Eit lite versomslag og vips så vart det til at nesten to veker vart tilbrakt inne på sofaen med hosting og harking. Dvs. eg gjekk på jobb, men resten av døgeret vart tilbrakt på sofaen. (Ja, enkelte netter sat eg og sov i sofaen)…Okkesom, natt til fredag klarte eg å opphalda meg i senga heile natta, og med det erklærte eg meg for så godt som frisk att. Og når ein er frisk har ein lov å gå ut. Sendte ein litt desperat snap til Ann Irene og inviterte ho med på skogstur på laurdag – ho var ikkje vond å be. No hadde eg site inne på ræva såpass lenge at eg tenkte ein liten spasertur i Bondhusdalen var passeleg langt nok.
Bondhusdalen er ein populær turplass for folk i alle aldrar. Her er det veldig fint og lett å gå, og så er det passe langt inn til vatnet. På fine dagar, som på laurdag, er vi jo heller ikkje uvane med å måtta dela dalen med andre. Men du verden kor mykje folk det var på tur her på laurdag! I alle aldrar og fasongar, gåande, syklande, i rullestol, i barnevogn – vi traff til og med ein på skateboard! Folk frå heile Noreg, og resten av verda. Jammen santen – kven skulle trudd at Bondhusdalen skulle enda opp som den mest internasjonale delen av Kvinnherad?
Vi klarte faktisk å finna ein ledig parkeringsplass. Det var nok fordi at då vi ankom litt før tolv, var enkelte turgåarar allereie ferdig med turen og på veg til å forlata dalen.
Med tanke på det er skriv ovanfor, så ser eg at dette biletet ikkje passar heilt inn. Eg er litt overraska over at eg har klart å ta dette biletet utan å få med andre enn Ann Irene. Det må neste ha vore det lengste stykket vi gjekk utan å ha folk foran oss, eller bak oss.
Sommaren kom på visitt att denne helga, så det var ein flott turdag.
Det var vakkert inne ved vatnet denne dagen. Her måtte vi og jobba litt med å få tatt bilete utan å få med folk. Det sat og stod folk overalt!
Her var det rett og slett ikkje plass til oss nokon stad, så vi bestemte oss for å gå rundt vatnet og bort på stranda – der hadde eg faktisk ikkje vore før.
Ann Irene kikkar bort på brea – det vetle som er igjen av den 🙂
Det oppstod eigentleg eit lite skilje her ved byrjinga av vatnet. Her var det den eldre garde som råda, medan når vi no bevega oss mot andre sida, var det dei yngre «instagrammarane» på jakt etter det perfekte biletet som tok opp plassen. Vi rekna oss og i den kategorien i går 😉 Skilnaden på oss og dei andre var at vi visste at vi kom til å sjå mindre og mindre av brea dess nærare vi kom – dei trudde nok dei skulle komma tettare innpå. Det gjer ein jo forsåvidt, men du ser jo ikkje brea på denne sida av vatnet. Med mindre du veit kor du skal gå, men den hemmelegheita held vi for oss sjølve 😉
Mykje vatn i elva frå Fynderdalen.
Her sat det og mykje folk på kvar ein stein…
….den vanlege vegen vidare var nemleg litt våt…
Nokon valgte sikkert difor å enda turen her…
….andre hadde laga provisoriske måtar å kryssa elva på. Eg skal ikkje påstå at Ann Irene ikkje er snedden og elegant, men dette såg mykje lettare ut då ei lita spanjoldame (?) halvparten av vår størrelse spratt over foran oss 🙂 Eg kikka opp då eg var halvvegs over – og fekk akkurat med meg mageplasket til ein som prøvde å gå den oversvømte vegen tilbake….
Vi kom oss trygt over, og kunne fortsetja turen mot stranda. Eg har ikkje noko godt svar på kvifor eg ikkje har vore så langt rundt vatnet tidlegare, men no var eg faktisk på ukjent grunn. Det var veldig fint på denne sida.
Det gjekk litt opp og ned og snart kunne vi kikka ned på stranda.
Og her låg den og, ja – ein av Noregs mest fotograferte robåtar 😉
No kunne eg nesten ta ned på stranda, og vi hadde berre nokre meter igjen. Problemet var at «hovudstien» framleis gjekk på opp – og Ann Irene peisa på. «Hallo! Trur du ikkje vi no skal ned og ikkje opp?» Prøvde eg meg på. «Nei, du ser vel at det ser ut som om det er her alle har gått? Vi skal sikkert litt opp for å kryssa elva». Eg kikka ned og såg at eg kunne kryssa elva med to skritt, men kva visste vel eg, eg hadde jo aldri vore her før. Det hadde Ann Irene…
Det var ein veldig fin og brei sti vi fulgte oppover, men dette var så ulogisk for meg at heile kroppen stritta i mot. Eg hadde berre gått nokre meter før eg igjen protesterte. «Dette ER heilt feil! Dette må vera ein gamal sti til Fynderdalen!»Men eg snakka for døve øyrer. Så då vart det til at eg sat meg på bakbeina medan Ann Irene berre skulle gå litt til for å prova at stien sikkert snart svinga og gjekk over elva. Eg visste med heile meg at det ikke kom til å skje. Eg visste og at det kom til å bli ei umogleg oppgåva å få ho til å snu og koma tilbake all den tid det var slik ein fin sti som svinga seg oppetter. Det var då eg kom på at eg kunne sjekka på Norgeskartet kor vi eigentleg var på veg hen.
