Dett var dett – så raskt var ferien over og eg er tilbake på kontoret 🙂 Det vart 2,5 forholdsvis aktive veker og 0,5 veke som eit slakt i solstolen 😉 Den siste turen vi var på i ferien før varmen tok oss, var ein tur langs kanten av Insta Møsevatnet onsdag 24.juli. Det har rett og slett vore for varmt og fint til å sitja inne og laga blogginnlegg om denne turen den siste veka, men her kjem det…
Eg har forøvrig vore langs kanten av Insta Møsevatnet tidlegare og eg, noko ein faktisk kan sjå i Norsk Ukeblad denne veka….
He-he 🙂 Vart kontakta av ei dame forrige haust, som hadde sett nokre av bileta mine på Bobla og lurte på om ho kunne å bruka eit par i eit innlegg om Sunnhordland ho skulle laga for Norsk Ukeblad. Hadde nesten gløymt det, men her er eg altså – hoppande glad 😉 Eg fann forøvrig ikkje Norsk Ukeblad på Spar i dag, så biletet måtte eg få tilsendt av Ann Irene 😉
Men den hoppande turen har eg sikkert skrive om på Bobla tidlegare – no tilbake til forrige onsdag.
Det var meldt ofseleg varmt ver den dagen, så Ann Irene og eg tenkte det ville vera behageleg å gå tur langs Insta Møsevatn. Vi har heller ikkje sett kor stien med alle vardane fører hen tidlegare, så det fann vi ut vi skulle finna ut denne dagen.
Vi køyrte heimante i skodda og parkerte ved Insta Møsevatet i strålande sol og blå himmel 🙂
Turen gjekk då på venstre side av vatnet denne dagen.
I byrjinga virkar det som om det er «kvar mann sin varde», for her ser ein vardar overalt. Det er og diverse stivalg – i den grad ein bryr seg med å velgja sti i det heile tatt. Vi valgte å fyrlgja ein sti…
…som vi fann ut slutta utpå denne haugen.
Men denne dagen hadde vi ikkje tenkt å gje oss her. Vi såg at på toppen av fjellet vi gjekk langs, var det og små vardar. Så då måtte vi koma oss opp i høgda. Sidan vi ikkje såg noko sti vidare her, gjekk vi rett og slett berre opp fjellsida der kor det såg greit ut å koma seg opp.
Vi måtte over denne moseplassen før vi kunne byrja gå på opp. Syntes det vart litt fine fargar på dette biletet 🙂
Det tok ikkje altfor lang tid å koma opp til varden.
No var vi komen opp på toppen av fjellet, men vi kunne framleis sjå div. små vardar vidare bortetter fjellet mot Møsebreen. Men det var ikkje alltid så lett å sjå neste varde og heller ikkje noko sti. Og det var ikkje alltid vi syntes vardane stod logisk plassert. Men som er sa til Ann Irene: «For alt vi veit så er det ikkje sikkert vi tar alle vardane i rett rekkjefylgje, det er heller ikkje sikkert at alle høyrer til same tur». Det er nemleg ikkje noko anna merking på dette fjellet. Men vi gjekk no på fram 🙂
Tilbakeblikk 🙂
Vi bestemte oss for å ta ei lita pause før vi «klatra» vidare. Det viste seg nemleg at vi hadde bomma litt når vi trudde det kom til å vera litt kjøligare her oppe – det var VARMT!
Ikkje fullt så spretten som på turen på bilete i Norsk Ukeblad, men lika fjollete 😉
«Skal du ha med deg sjokolade på ein dag som dette??» Eg trur ikkje Ann Irene forstod spørsmålet, for sjølvsagt skulle ho ha med sjokolade! Den måtte ho sleika i seg….
Eit lite stykke Noreg – dagens fyrste reklame.
Ann Irene skuar mot Møsebreen før vi fortsatte turen vår.
Slike små idylliske stadar dukka opp både her og der oppå fjellet.
Etter å ha fortsatt eit stykke til litt opp og ned, kom vi til ein plass vi måtte ta i bruk både bein og armar for å koma oss opp. Framfor oss såg det ikkje ut til å bli noko mindre klatring. Vi vart overraskande kjapt einige om at her måtte vi snu. Vi kunne nok kome oss opp til varden vi såg, men vi såg ikkje korleis terrenget var etter den – kanskje det vart enda vanskelegare klatring? Og vi skulle tross alt ned att etterpå. Vi fann ut at det mest fornuftiga er å høyra med nokon som har vore her før om korleis turen er vidare før vi evt. prøver oss på denne turen på nytt. Så hvis nokon kjenner denne turen, så gje oss gjerne ein lyd.
Sånn oppi her ein plass fann vi ut at det var mest fornuftig å snu:-)
Vi valgte altså å snu og gå tilbake. Men vi gjekk ikkje ned fjellsida vi kom opp no. Det viste seg, som vi ana, at vardane og stien gjekk oppå fjellet lenger utover. Så då fylgde vi sjølvsagt dei 🙂
Etter ei stund kunne vi kikka ned på Blådalsvatnet 🙂
No hadde vi surrar rundt så lenge at vi byrja bli skikkeleg svoltne. Vi fann oss ein plass vi syntes var ein finn stad å ta pause..
….og kor vi kunne kikka bort på Møsebreen.
Medan Ann Irene…
….tok kjøkentjenesta med å røra i betasuppa…
….var eg opptatt med å dandera dagens andre og siste reklamesnutt 🙂
Mmmmm…smaka godt med suppa og rundstykke her og 🙂
Vi sat ei god stund og naut maten og sola på pauseplassen vår, men så måtte vi ta fatt på siste etappe tilbake til start. Det viste seg at vardane og stiane tok oss ganske langt utover fjellet igjen, før det gjekk litt bratt ned mot demninga igjen. Litt før vi var nede att, kom vi inn på same sti som vi gjekk på då vi starta turen.
Utsikt på veg ut fjellet.
Vi syntes vi hadde hatt ein veldig fin tur då vi kom attende til bilen. Slik vi valgte å gå vart det jo ein slags rundttur – inn «nedre veg» og attendte «øverste veg». Men no veit vi og at vi kan gå opp på fjellet nesten heilt i byrjinga av turen. Det vi framleis ikkje veit er kor langt det er sti og vardar, men ein skal ikkje sjå vekk i frå at vi finn utav det ein anna gang 🙂