Det einaste som er blitt pakka denne helga…

er tursekken 🙂 Lørdag skein endeleg sola att, så då var det berre å gje seg sjølv eit spark bak og koma seg uti frisk luft. Det er lenge sidan eg har vore på ein lengre fjelltur, så no ville eg prøva meg ein tur opp Ståle sin veg til Storhaug.

Strålande flott når eg starta turen 🙂

Eg følte meg eigentleg overraskande sprek i går – det må ha vore sola som spela meg eit puss 😉 Oppover skogsvegen måtte eg til og med halda litt igjen så eg ikkje skulle gå på ein smell før eg kom halvvegs. Og når eg klarte å halda eit passeleg rusletempo, melkesyra haldt seg vekke og eg ikkje byrja koka i topplokket, så gjekk det ganskje greit oppover fjellsida 🙂

Det er ikkje mykje vinter vi har hatt nede i bygda i år – det var det ikkje i går heller.

Litt meir vinterstemning når eg kom lenger opp…

Og dei siste svingane mot toppen måtte eg gå i snø.

Vel oppe på fjellet var det i allefall skikkeleg flott vinterstemning 🙂 Eg hadde eigentleg tenkt å gå bort til Mannsvatn og ned Pålen sin veg heimatt, men så ombestemte eg meg og gjekk…

…motsatt veg bort til Storhaug.

Det er ikkje så ofte eg går denne vegen heimover. Det er ikkje ein av mine favoritt stiar. Men så tenkte eg at dette blir vel kanskje mi nye «leikegrind» snart, så då er det berre til å venja seg til denne stien fyrst som sist. Det hadde nok vore eit snøfall om natta og ein liten augneblink lurte eg på om det var lurt å gå denne vegen om ingen hadde trakka spor før meg – ville eg då kunna rota meg vekk? Men så måtte eg le litt av meg sjølv, for det ville jo tatt seg ut og vore direkte pinleg om ein måtte senda leitemannskap på leit etter meg her – for kven er det som sist gjekk med ræva i veret og T-merka denne stien, mon tru? 😉 No vart jo uansett ikkje dette noko problem iom at det hadde vore folk å trakka opp stien før meg….

Ahh, eg var veldig nøgd med turvalet i går 🙂

Uskedalen i sikte 🙂

Det er ein langt og kjedeleg sti nedover….

….men endeleg nådde eg Ådnaklett.

No hadde det sjølvsagt vore smartast å gå ned Tormod sin veg for å korta ned vegen opp dalen igjen for å henta bilen. Men eg valgte å gå mot Halsatoppen…

….ta ei lita kakaopause der….

….medan eg kikka utover bygda 🙂 Og ja, alle skjønar vel at eg var mest interessert i å kikka ned på min komande nye heim som berre ligg eit steinkast unna 😉

Til slutt tusla eg ned i frå Halsatoppen, gjekk over Dønhaug og så måtte eg spasera opp dalen att for å finna igjen bilen.

Dette er ein fin rundttur. I går var eg mest nøgd med å koma meg opp på fjellet framleis med tunga inni munnen og ikkje hengande utforbi… Men eg må vedgå at kroppen ikkje er heilt klar for slike utflukter enda – det verka både bein og rygg i går kveld. Men pytt sann…kjem seg vel det når eg får bevega meg litt meir utover våren 🙂

I dag hadde eg lova Ann Irene at vi skulle på tur. Det var ikkje aktuelt å gå fjelltur i dag og, så i dag forlanga eg at ho fekk rota fram skia sine. Sola var ikkje framme i dag, og det var meldt snøbyger i fjellet, men det hefta oss ikkje 🙂

Det var eit fornøyeleg syn som møtte meg når eg svinga inn på tunet til Ann Irene i dag – der stod ho klar og haldt på skia sine. Eg tur faktisk aldri eg har henta Ann Irene med ski før 🙂

Vi hadde ikkje tenkt oss på langtur i dag, så vi køyrte bort til Bjørnebølsfossen og sjekke forholda der. Det blas nokre gode råser innimellom, men det var jo ikkje så kaldt, så vi bestemte oss for å ta ein liten skitur på flata der.

To damer som var nøgd med å koma seg på ski etter gamalt 🙂

Det er jo ikkje så lange turen frå parkeringsplassen og bort til hyttene så det gjekk ganske kjapt å koma seg att og fram. Den store bøygen for oss begge er nedoverbakkane, så når vi fann ein bakke så nytta vi sjansen til å øva oss i den. Opp og ned, opp og ned – nett som ungar haldt vi på – to middelaldrande damer som øvde seg på ski 😉

Men sjå kor gøy vi hadde det 🙂

Vi hadde sjølvsagt ved med oss for å tenna bål, men når vi syntes vi hadde øvd nok på ski, så fann vi ingen plass i le kor vi kunne sitja ned. Då var det berre å pakka i bilen og køyra litt nedover for å sjå om vi kunne finna ein anna plass som passa….

…og før vi ana ordet av det, så var vi her – ved grillhytta i Matre 🙂

Og her var det vindstille og fint! Vi har faktisk ikkje stoppa ved denne grillhytta før, kun køyrt forbi.

Stor og fin grillhytte dette, med plass til mange.

Fyrmeister Ann Irene fekk fyr på grillen…

….så så kosa vi oss…

….her ei god stund 🙂

Eg tru eg hadde hatt nok gjær i pinnebrødet…..

Før vi køyrte heim att, måtte vi sjølvsag skriva i gjesteboka 🙂

Dette har vore ei heilt tipptopp helg og det var godt å koma seg ut att etter litt for mykje innesitjing 🙂 Håpar på fint ver frametter slik at vi kan byrja tursesongen skikkeleg 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.