Det er 1.april i dag….

…og ingen ville vel trudd meg hvis eg sa eg har tilbrakt dagen med sightseeing på Tysnes – om ikkje eg hadde hatt bileteprov – og det har jo sjølsagt 🙂

Når Ann Irene ringte på torsdag og lettare desperat utbraut «Vi MÅ finna på noko på laurdag!», valgte ganske enkelt å ta ein «snakk med min onkel, jai ikke forstå norsk» variant og ba ho ringa Marit, så fekk dei leggja ein plan. Så kunne eg berre gli under pleddet på sofaen igjen og fortsetja å glo på ein eller anna Netflixserie medan eg venta på beskjed om kva dei hadde funnet på. Og det skal dei ha – av og til er damene ganske så kreative. I går kveld fekk eg nemleg beskjed om å vera klar kl 0945 i dag tidleg, for vi skulle nemleg på utflukt til Tysnes! TIL TYSNES?

Vel, vel, det var jo ikkja anna å gjera enn å vera klar kl. 0945 i dag tidleg, slik eg hadde fått beskjed om. Ann Irene skulle vera guide, for ho er forholdsvis godt kjent på Tysnes, Marit har vore der nokre få gonger, eg har sett kor Tysnes er på kartet… Så vi var både spente og klare når vi køyrte ombord på ferja på Årsnes. Eg er likevel litt usikker på korleis dette såg ut frå utsida av bilen, for brått stod det nokre snodige, kledde unge damer – dvs. det var vel berre ei av dei som var snodig kledd – og banka på vindauga vårt og lurte på om vi hadde brukt for Lothepuskondomar??? «Det vil overraska meg stort», svara eg, men kven veit kva som kan skje på Tysnes?? Eg trur i utgangspunktet jenta var satt til å selgja desse kondomane, men ho var så ivrig på å bli kvitt dei at brått sat eg med desse….

….i fanget utan at vi hadde brukt ei krona….

Kva skal eg seia – no var vi i allefall på veg til Tysnes, godt forberedt på det meste….

200 meter etter vi køyrte i land på Gjermundshamn var eg allereie på nye vegar….

…..og snart på veg til handlemetorpolen Våge. Ja, for damene hadde bestemt av vi skulle starta dagen med shopping på Våge.

Yoohooo – A. Enæs, 47, snart på veg over Lukksundsbrua for fyrste gang i sitt liv 🙂

Nøgd sjåfør og guide for dagen, Ann Irene 🙂

Det var jo litt avstandar på Tysnes og eit stykke å køyra til Våge, men då fekk vi jo sett oss litt om på vegen. Og det må eg vedgå, det var jo ganske fint på denne sida av fjorden og.

Omsider var vi framme og klar for å sjå kva Våge sentrum hadde å by på. Det er i grunnen ganske enkelt å summera opp…

….her har eg fotografert damene i Våge sentrum – og eg trur eg har fått med det meste bortsett frå ein leikebutikk og kombinert klebutikk/treningssenter/kaffikrok på andre sida av vegen. Men vi treng ikkje så mykje for å kosa oss, vi. Ann Irene handla seg ein taustige, Marit nye glas og eg fann ei flaske med noko eg ikkje har smaka før på Polet. Polet på Tysnes – kan det vera Noregs minste, mon tru??

Ferdig med shoppinga forsatte vi turen mot Onarheim. Her skulle vi på fjelltur til Blåbærtoppen, men fyrst ville Ann Irene visa oss Årbakka…

Her må det ha foregått mykje opp igjennom tida. Eg tok meg ikkje bryet med å lesa teksten, men utifrå bileta er det tydeleg at her har sjørøvarar grove ned ein skatt, vikingane har hatt tilholdsplass her, Napolen med sin hær har masjert forbi og levert posten, medan lokalbefolkinga serverte kakao og brus frå Hansa.

Vi nøya oss ikkje kun med å ta ein kikk ute, for har du ei dotter som er sambuar med arvingen til dette, så ringer du sjølvsagt å får dei til å koma å opna opp og visa korleis det ser ut inne og 🙂

Fyrst fekk vi omvisning inne i den gamle butikken. Og det var ikkje noko Rema 1000 butikk dei hadde før i tida – det du ikkje fann her fann du sikkert ikkje andre plasser heller! Beltespenner, sko, hattar, nylonstrømper, glasrøyr til parafinlamper, skikk og bruk blad, hermetikk i bøtter og spann etc. etc.

Funkar med OMO óg – eg sat på ei maskin med klær før eg reiste heimante…

Etter at vi var ferdig i butikken, gjekk vi over i museumsdelen…

Og ikkje visste eg at Anne Knutsdotter kom i frå Tysnes…

Ferdig med denne kulturelle delen av turen, køyrte vi no vidare for å ta fatt på turen til Blåbærtoppen.

Grunnen til at denne turen var valgt, var enkelt og greit fordi det var den einaste turen guiden visste om. Tysnessåta sparar vi til Sivert Høyem blir med…

Det var ikkje den lengste fjellturen vi tok ut på, men akkurat passeleg når vi hadde brukt mykje av dagen allereie.

Heile turen går på ny, fin, grusveg. Litt bratt i byrjnga, men så flatar det ut.

Utsikt ned til Onarheim. Her hadde vi nok kunna sett heilt heim om det ikkje hadde vore for tåka.

Oppe på toppen, og her var det sjølvsagt bok vi kunne skriva oss inn i 🙂

Nistetid 🙂

Det var kjempefint på Blåbærtoppen! Her var det laga til med fleire sitjeplasser, to bålpanner og ein har, iallefall når det er klarver, utsikt både her og der. Eg tur vi må tilbake eingong for å sjå kva vi gjekk glipp av i dag 🙂

To fine damer på tur 🙂

Nøgd med dagen denne tøtta og. Her må eg vedgå at eg syntes at det passa å feira vår fyrste fjelltur i lag på Tysnes med å blesa opp ein ballong. Men vi hadde jo ikkje ballong, eller??? Men det spørs om ikkje eg må ta ein prat med Lothepusen for det er ikkje noko fleirbruksgummisak han sel…Den funka i allefall ikkje som ballong, så den måtte eg pakka ned att og sjå om eg kan bruka til noko anna…. 😉

No gjensto det berre å køyra over fjellet (her var det fine padlevatn) og ned til Våge att, før vi snudde snuten på heim. Og vi hadde tima turen fint – vi kunne meir eller mindre køyra rett på ferja når vi kom til Gjermundshamn 🙂

Dette var ein kjekk dag, med mykje nytt, lått og løye 🙂 Og, eg trur vi må tilbake til Tysnes fleire ganger – vi såg eindel turskilt på vegen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.