vi kom ganske raskt opp til blå himmel og sol – dette kom til å bli ein flott dag 🙂

Sjølv om det var dei sprekaste og mest sporty damene ever (eg fekk beskjed om å skryta litt diskrete om dette så ingen andre skulle følar seg snurt) eg hadde med meg på tur i går, så kunne faktisk ingen av dei huska å ha vore lenger inn i Blådalen enn til Grøningen – og knapt nok dit. Godorda om kor flott det er innover dalen, byrja difor å koma ganske tidleg 🙂

Eigentleg så tenkte eg at eg sikkert ikkje kom til å ta så mange bileter før vi kom inn til brea på denne turen – eg hadde jo så mange frå forrige gang 🙂 Ha! Så feil kan ein ta…

…eg byrja allereie her i byrjinga av turen. Dei som les forrige innlegg huskar sikkert at det nesten ikkje var vatn i området 18.juli. Det har endra seg no. No renn vatnet over denne muren, og det rann difor godt med vatn i elva. Valget om å gå hovudvegen over brua, vart difor ikkje vanskeleg å ta.

 

Vi tok ikkje sjansen på å gå ned «vadstien»og ikkje koma oss over elva. Som dåke ser – det byrjar fylla seg opp med vatn igjen, men det er likevel langt ifrå fullt enda.

Så denne gangen gjekk vi den bratte fjellsida både opp og ned. Den vart forøvrig ekstra bratt på vegen heim, men det kjem eg tilbake til mot slutten av innlegget 😉

Vi hadde ei lita rast då vi kom ned fjellsida. Der spotta Kari raskt noko «drivved» ho ville plukka med seg. «Det der kan du la liggja til returen.», sa eg. Det kjem eg og tilbake til i slutten av innlegget 😉

No har eg gått denne turen nokre gonger og kvar gong tidlegare har det vore litt gufse ver, og eg har aldri sluppet unna regn. I går vart det strålande ver og vi slapp å passa på glatte berg og steinar, gjørma og alt slikt som ein må passa på i dritver. Vi kunne berre labba avgårde og lot oss ikkje hefta nokon plass. Eg er faktisk litt usikker på om damen i det heile tatt registrerte at dei gjekk over berg der det var satt opp pålar med kjetting ein kan halda seg i….

Det har byrja fyllast opp med vatn i vikene og. I går måtte vi fylga stien rundt her – 18.juli labba vi tvers over.

Det er likevel eindel å gå på før det har fyltes opp overalt.

Kjerringbotn i sol 🙂

Då vi nådde sikringsbua hadde vi enda ikkje brukt to timar på turen, så vi hadde halde eit godt tempo. Då hadde vi jo til og med hatt ei god pause heilt i byrjinga av turen og div. drikkepausar. No tok vi oss ei god pause til, før vi gjekk vidare.

Resten av vegen i frå sikringsbua ser vi rett inn på målet 🙂

Guiden med guidestaven 😉

To sporty damer som gledar seg til å nå inn til Svelgabreen 🙂

Vakkert – som alltid 🙂

På tørt berg var det ingen som hadde problemer med å koma seg ned til eller å gå over hengebrua i går….

…..så då gjenstod berre den siste, vetle etappa inn til sjølve brea.

Og vips – så var vi framme. Lene kunne setja seg ned og nyta synet av Svelgabreen 🙂

Vips og vips… No har eg gått denne turen nokre gonger, og eg synes faktisk ikkje turen inn til brea er så lang lenger. I det fine veret vi hadde i går, gjekk det jo og eindel raskare enn i dårleg ver. Lene og Kari syntes heller ikkje det hadde vore ein kjempelang tur.  Men, no hadde vi enda ikkje byrja på tilbakevegen…..

No tok vi oss tid til å fotografera kvarandre og brea i alle moglege vinklar og positurar…

….før vi sat oss ned og tok ei lengre nistepause.

Hittil hadde vi ikkje sett andre turgåarar på vår veg, men rett etter oss dukka det opp eit fylgje på 4 ungdomar og ein pittliten hund 🙂

Før vi byrja på vegen tilbake, huska vi i siste liten….

…å skriva oss inn i boka 🙂

Og no, når vi byrja på returen, oppdaga vi at vi slett ikkje var aleina i fjellheimen. No «rann» det på med folk.

Det er ikkje så lett å sjå her, men då vi nærma oss hengebrua igjen, var det nærast kø for å koma over 😉 Og slett ikkje alle vi traff no snakka norsk. Turistane finn fram over alt 🙂

Det eg nesten hadde vore mest spent på denne dagen, var om myrullenga «mi» no låg under vatn? Yohoo – det gjorde ho ikkje, så på tilbake vegen vart det ei laaaaang pause her…

….med masse fotografering 🙂

Eg veit ikkje heilt kor denne fasinasjonen for myrull kjem i frå. Kan det vera fordi eg føler eit slags slektskap – vi er begge kvit i håret og røyter lika mykje?