«Nedstasætret», var vi på veg mot. Det gav meining. Ann Irene hadde sjølvsagt og innsett at ho ikkje var på veg mot noko strand og ringte for å skryta av kor fin stien lenger framme var. Vi kjenner kvarandre så godt at, som sagt, så visste eg at det var umogleg å få ho til å snu – ho visste at om ho berre lirka og godsnakka litt, så kom eg til å koma etter 🙂
Brått stod vi her.
Vi gjekk litt lenger enn dette, sjølv om det var ganskje tydeleg at vi ikkje kom til å sjå noko til brea her inne…
….for den ligg klemt inn mellom fjella her. Skal ein få sett noko til brea må ein…
…..sikkert gå ganske langt opp fjellsida her!
Her måtte eg nok eingong setja meg på bakbeina. «Ann Irene, sjå rundt deg – trur du at vi finn ein plass å eta nista vår i denne fjellsida omringa av skog??» Det måtte ho seia seg eining i at det var liten sjanse for. Ho ville berre gå litt til for å sjå om ho fekk utsikt mot brea. Eg trudde ikkje det kom til å skje, så eg snudde, gjekk litt tilbake, sat meg på ein stein og mekka meg ein solbærtoddy medan eg venta på at ho skulle koma tilbake. Det skjedde overraskande fort, ho hadde innsett at skogen vart for tett. I mellomtida hadde eg guida to unge utanlandske menn inn på same sti, men med advarsel om at eg ikkje trudde dei kom til å sjå noko anna enn skog.
Ann Irene og eg var einige om at vi hadde,tross alt, hatt ein fin tur opp hit, men at det no var på tide å koma seg til turens eigentlege mål – stranda. På veg ned att traff vi nok eit par. «Will we be able to see the glacier at the end of this trail?». «No». «Oh, but will we get a view of the lake and valley?» «No». Stakkars, vi tok nok heilt motet i frå dei 😉
Herifrå derimot, fekk vi ein liten glytt av Bondhusvatnet. Og, dette skulle Ann Irene ha visst på laurdag, denne store steinen må vera Sælsteinen 🙂
Endeleg nådde vi stranda! Og då var det berre til å flata ut 😉 Og medan Ann Irene låg langflat og fotograferte…
….tok eg fram stormkjøkenet og kokte semulegrynsgraut 🙂 Laurdag er laurdag 🙂
Her var det no vel fint!
Akk, det var flott å sitja her i sola, få i seg litt mat og drikke – og kikka på alle andre som var her. For dette var reine sydenstranda 🙂 Ein gutegjeng bada til og med. Det kom og gjekk folk heile tida. Då vi reiste oss og skulle gå, sat det sikkert 15-20 pers på ei rekke bak oss og sola seg 🙂
Eg, som ikkje hadde bevega meg på nokre veker, tykte det kunne passa å ta på seg ei T-skjorte som gav sjølvtillit denne dagen 😉
Dette biletet synes eg vart så fint – det er like i nærleiken av stranda.
Sjølv om det no var blitt ettermiddag, og vi var på veg heimover, strauma det på med folk som framleis kom andre vegen. Eg la ikkje merke til det når vi gjekk andre vegen, men no stod det folk å fiska rundt heile vatnet. Ein av dei fekk ein fin fisk akkurat i det vi passerte. Ved enden av vatnet var det no ei salig blanding av pensjonistar og barnefamiliar, og grillukta låg lavt over vatnet. Det sat folk på kvar ei tua og stein 🙂
Eg er ute etter å få eit portrett av dette dyreslaget som eg kan fortsørra opp å henga på kjøkenveggen. Dette vart ikkje så verst, men småen i bakgrunnen nekta å flytta seg sama kor mykje vi hysja 🙂
1630 var klokka då vi kom ned att til bilen, så den velte opptreningsturen eg skulle på, var blitt ein smule lengre enn tenkt. Men det er jo ikkje så uvanleg at våre turar ikkje blir heilt som planlagt 😉
Dette var ein veldig fin tur i strålande ver, og vi fekk til og med sett ein ny plass 🙂 Men det vart rett og slett litt for folksamt for meg. Eg trur ikkje eg kjem til å ta så mange sommarturar til Bondhusdalen lenger hvis dette der utviklinga. Og no er vi faktisk i slutten av august og ikkje midt på sommaren eingong. Det er kjekt at andre oppdagar kor fint vi har det, og vil gå tur her, men vi er ikkje så glad i gå tur i kø, så det spørs om ikkje dette kjem til å bli ein høst-/vinter-/og vårturplass for oss no 🙂
PS! Står det skilt nokon plass om at alle (unge) menn må ha hipsterskjegg for å gå tur i Bondhusdalen?? På laurdag trur eg 95% av dei vi traff hadde det 😉