Fyrste teltnatt aleine :-)

Det fyrste eg gjorde når eg gjekk på ferie i år, var å bestilla meg eit nytt, lite telt. Nok ein «har lyst på» ting – ikkje noko eg treng. Men ein finn jo alltids gode grunnar til å kjøpa slike «har lyst på» ting: Bergans teltet er så lavt at det kan ein ikkje sitja oppreist i, noko som er irriterande. Det er altså eit godverstelt ein kun brukar til å krypa inn i når det er på tide å sova. Så har eg eit telt eg kjøpte på Europris, som eg faktisk er kjempenøgd med. Det har stort «soverom» og eit nesten like stort oppbevaringsrom. God takhøgda er det óg 🙂 Har ikkje prøvd det i regn og heller ikkje i noko særleg vind, men det er brukt til fjells og det har funka fint. God lufting og null kondens. Men, det er alltid eit men, det er noko stort og tungt å bera på ein tursekk.

Så det er altså det eg har kjøpt meg no -eit lite og nett telt til å bera med i tursekken 🙂 Og har ein kjøpt nytt telt, så får ein bruka det óg. Nett det fann eg ut at eg skulle gjera i går 🙂 Eg skulle leggja ut på Anitas einattsekskursjon 🙂 Og ikkje nok med det – det var min aller fyrste overnattingstur ute i telt aleine!!

Eg pakka sekken så lett eg klarte. Det er og ein ting eg må øva på, turvenene mine plar le av sekken min og alt eg meiner eg treng ha med på tur. Eg kan nok ikkje klandra dei for det 🙂

Planen var å finna ein plass å setja opp teltet på Hauglandsfjellet. Då måtte eg koma meg opp dit fyrst….

Her i sving nr. 2 gjekk det opp for meg at vannflaska eg skulle ha opp skogsvegen låg igjen i bilen….

Sjølv utan drikke (eg hadde hatt i sekken hvis eg absolutt MÅTTE ha påfyll) gjekk det rimeleg greit å koma seg opp på fjellet….

….og eg satsa på å finna meg ein fin teltplass ein eller anna plass på, eller mellom toppane utover fjellet.

Utpå enden der såg det jo fint ut? Takk og pris for at eg ikkje gjekk heilt ut der, men fann meg ein plass nett nedanfor der eg stod og tok biletet.

Og no starta sirkuset! Eg veit ikkje heilt om eg var så opptatt av å finna teltplass at eg ikkje registrerte at det bles noko voldsamt her oppe, eller om vinden brått tok seg opp. Det bles i allefall noko inni hampen når eg skulle prøva å få opp teltet. Eg burde jo ha tenkt at det ikkje gjekk i frå byrjan av, men eg skulle liksom ikkje gje meg heller 🙂 Om nokon såg meg, så hadde dei god underhaldning ein 15-20 minuttar 🙂 Eg, innertelt, yttertelt og teltstenger kjempa om kapp i vinden – det er mykje godt ikkje heile driten flagra avgårde. Gud helpe meg for eit spetakkel! Til slutt måtte eg bita i det sure eplet og vedgå at dette var ei umogleg oppgåva. Det var berre til å stappa heile skiten i sekken og rømma nedover skogsvegen att.

Men eg var ikkje heilt klar til å gje meg på tap – sjølv om eg tenkte tanken på gå heim og slå opp teltet i stova 😉

Det bles godt nedover skogsvegen óg. Eg gjorde eit siste forsøk på å finna ein plass å slå opp teltet ved å gå til endes av ein stikkveg halvvegs ned skogsvegen. Eg hadde no altså gått meir enn halvvegs tilbake dere eg kom i frå! Sjølv om eg gjekk i shorts og singlet var eg no både sveitt, forkava og ein smule sur….

Det bles litt mindre inni skogen her, så eg gjorde eit forsøk….