Og så er vi begge så mjuk og god – he-he 😉 Denne fine buketten vart plassert bakpå sekken 🙂

Medan alle etter tur låg på alle fire og spytta myrull, passerte gruppa med 4 ungdomar oss på sin retur. Dei lurte sikkert på kva i alle dagar vi haldt på med? Det var nok ikkje siste gangen dei lurte på det….

Vi klarte å bryta opp, la myrull vera myrull, og koma oss vidare på heim. Det vart himla varmt å gå med sola rett i mot. Vi hadde bomma litt på kor mykje drikka som trengs på ein tur i slik varme som det var no. Vi gjekk likevel på og snart låg vi framom ungdomane igjen, då dei måtte ta pause og. Då vi nærma oss den siste bratte fjellsida gjekk det så på stumpane med drikka at vi måtte dela broderleg på dei siste restane med varmt vatn som var igjen i termosen min!

Og medan vi stod her ved foten av fjellet og prøvde å ikkje søla våre siste, dyrebare dråpar på bakken, fekk Kari auga på «drivveden» ho hadde sett seg ut når vi gjekk andre vegen. Ho plukka opp dei små stubbanen ho ville ha med seg heim, kikka seg rundt, fekk auga på den STYRSTE stubben ho såg og sa: «Den var fin, Anita, den må du ha med heim på terrassen din!» Eg såg på utysjet: «Den store der, den har eg ikkje plass til i sekken eller til å bera?» «Joda, den MÅ du ta med deg. Du klarar det! Den kjem til å bli så fin – sjå den kvite, flotte fargen!» Og la det vera sagt – Kari har auge for dette og kan dette med å dandera rundt stubbar, greiner, blomar, steinar og slikt. Eg er ikkje så flink til slikt, men prøver å læra og ta til meg gode råd. Så når Kari sa at den måtte eg ta med og at den kom til å bli fin, ja, då måtte eg jo tru på det 🙂 Men korleis i helsike skulle eg få den med meg????

Jau, då var det berre til å leggja jaktbyttet på nakken 🙂

Needles to say, så hamna eg no bakerst i køen. Ungdomane hadde og passert oss igjen. Kari gjekk foran meg, kikka seg tilbake og lo så ho haldt på å tissa på seg over dette spetakkelet som kom pustande, pesande og sytande bak ho. Som om det ikkje var varmt og tungt nok frå før! Lene, som ikkje hadde plukka med seg nokon ting som helst, dansa oppetter lia. Vi konkluderte med at ho sikkert var flau over oss, og ikkje ville bli sett i  lag med dette fylgjet 😉 Eigentleg skulle ho, som ikkje tok med seg ekstra vekt, ha måtta stått igjen å venta 15 min. før ho fekk gå opp bakken – i allefall etter 71 Grader Nord reglar.

Midt i bakken måtte vi forbi 2 av ungdomane, som hadde tatt pause. «Kva SKAL dåke med dei pinnane??» «Dei skal vi ha med heim og pynta i hagen – det blir så fint atte», kvitra Kari. «Pass dåke så dåke ikkje blir spidda!», pesa eg fram i det eg passerte…

Endeleg snart oppe! Anar ikkje kvifor eg gliser slik – det var eit sabla strev i varmen 😉

Å, endeleg flata det ut! Vi fann Lene og resten av ungdoman hengslengt langst vatnet. Her flata vi og ut, fekk av oss sko og sokkar, vassa uti vatnet og fekk avkjølt beina. Det var avkjølande og godt, men vi vassa ikkje så lenge om gangen – det var tross alt iskaldt brevatn. Damene i ungdomsgjengen derimot – vassa rett uti og dukka til halsen utan å utbryta så mykje som eit lite «brrr» eingang» Eg er imponert!!

No hadde vi berre igjen å gå bort til demninga før vi nådde bilen. Det var tre varme, slitne, men nøgde damer som endeleg var ferdig med turen. Vi lurte på om vi fekk plass til jaktbyttet mitt i bilen, og Kari fekk grei beskjed om at det var ho som måtte vika plassen sin hvis ikkje 😉 Men, vi fekk alt med 🙂

På veg heim måtte vi stoppa og senda Lene ned i elva for å henta vatn, litt dehydrerte som vi var blitt. Forhåpentlegvis har vi lært til neste tur at vi må ha med myyyykje drikke når vi går så lang tur i varmen 🙂

Kusine Lene har allereie bestemt at ho skal gå turen fleire gonger – då skal ho be med seg systrene. «Då må du, Anita….» «Hæ, må eg vera med då og??» «Ja, sjølvsagt – det er jo du som er familieguiden til Svelgabreen!» 🙂

PS! Ein ting å huska hvis du plukkar med deg myrull – den røyter VELDIG! Ikkje berre fauk det myrull rundt meg på turen heim. Bilen er sikkert full av myrull (eg køyrte heimover med ein som landa på nasen), gangen er sikkert full av myrull, då eg skulle dusja fann eg myrull under armane, i trusekanten, i BH’en etc. I dag gjekk eg ein runde rundt huset og alt av spindelvel kom tydeleg fram no som alle har klart å fanga opp myrull… Men, restane….

…..dei står her 😉

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.