Høgt gras, men flatt – og yohooo – ekstra botn og innertelt står stille 🙂

Jammen fekk eg på ytterduken óg. Men eg gjekk tom for teltpluggar??? Eg hadde brukt for fleire, blandt anna skulle eg ha festa eit tau og teltplugg bak ved ventilen her…

….og, ha-ha, takk og pris at eg ikkje skulle setja opp teltet i ein teltleir – dette ser noko slurvete ut. Men, som sagt – eg gjekk tom for teltpluggar og hadde ikkje igjen til å festa her framme. Anten så har eg fått for lite med eller så er det tenkt at ein ikkje treng festa botn/innertelt med pluggar når ein har ytterteltet på – då står jo innerteltet av seg sjølv uansett. Eit tredje alternativ er jo at det ligg nokre teltpluggar igjen på den fyrste teltplassen eg fann 😉

Okkesom, det fekk berre vera. No kom regnet, teltet stod, eg ville inn!

Og no fortjente eg faktisk ei Cola 🙂

Eg fekk på plass liggjeunderlag, fekk på tørre kler og soveposen. Eg trur sjølv at eg ikkje er så veldig mørkredd, men ein veit jo sjølvsagt aldri. Det eg var mest redd for var at eg skulle kjeda meg…

….så eg kjøpte bok på 591 sider og tok med meg 🙂

No vart det jo retteleg så koseleg i teltet mitt. Eg var litt redd eg måtte ut å justera på ytterteltet, men det slapp eg. Regn og vind ute – koseleg og varmt inne 🙂

E-bay lyspæra til 2 kroner og 50 øre funkar framleis bra og gav…

….greit leselys. Etter ei stund måtte eg hjelpa til med hovudlykta 🙂

Så skulle ein jo tru at eg nytte skogens ro, meeeeeen heilt roleg var det jo ikkje. I tillegg til regn og vind så høyrer ein Uskedalselva utruleg godt her oppe! Og så var eg innanfor mobildekningsområde…. Det gjekk litt tid med til chatting både på Snap og Messenger 😉 Men kl. 2330 vart det stille på den fronten, det vart vanskeleg å lesa – då var det ikkje anna å gjera enn å prøva å sova.

Å seia at eg sovna momentant, er vel ikkje heilt sant. Det vart litt musk og endring av liggestilling og det vart så varmt at den tynne dunjakka eg hadde tatt på måtte av! I tillegg måtte eg overbevisa meg sjølv om at eg slett IKKJE måtte tissa. Overraskande nok, så funka det.

Men tilslutt må eg ha sovna og då vakna eg ikkje før kl. 0430, for så å slumra fram til vekkerklokka ringte kl 0545 – eg har ikkje slått den av i ferien 😉 Kl. 0600 var ein anna morgonfugl vaken på Messenger, så då var eg igrunnen ferdig med natta 🙂

Litt vind, men ikkje regn denne morgonen 🙂

Teltet var kliss blaut utanpå, og eg håpa vinden ville tørka det opp no når det ikkje regna. Men det gjekk seint… Heldigvis sjekka eg YR etter ei stund, og dei påstod faktisk at det skulle koma meir regn før sol. Eg treng i allefall ikkje meir regn på teltet no, tenkte eg, så då pakka eg i samen sakene mine…

…..kun teltet igjen å ta ned her.

Spaserte nett ein tur ut på kanten for å ta eit morgonbilete av Uskedalen 🙂

Akkurat no var det heilt greit at eg ikkje hadde slått leir så veldig langt oppi skogsvegen – no var det ikkje så lang veg ned att til bilen 🙂 Nett ein passeleg morgontrimtur 🙂

Både regnet og eg ankom heimen i halv 9-tida 🙂 No har eg fått i meg frukost, er nydusja og venter berre på at sola skal koma slik at eg kan få tørka teltet 😉

Det gjekk jo veldig fint å vera på overanttingstur aleina 🙂 Det skal eg nok prøva meg på igjen – eg må berre passa på at det ikkje bles så mykje 😉 Men det er jo sjølvsagt koselegast å vera fleire i lag på tur der ein blandt anna sit rundt bål, lagar seg mat i lag og pludrar om mangt og mykje 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.